Kampen mot mikrobane

Ein mikrobe er eit levande vesen som berre har éi celle. Ein mikrobe er så liten at han berre kan sjåast i eit mikroskop. Vi er heile tida i krig med mikrobar som vil ta maten frå oss.

Livet vårt dreier seg om mat. Og det gjer også livet til mikroskopiske bakteriar og sopp. Dei er i lufta, i vatnet og på kjøkkenbenken. Og viss dei får vere i fred, vil dei blomstre opp og ta over maten vår. Mikrobar omdannar etande mat til ei pelskledd og motbydeleg blanding.

Vi må altså kjempe mot mikrobar som vil øydeleggje maten vår. Det finst også enzym i plantar og dyr. Enzym er protein. Enzym går laus på nokre matvarer og bryt dei ned.

Oksygen gjer feitt harskt over tid.

Vi konserverer mat for å stanse eller forseinke desse prosessane. Konservering betyr behandling av mat som gjer at maten varer lenger.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Sylting

Vi bruker ofte eddik når vi syltar mat. Eddik er syrleg. Syra gir mikrobane og enzyma alvorlege problem. Syra endrar på strukturen til enzyma. Då kan ikkje enzyma lenger øydeleggje maten vår.

Uttørking

Når vi tørkar mat, fjernar vi fukt frå maten. Det gjer maten til ein utriveleg stad å leve. Målet med uttørking er å senke vassinnhaldet til under 20 prosent. Mikroorganismar slit med å overleve med så lite vatn. Alt liv på jorda treng vatn.

Hermetisering

Hermetisering betyr å leggje maten i ein forsegla behaldar og så varme han opp. Då drep vi mikrobane. Dette kallar vi sterilisering. Når innhaldet er blitt sterilisert, kan ingenting kome inn og begynne å bryte ned maten.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!