Europearane og kolonialismen
Rundt 1000 år f.Kr. vart dei første koloniane starta rundt Middelhavet. Ein koloni er eit land som blir styrt av eit anna land. Romarriket koloniserte store område og folk då dei utvida riket sitt. Også vikingane hadde koloniar både i Irland og andre stader. Frå 1500-talet starta europearane å kolonisera utanfor Europa.
Illustrasjon fra 1800-tallet av et møte i Kongo mellom Europere og Afrikansk urfolk
Antique photograph of the British Empire: Annexation of the territory of the king of Ado
Den første fasen
På 1500-talet byrja europeiske statar å ta kontroll over område i Sør- og Mellom-Amerika. Dette varte fram til 1800-talet. I denne perioden vart slavar henta frå Afrika som arbeidskraft.
Den andre fasen
Den andre fasen starta på 1800-talet og varte fram til 1900-talet. Fleire europeiske land hadde lenge hatt koloniar, men no ville endå fleire land kolonisera. Dei konkurrerte seg imellom om å skaffa seg flest koloniar både i Afrika og i Asia. Ofte vart dei nye områda tatt med makt. Perioden blir kalla imperialismen.
📷 Keisar Menelik II av Etiopia stod imot italiensk kolonisering på slutten av 1800-talet.
Avkolonisering
Dei fleste koloniane fekk tilbake sjølvstendet sitt etter 2. verdskrigen. Kolonimaktene vart sende heim. I 1960 vart det bestemt i FN at alle koloniar skal få tilbake fridommen sin, og at det ikkje er lov å starta nye koloniar.
Korleis gjekk det med koloniane?
Koloniane tapte mykje under kolonitida. Varer vart frakta ut av landet, og dei fekk lite betalt for dei. Det vart vanskeleg for mange av dei gamle koloniane å byrja med eigen industri etter at dei vart sjølvstendige. Mange av menneska i koloniane følte seg mindre verde, og mange stader vart gamle tradisjonar gløymde.
Gibraltarklippen
Kart over Afrika som viser kolonier fra 1896
Kjelder:
- kolonialisme i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 7. januar 2021 frå https://snl.no/kolonialisme
- Gibraltar i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 7. januar 2021 frå https://snl.no/Gibraltar
- study.com (07.01.2021): How Colonialism Spread Languages: Summary & Examples
https://study.com/academy/lesson/how-colonialism-spread-languages-summary-examples.html
- ndla.no (07.01.2021): Kolonialismen
https://ndla.no/nb/subject:9/topic:1:182163/topic:1:164660/?filters=urn:filter:9132d125-4d8f-41a6-b61d-77741662d5a9
Bilde- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
UN Photo / Yutaka Nagata
-
UN Photo / Jean Pierre Laffont
-
Getty Images
-
Getty Images
-