Kven var Konfutse?

Konfutse var ein lærar frå oldtidas Kina som levde for meir enn 2500 år sidan. Han var særleg oppteken av eitt viktig spørsmål: Korleis kan menneske leve godt saman?

Han meinte at det å vere eit godt menneske først og fremst handlar om korleis vi behandlar andre. Respekt, vennlegheit og ansvar var derfor heilt sentralt i det han lærte bort.

Tenk på ein ganske vanleg situasjon: De er fleire i klassen saman, og kanskje nokre blir oversette, eller nokre blir snakka litt nedlatande til.

Då kan du velje å ikkje bry deg, eller du kan gjere noko lite som faktisk betyr noko for den andre.

Konfutse meinte at slike små val i kvardagen er viktige. Når menneske oppfører seg godt mot kvarandre, kan det gjere livet betre, ikkje berre for éin person, men for mange.

Kvifor trur du det å behandle andre med respekt kan gjere kvardagen betre for fleire enn den eine personen?

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Statue av Konfucius
Statue av Konfucius

Kva er relasjonsetikk hos Konfutse?

Konfutse meinte at etikk handlar om korleis vi oppfører oss mot andre menneske.

Til dømes når du snakkar med ein lærar i timen er du kanskje meir høfleg, lyttar og ventar på tur. Seinare same dagen er du saman med ein venn. Då snakkar du meir fritt, kanskje tullar og avbryt meir.

Vi oppfører oss altså ulikt, avhengig av kven vi er saman med.

Konfutse meinte at dette er viktig. Kvar relasjon krev noko av oss. Det betyr ikkje at vi skal vere falske, men at vi må tilpasse oss situasjonen, samtidig som vi alltid viser respekt.

Å vere eit godt menneske handlar derfor om å tenkje på andre og prøve å handle på ein vennleg og ansvarleg måte. Når vi gjer det, blir det lettare for menneske å leve godt saman.

Kvifor trur du det er viktig å oppføre seg litt ulikt avhengig av kven du er saman med?

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Lærer i samtale med en elev
Lærer i samtale med en elev

Nøkkelomgrep: ren, li og xiao

Konfutse var oppteken av korleis vi oppfører oss mot andre menneske, ikkje berre kva vi seier er rett.

Tenk deg at du er heime og held på med noko du liker godt. Kanskje ser du på noko, speler eller snakkar med venner. Så spør ein av foreldra dine om du kan hjelpe til med å dekkje på bordet.

Du har eigentleg ikkje lyst.

Du kan seie «vent litt» eller ignorere det, eller du kan svare roleg og hjelpe til.

Dette er ein enkel liten situasjon, men han betyr ganske mykje.

Når du vel å hjelpe, viser du xiao, respekt for familien. Når du gjer det på ein roleg og ordentleg måte, viser du li, korleis du oppfører deg. Og når du tek omsyn til andre, sjølv om du ikkje har lyst, viser du ren, omtanke.

Konfutse meinte at slike små val er viktige.

Det er ikkje berre store handlingar som avgjer kven du er, men korleis du oppfører deg i heilt vanlege situasjonar.

Kva betyr det for deg å leve eit godt liv?

Kan noko som er litt vanskeleg der og då, likevel vere bra på lengre sikt?

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Ung kvinne som støtter en eldre mann med stokk
Ung kvinne som støtter en eldre mann med stokk

Kvifor er roller og ansvar viktige?

Konfutse meinte at vi alle har ulike roller i livet, til dømes som barn, venn, søster/bror eller elev.

I alle dei rollene du har, følgjer det med forventningar til korleis du skal oppføre deg.

Om du jobbar saman med nokon i ei gruppe på skulen, og ein gjer lite, ein annan prøver å bestemme alt, og du blir litt usikker på kva du skal gjere.

Skal du seie frå? Eller berre gjere din del og la det vere?

Konfutse meinte at slike situasjonar handlar om roller og ansvar.

Som venn er det venta at du er hyggjeleg og støttande. Som elev er det venta at du prøver å lære og viser respekt.

Når menneske tek ansvar i rollene sine, blir det lettare å samarbeide, og vi får det betre saman.

På den måten kan små val i kvardagen bidra til eit meir roleg og respektfullt miljø.

Kva for nokre ulike roller har du? Og korleis er det forventa at du oppfører deg i dei ulike rollene? Korleis merke du dette ansvaret i praksis?

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Elever i klasserommet som rekker opp hånden
Elever i klasserommet som rekker opp hånden

Kvifor er det viktig å leie ved døme?

Konfutse meinte at menneske lærer ved å sjå kva andre gjer.

Tenk deg at du er mykje saman med nokon som oppfører seg på ein roleg, vennleg og respektfull måte. Etter kvart legg du merke til at fleire begynner å gjere det same, og det gjer også du.

Det viser at det ikkje berre er det vi seier som påverkar andre, men det vi faktisk gjer.

Når du oppfører deg på ein god måte, påverkar det menneska rundt deg.

