Kampen mot mikrobane

Ein mikrobe er eit eincella, levande vesen som er så lite at det berre kan sjåast i mikroskop. Vi er konstant i krig med mikrobar som vil ta maten frå oss.

Livet vårt dreier seg om mat. Og det gjer også livet til mikroskopiske bakteriar og sopp. Dei er i lufta, i vatnet og på kjøkkenbenken. Og viss dei får vere i fred, vil dei blomstre opp og ta over maten vår. Mikrobar omdannar etande mat til ei pelskledd og motbydeleg blanding.

Vi må altså kjempe mot mikrobar som vil øydeleggje maten vår. Det finst også enzym i plantar og dyr. Enzym er hovudsakleg protein. Desse enzyma vil gå laus på enkelte matvarer og bryte dei ned. Oksygen vil gjere feitt harskt over tid.

Formålet med konservering av mat er derfor å stanse eller forseinke desse prosessane. Konservering betyr behandling av mat som gjer at han varer lenger.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Sylting

Vi brukar ofte eddik når vi syltar. Eddik er syrleg. Syra gir mikrobane og enzyma alvorlege problem. Ho påverkar strukturen deira. Syra vrir enzyma ut av fasong og stansar dei i å fungere ordentleg. Då kan ikkje enzyma lenger øydeleggje maten vår.

Uttørking

Å fjerne fukt frå maten gjer han til ein utriveleg stad å leve. Målet er å senke vassinnhaldet til under 20 prosent. I så tørt miljø vil mange mikroorganismar slite med å overleve. Alt liv på jorda treng vatn.

Hermetisering

Å leggje maten i ein forsegla behaldar og varme han opp drep alt av mikrobar. Dette er ein effektiv måte å konservere maten på. Denne prosessen kallar vi sterilisering. Når innhaldet først er blitt sterilisert, kan ingenting kome inn og begynne å bryte ned maten.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!