Kastesystemet

Kastesystemet handlar ikkje om å kaste noko. Det er eit system i hinduismen der menneske får ulik verdi. Vi finn det i India, Pakistan, Bangladesh og Sri Lanka.

Hellig mann hinduisme
Hellig mann hinduisme

Fire hovudkastar

I fleire land er det forbode å diskriminera nokon på grunn av kasta dei tilhøyrer,  men det skjer likevel mange stader i verda.

Dei fire hovudkastane er:

  • Prestar (braminar)
  • Herskarar og krigarar (kshatriyaar)
  • Bønder, handverkarar og handelsfolk (vaishyaar)
  • Arbeidarar og tenarar (shudraar)
Kastesystemet hinduisme

Kastane har ulike plikter

Braminar (den øvste kasten) skal beskytte vedaene. Dette er dei heilage skriftene. I tillegg utfører braminane seremoniar til ære for gudane.

Kshatriyaar (den nest øvste kasten) skal verne innbyggjarane. Mange har derfor blitt soldatar eller politifolk.

Vaishyaar (den nest lågaste kasten) har tradisjonelt vore bønder, kjøpmenn og handverkarar.

Shudraar (den nedste kasten) gjer alle dei farlege og skitne oppgåvene. Dei kan jobbe med søppel eller vere tenarar.

Nokre hamnar utanfor systemet og blir kalla dei kastelause (pariaar). Dette er ofte fattige som bur i eigne område.

Dei som ikkje er hinduar, er ikkje ein del av kastesystemet.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Hindu
Hindu

Kjelder:

  • Schackt, Jon: KasterStore norske leksikon på snl.no.
    Henta 2021 M10 07 frå
    https://snl.no/kaster

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images