Klimasonene viser ei variert verd

Jordkloden er inndelt i ulike klimasoner. Det er stor forskjell på å leve i arktiske strøk og ved ekvator. Korleis ser naturen ut i dei ulike klimasonene?

Accessibility icon Klimasonene viser ei variert verd

Klimasoner

Vi har ulike klimasoner på jorda. Fordi dei er så ulike, vil vi finne ulikt dyre- og planteliv der. Plantar og dyr må tilpasse seg det klimaet dei lever i.

Vanligvis deler vi inn i fire typar klimasoner: tropisk, subtropisk, temperert og polar sone.

Ei anna inndeling går ut på å dele klimasoner inn i fem område:

  • tropisk regnklima (20 prosent av  landområda på jorda)
  • subtropisk tørt ørkenklima (26 prosent av landområda på jorda)
  • varmtemperert regnklima (16 prosent av landområda på jorda)
  • kaldtemperert snøklima (21 prosent av landområda på jorda)
  • polarklima (17 prosent av landområda på jorda)

I den tropiske sona finn vi regnskogar og savannar. Mange av  ørkenane i verda finn vi i subtropisk sone. Noreg ligg i den tempererte sona.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Ett kart over verden
Ett kart over verden

Tropisk klima – Regnskog

Langs ekvator, som deler jorda i den sørlege og nordlege halvkula, er det regnskog. Her har dei tropisk klima. Dag og natt er omtrent like lange, og det er varmt òg om natta. I ein regnskog er det mykje planteliv, og bakken er alltid fuktig.

I regnskogen i Amazonas finn vi nesten halvparten av dyreartane i verda. Fordi menneske treng plass til å dyrke kaffi, korn eller mais, blir mykje av regnskogen hogge ned. Det blir òg hogge ned skog for å skaffe beiteområde til husdyr.

Regnskogen
Regnskogen

Tropisk klima – Savanne

Nord og sør for regnskogen finn ein savannar. Her vekslar vêret mellom regntid og tørketid, og det veks buskar og tre på grasmarkene. På savannen finn ein mange ulike dyr, til dømes løver, sjiraffar, sebraer, elefantar og hyenar.

En Savanne med masse elefanter
En Savanne med masse elefanter

Subtropisk sone

Dei fleste av ørkenane på jorda ligg i subtropisk sone. Her kan det bli veldig varmt om dagen og veldig kaldt om natta. Nokre kjende ørkenar er Sahara i Afrika og Gobi i Asia. Fordi det er så lite regn, må dyr og plantar tilpasse seg livet der.

Dyra har ofte store øyre for at dei raskare skal kunne avkjøle seg, og mange dyr søv om dagen og er aktive i den kjølige perioden om natta. Nokre stader i ørkenen kjem det opp vatn til overflata. Dette blir kalla oasar.

Temperert sone

Mesteparten av Europa ligg i den tempererte klimasona. Her er det ingen tørketider, og det fell nedbør heile året. I denne sona veks det òg mange lauvtre som eik, lønn, bjørk, ask og bøk. I Noreg og Russland finn vi veldig mykje skog med gran og furu. I den tempererte sona ligg òg store gras-sletter der det blir dyrka korn, mais og andre plantar.

en grønn slette med blå himmel
en grønn slette med blå himmel

Polar sone

I den polare sona er det svært kaldt. Her er det mørkt om vinteren, medan det er lyst heile døgnet om sommaren på grunn av midnattssol. Vinteren er lang, og sommaren er kort. Fordi det er så kaldt om vinteren, og sommaren er så kort, får vi permafrost. Permafrost betyr evig frost, og jorda tiner aldri heilt opp. Det er berre mose, kratt og småbuskar som kan vekse her.

Nordlys i Tromsø
Nordlys i Tromsø

Kjelder:

  • Tjernshaugen, Andreas: klimasoner i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 11. januar 2022 frå https://snl.no/klimasoner

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images