Klimasonene viser ei variert verd

Jordkloden er inndelt i ulike klimasoner. Det er stor forskjell på å leve i arktiske strøk og ved ekvator. Korleis ser naturen ut i dei ulike klimasonene?

Accessibility icon Klimasonene viser ei variert verd

Klimasoner

Vi har ulike klimasoner på jorda. Dei er svært ulike. Derfor må dyr og plantar vere gode på å tilpasse seg.

Vanlegvis delar vi inn i fire typar klimasoner: tropisk, subtropisk, temperert og polar sone.

Ett kart over verden
Ett kart over verden

Tropisk klima – Regnskog

Langs ekvator, som deler jorda i den sørlege og nordlege halvkula, er det regnskog. Her har dei tropisk klima. Dag og natt er omtrent like lange. Det er varmt òg om natta.

I regnskogen i Amazonas finn vi nesten halvparten av dyreartane i verda. Fordi menneske treng plass til å dyrke mat, blir mykje av skogen hoggen ned. Skogen blir òg hoggen ned for å skaffe beiteområde til husdyr. Dette øydelegg regnskogen.

Regnskogen
Regnskogen

Tropisk klima – Savanne

Nord og sør for regnskogen er det savannar. Her er det både mykje regn og mykje tørke. Det veks buskar og tre på grasmarkene. På savannen finn ein dyr som løver, sjiraffar, sebraer, elefantar og hyenar.

En Savanne med masse elefanter
En Savanne med masse elefanter

Subtropisk sone

Dei fleste av ørkenane på jorda ligg i subtropisk sone. Her kan det bli veldig varmt om dagen og veldig kaldt om natta. Det kjem veldig lite regn. Nokre kjende ørkenar er Sahara i Afrika og Gobi i Asia. Dyr og plantar må tilpasse seg det tørre klimaet.

Dyra har ofte store øyre for at dei raskare skal kunne avkjøle seg. Mange dyr søv om dagen og er aktive om natta. Nokre stader i ørkenen kjem det opp vatn til overflata. Dette blir kalla oasar.

En ørken med 3 kameler som går bortover
En ørken med 3 kameler som går bortover

Temperert sone

Mesteparten av Europa ligg i den tempererte klimasona. Her er det ingen tørketider, og det fell nedbør heile året. I denne sona veks det òg mange lauvtre som eik, lønn og bjørk. I Noreg og Russland finn vi veldig mykje skog med furu og gran. I den tempererte sona ligg òg store gras-sletter der det blir dyrka korn, mais og andre plantar.

en grønn slette med blå himmel
en grønn slette med blå himmel

Polar sone

I den polare sona er det svært kaldt. Her er det mørkt om vinteren, men lyst heile døgnet om sommaren på grunn av midnattssol. Vinteren er lang, og sommaren er kort. Jorda tiner aldri heilt opp, og det kallar vi permafrost. Det er berre mose, kratt og småbuskar som kan vekse her.

Nordlys i Tromsø
Nordlys i Tromsø

Kjelder:

  • Tjernshaugen, Andreas: klimasoner i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 11. januar 2022 frå https://snl.no/klimasoner

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images