Europearane og kolonialismen
Rundt 1000 år f.Kr vart det danna koloniar rundt Middelhavet. Greske bystatar ønskte å skaffa inntekt gjennom handel. Romarriket koloniserte store område og folk då dei utvida riket sitt. Også vikingane oppretta koloniar både i Irland og andre stader. Frå 1500-talet starta europearane den store koloniseringa utanfor Europa.
Illustrasjon fra 1800-tallet av et møte i Kongo mellom Europere og Afrikansk urfolk
Antique photograph of the British Empire: Annexation of the territory of the king of Ado
Den første fasen
På 1500-talet byrja europeiske statar å ta kontroll over område i Sør- og Mellom-Amerika. Perioden varte fram til 1800-talet. I denne perioden vart slavar henta frå Afrika som arbeidskraft. Hovudfokuset denne perioden var handel.
Den andre fasen
Den andre fasen starta på 1800-talet og varte fram til 1900-talet. Fleire europeiske land hadde lenge hatt koloniar, men no kasta òg andre land seg med i kampen om å kontrollera nye landområde. Det vart ein konkurranse mellom dei europeiske landa om å skaffa seg flest koloniar både i Afrika og i Asia. Ofte vart områda overtekne med våpen og makt. Perioden blir kalla imperialismen.
📷 Keisar Menelik II av Etiopia stod imot italiensk kolonisering på slutten av 1800-talet.
Avkolonisering
Dei fleste koloniane fekk tilbake sjølvstendet sitt etter 2. verdskrigen. I 1960 vart det bestemt i FN at alle koloniar skal få tilbake fridommen sin, og at det ikkje er lov å skaffa nye koloniar.
Korleis gjekk det med koloniane?
Koloniane fekk eit stort økonomisk tap då råvarer og varer vart frakta ut av landet. Innbyggarane fekk lite betalt for varene. Det vart vanskeleg for mange av dei gamle koloniane å starta med eigen industri etter at dei vart sjølvstendige. Mange av menneska i koloniane følte seg mindre verde, og mange stader vart kolonimaktene sine tradisjonar sett på som viktigare enn dei gamle lokale tradisjonane.
Gibraltarklippen
Kart over Afrika som viser kolonier fra 1896
Kjelder:
- kolonialisme i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 7. januar 2021 frå https://snl.no/kolonialisme
- Gibraltar i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 7. januar 2021 frå https://snl.no/Gibraltar
- study.com (07.01.2021): How Colonialism Spread Languages: Summary & Examples
https://study.com/academy/lesson/how-colonialism-spread-languages-summary-examples.html
- ndla.no (07.01.2021): Kolonialismen
https://ndla.no/nb/subject:9/topic:1:182163/topic:1:164660/?filters=urn:filter:9132d125-4d8f-41a6-b61d-77741662d5a9
Bilde- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
UN Photo / Yutaka Nagata
-
UN Photo / Jean Pierre Laffont
-
Getty Images
-
Getty Images
-