Kampen mot mikrobane

Vi er konstant i krig med mikrobar som vil ta maten fra oss. Livet vårt dreier seg om mat, men det gjer også livet til mikroskopiske bakteriar og sopp. Dei er i lufta, i vatnet og på kjøkkenbenken. Og viss dei får vere i fred, vil dei blomstre opp og ta over maten vår ved å omdanne etande mat til ei pelskledd og motbydeleg blanding.

Viss det ikkje er mikrobane ein kjempar mot, har ein alltid enzym som finst naturleg i plantar og dyr. Dei vil også gyve laus på enkelte matvarer og bryte dei ned, og oksygen vil gradvis gjere feittet harskt. Formålet med konservering av mat er derfor å stanse, eller i det minste forseinke, denne prosessen.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Sylting

Eddik er syrleg. Syra gir mikrobane alvorlege problem. Ho påverkar det molekylære maskineriet deira, vrir enzyma ut av fasong og stansar dei i å fungere ordentleg. Utan enzym blir det sett ein stoppar for sjølve livet.

Uttørking

Å fjerne fukt frå maten gjer han til ein utriveleg stad å leve. Målet er å senke vassinnhaldet til under 20 prosent. I så tørt miljø vil mange mikroorganismar slite med å overleve. Alt liv på jorda treng vatn.

Hermetisering

Å leggje maten i ein forsegla behaldar og varme han opp for å drepe alt av mikrobar, er ein verkelig effektiv måte å konservere maten på. Dette kallar vi sterilisering. Når innhaldet først er blitt sterilisert, kan ingenting kome inn og begynne å bryte ned maten.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!