Døme

Sjå for deg at ein ny elev begynner i klassen. Personen verkar litt nervøs og kjenner ingen. Du vel å seie hei, inkludere personen i gruppa og vere vennleg.

Andre legg merke til det du gjer. Litt etter litt begynner fleire å gjere det same.
Den nye eleven kjenner seg tryggare, og stemninga i klassen blir betre.

Trur du éi lita handling kan påverke korleis ei heil gruppe oppfører seg? Kvifor?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En gruppe mennesker på fjelltopp som klatrer, noe som fremmer samarbeid
En gruppe mennesker på fjelltopp som klatrer, noe som fremmer samarbeid

«Junzi» – det ideelle mennesket

Konfutse brukte ordet junzi om eit menneske som prøver å gjere det rette, og som jobbar med seg sjølv over tid.

Tenk deg dette:

Du finn noko som ikkje er ditt. Ingen andre ser det. Du kan behalde det, eller gi det tilbake.

Kva vel du?

Ein junzi er ein som prøver å ta gode val, også når det er vanskeleg.

Det handlar om å vere ærleg, vennleg og ta ansvar for det ein gjer. Ikkje for å få ros, men fordi ein sjølv meiner det er rett.

Konfutse meinte at dette ikkje er noko ein berre er, det er noko ein blir, litt etter litt, gjennom vala ein tek kvar dag.

Kva betyr det å vere eit godt menneske, også når ingen ser kva du gjer?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En lommebok i skinn som har falt på bakken, og en person som går sin vei
En lommebok i skinn som har falt på bakken, og en person som går sin vei

Om sjølvrefleksjon

Konfutse meinte at det er viktig å tenkje over det vi gjer.

Tenk deg dette:

Du seier noko til ein medelev medan de er saman. For deg verkar det ikkje så farleg, og du tenkjer ikkje så mykje over det der og då. Men etterpå merkar du at den andre vart stille og trekte seg litt unna.

Seinare, når du er åleine, begynner du å tenkje tilbake.

Kva var det eigentleg du sa? Korleis kan det ha vorte oppfatta? Du innser kanskje at det du sa kunne ha verka sårande, sjølv om det ikkje var meininga.

Dette er det Konfutse kallar sjølvrefleksjon.

Når vi stoppar opp og tenkjer over eigne handlingar, kan vi lære av det som skjedde. Kanskje vel du å seie unnskyld neste dag, eller å vere meir klar over korleis du snakkar til andre.

På den måten kan vi utvikle oss litt etter litt, ikkje fordi vi er perfekte, men fordi vi prøver å bli betre.

Trur du det å tenkje over eigne handlingar kan gjere deg til ein betre venn? Kvifor? Tenk på ein situasjon der du skulle ha sagt ting på ein annan måte.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
En kvinne som sitter og skriver i en notatbok
En kvinne som sitter og skriver i en notatbok

Kvifor er relasjonsetikk viktig i dag?

Konfutse meinte at korleis vi behandlar andre i kvardagen, har stor betydning for oss og andre.

Tenk deg dette:

Du skriv noko i ein chat eller kommenterer noko på nett. Det går fort, og du tenkjer kanskje ikkje så mykje over korleis det kan oppfattast.

Men den som les det, kan oppleve det annleis enn du hadde tenkt.

I kvardagen møter vi mange menneske, på skulen, heime og på nett. Derfor blir det viktig å vere litt klar over korleis vi oppfører oss.

Konfutse minner oss om å vere vennlege, respektfulle og ta omsyn til andre. Små val kan gjere ein forskjell for korleis folk har det rundt oss. Når vi tenkjer over kva vi seier og gjer, kan vi bidra til eit betre og meir trygt miljø.

Kva er éin ting du kan gjere i dag for å vise respekt for andre?

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
En ung person som smiler mens han holder en smarttelefon
En ung person som smiler mens han holder en smarttelefon

Konfutse og Kant: Relasjonar eller reglar?

Konfutse og Immanuel Kant tenkte ulikt om kva som er rett og gale.

Konfutse meinte at vi bør tenkje på relasjonane våre og prøve å vere vennlege og respektfulle i kvar situasjon.

Kant meinte at vi bør følgje reglar som alltid gjeld, same kva som skjer. Å gjere det rette handlar for han om å følgje desse reglane.

Tenk deg at ein venn spør kva du synest om noko dei har laga, men du liker det eigentleg ikkje. Du kan seie det rett ut. Eller du kan svare på ein måte som er meir skånsam.

Dette viser to måtar å tenkje på:

Skal du alltid seie sanninga? Eller bør du ta omsyn til korleis det påverkar den andre?

Kva ville du valt, å vere heilt ærleg eller å verne kjenslene til den andre? Kvifor?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Statue av Konfutse og Kant
Statue av Konfutse og Kant

Kjelder

Bilde- og videorettar

  1. Adobe Stock
  2. Getty Images
  3. Getty Images
  4. Adobe Stock
  5. Getty Images
  6. Getty Images
  7. Getty Images
  8. Adobe Stock
  9. Adobe Stock
Close Icon

Loading...