Sterke saker
Kjærleik er den aller sterkaste kjensla vi opplever. Han får oss til å gå gjennom eld og vatn. Kjensla av kjærleik er nøydd til å vera så sterk fordi han skal sørga for at mennesket overlever som art. Så viss du er forelska, og du kjenner at det handlar om liv og død, så har du heilt rett. Biologien har ordna det slik at det fløymer over av kjemiske stoff i kroppen din. Det er dette som skal sørga for at du ønsker å føra menneskeslekta vidare, rett og slett.
Forelsket par kysser bak hjerteballong
Kjemien tar regien
Kjærleiken gjer at vi knyter oss til kvarandre. Det er også kjærleik du kjenner når du klappar katten, får eit smil frå ein venn eller kven som helst i nærleiken av deg. Det er kjærleikens kjemi som står bak den varme kjensla. Så kvar kjem denne kjensla frå?
Katt på fanget
Adrenalin
Hjernen fløymer over av kjemiske stoff. Dei blir kalla hormon. Kjærleik i alle former spring ut av ein nøye oppmålt miks av ulike hormon som blir sleppte laus i kroppen. Adrenalin blir ofte knytt til frykt og spenning, men dette hormonet blir også frigjort når vi blir forelska. Adrenalinet sørger for at det strøymer meir blod til hjartet, og pulsen aukar.
Adrenalin hos fjellklatrer
Oksytocin
Dette blir også kalla lykkehormonet. Oksytocin hjelper oss med å knyta sterke band til kvarandre. Hudkontakt aukar utskiljinga av oksytocin og sørger for at vi knyter oss sterkare til andre over tid. Denne typen band gjeld ikkje berre for kjærastar. Det same hormonet speler ei stor rolle heilt frå fødselen av, for å skapa og bevara bandet mellom foreldre og barn.
Baby blir kysset av mamma
Kjærlighet mellom mann og kvinne
Endorfinar
Endorfinar er kjærleiken sitt rusmiddel. Endorfinar verkar roande og er kroppen sin eigen smertestillande medisin. Når vi har fysisk kontakt med nokon vi er glad i, aukar mengda endorfinar i blodet og gir oss ei god kjensle. Vi er avhengige av endorfinar for å skapa eit langvarig forhold.
Venner klemmer hverandre
Kjærestepar
Sommerfugler
Kjelder:
- Historie og vitenskap (2020):
Orage Forlag AS
Bilet- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-