Kjønnsroller

Kvifor leikar gutar og jenter med ulike leiker? Kvifor gjer jenter det betre på skulen? Kvifor jobbar flest kvinner i helsesektoren?

Accessibility icon Kjønnsroller

Kva er kjønnsroller?

Har du lurt på kvifor gutar og jenter får ulike leiker? Kvifor jenter ofte gjer det betre på skulen enn gutar? Eller på kvifor det er flest kvinner som jobbar i helsesektoren? Dette er spørsmål mange forskarar òg stiller seg.

Gutt med rosa t-skjorte

Biologisk og sosialt kjønn

Når vi snakkar om kjønn, kan vi skilja mellom «biologisk» og «sosialt» kjønn. Med biologisk meiner vi at gutar og jenter har ulik kropp. Med sosialt kjønn meiner vi dei forventningane samfunnet stiller til oss. På engelsk skil vi kjønn med omgrepa «sex» (biologisk) og «gender» (identitet). Synet på kjønnsroller kan variera frå kultur til kultur, og har òg variert mykje dei siste 40 åra.

En ung jente blir opplært av en faglært
En ung jente blir opplært av en faglært

Fødd sånn eller vorten sånn?

Vi kan hevda at nokre former for kjønnsroller er biologiske, medan nokre andre er skapte av normer og forventningar frå samfunnet ein lever i.

Skilnader frå eit biologisk perspektiv viser at menn er fysisk sterkare og meir aggressive enn kvinner. Derfor fell det seg ofte naturleg for ein sterk mann med lange armar å bera dei tyngste eskene, heller enn at den 15 centimeter lågare kona hans gjer det. Når det gjeld val av partnar, viser studiar at eldre menn vil ha yngre kvinner. Forklaringa her støttar seg på evolusjonsteori; altså korleis føra gena vidare og overleva.

Frå eit sosiokulturelt perspektiv peikar nokre studiar på at det er ei forventa åtferd hos gutar og jenter når det gjeld interesser, fargar, yrke og veremåte. Desse påstandane tar ofte utgangspunkt i studiar av korleis barn blir sosialiserte.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Et par som pakker ned i esker
Et par som pakker ned i esker

Kjønnsroller i barnehagen

Ifølgje ein studie frå Universitetet i Stavanger har nokre forskarar observert at barnehagetilsette ofte forventar at gutane skal vera fysiske og aktive når dei leikar, medan jentene skal vera stille, flinke og rolege. Forskarane frå denne studien peikar på korleis språket har ei makt når det gjeld forventningar til kjønnsroller. Til dømes korleis ein snakkar til jenter når dei kjem med ei ny leike eller nye klede: «Så fin og søt du er», seier ein ofte til jenter, men med ein gut seier ein heller «å, for ein tøffing».

Ein annan observasjon frå studia peika òg på kva slags leiker, klede eller bøker barna fekk frå barnehagetilsette, og kva dei tilsette tolka som «gute- og jenteleiker».

«Eit døme på dette var når ei jente i barnehagen, som til vanleg brukte typiske «guteklede», plutseleg kom i ein rosa kjole. Då fekk ho kommentarar frå personalet om kor søt og fin ho var i kjolen.» (Stand, 2017)

Det er denne forma for forventningar til barna som er med på å forma identiteten deira.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Et barn som har te selskap med lekene hennes
Et barn som har te selskap med lekene hennes

Kvifor vel gutar og jenter så ulikt?

Visste du at 7 av 10 jenter vel studieførebuande på vidaregåande skule, eller at 6 av 10 studentar ved universitet og høgskular er jenter? I Noreg vel svært få yrke som er utypiske/utradisjonelle for sitt kjønn. Det kan vera mange årsaker til desse kjønnsdelte yrkesvegane. Ein del forskarar peikar på sosialiseringa og forventningar dei får frå familie, skule og media. Ein annan påstand er at jenter er tidlegare modne enn gutar og er meir førebudde til teoretiske utdanningar.

Kjønnsroller og kjønnsskilnader i samfunnet kan ha mange forklaringar, men det er framleis diskusjon om rollene kjem av biologiske grunnar eller av sosiale.

Kva tenkjer du?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Brannmenn på jobb
Brannmenn på jobb

Kjelder:

  • Teigen, Karl Halvor; Svartdal, Frodekjønnsrolle Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 24. august 2020 frå https://snl.no/kjonnsrolle

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. BBC Stories Youtube
    6. Getty Images