Kva er relasjonsetikk hos Konfutse?
Konfutse meiner at kva som er rett, heng saman med korleis vi behandlar andre i ulike relasjonar. Vi står alltid i forhold til andre menneske, som familie, venner, lærarar og medelevar. Derfor må handlingane våre ta omsyn til desse relasjonane.
Han meinte også at alle relasjonar inneber ansvar. Til dømes skal barn vise respekt for foreldra sine, men foreldra har samtidig ansvar for å ta vare på barna. Relasjonar er altså ikkje einsidige, begge partar har ei rolle å fylle.
Relasjonsetikk hjelper oss å forstå at det å vere eit godt menneske ikkje berre handlar om å følgje reglar, men om å handle gjennomtenkt i kvar enkelt situasjon og ta omsyn til korleis det vi gjer, påverkar andre.
Døme
Tenk deg at du er usamd med foreldra dine om noko som er viktig for deg, til dømes kor seint du får vere ute, eller kva du skal bruke tida di på.
Du kan bli frustrert og få lyst til å seie tydeleg frå, kanskje til og med heve stemma.
Men Konfutse ville sagt at måten du seier det på, også betyr noko. Du kan vere usamd, men samtidig prøve å uttrykkje deg roleg og respektfullt.
Samtidig har foreldra også eit ansvar: dei bør lytte og prøve å forstå deg, ikkje berre bestemme.
Dette er relasjonsetikk i praksis:
begge partar har ansvar, og målet er å bevare respekt i relasjonen, også når ein er usamd.
Det handlar altså ikkje berre om å ha rett, men om korleis ein snakkar saman og behandlar kvarandre.
Kva tenkjer du er viktigast? Å få rett eller å bevare ein god relasjon? Kvifor?