Kastesystemet

Kastesystemet finn vi i hinduismen. Det er mest vanleg i India, Pakistan, Bangladesh, Nepal og Sri Lanka. Men vi finn det òg andre stader i verda.

Nokre hinduar fell utanfor kastesystemet og blir kalla kastelause. Mange av desse går over til andre religionar som buddhismen eller islam.

Hellig mann hinduisme
Hellig mann hinduisme

Fire hovudkastar

Ordet kaste viser til ulike samfunnsgrupper. I 1963 vart det offisielt forbode å diskriminera nokon på grunn av kva kaste dei tilhøyrde, men kasta vart ikkje forbodne, slik mange trur.

Det finst fire hovudkastar og 3000 underkastar.

Dei fire hovudkastane er:

  • Prestar (braminar)
  • Herskarar og krigarar (kshatriyaar)
  • Bønder, handverkarar og handelsfolk (vaishyaar)
  • Arbeidarar og tenarar (shudraar)

Nokre fell heilt utanfor og blir kastelause (dalitar).

Kastesystemet hinduisme

Kastane har ulike plikter

Dei ulike kastane har forskjellige plikter:

Braminar (den øvste kasten) har som si viktigaste oppgåve å beskytte dei heilage skriftene – vedaene – og språket dei er forfatta på. Sanskrit er eit av dei eldste språka i verda.

Dei utfører også seremoniar til ære for gudane.

Ingen kan ete mat laga av personar med lågare kaste enn dei sjølve. Derfor har ein del braminar også vore kokkar. Dei fleste hinduane følgjer ikkje denne regelen i det daglege.

Kshatriyaar (den nest øvste kasten) skal halde orden i samfunnet og verne innbyggjarane. Mange har derfor blitt soldatar eller politifolk.

Vaishyaar (den nest lågaste kasten) har vanlegvis vore bønder, kjøpmenn og handverkarar.

Dei tre øvste kastane kan opparbeide seg ulike fordelar. Dei kan bli «fødde to gongar». Den andre fødselen er ein seremoni der dei mottar den heilage tråden. Denne ber dei over skuldra. No har dei rett til å få kunnskap om vedaene (dei heilage skriftene).

Shudraar (den nedste kasten) gjer arbeid som dei andre kastane ikkje gjer. Det kan vere å ta ansvar for søppel eller vere tenarar. Dei blir ofte sett ned på av andre hinduar.

Utanfor kastesystemet er dei kastelause (pariaar). Desse er ofte fattige og bur i eigne område. I dag kallar vi desse dalitar i staden for kastelause.

Utlendingar blir ikkje rekna som del av kastesystemet.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Hindu
Hindu

Kjelder:

  • Schackt, Jon: KasterStore norske leksikon på snl.no.
    Henta 2021 M10 07 frå
    https://snl.no/kaster

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images