Å brette eit ark
Tenk deg at du har eit ark som du skal brette saman. Først brettar du arket saman ein gong på midten. Så brettar du det ein gong til – slik at du for kvar brett halverer størrelsen på arket. Og slik fortset du så lenge du kan.
Som du sikkert legg merke til, blir arket vanskelegare og vanskelegare å brette saman. Det blir nemleg tjukkare, og størrelsen på overflata blir mindre for kvar gong. Kor mange gongar trur du at eit vanleg ark kan brettast?
Er det mogleg i teorien å brette eit ark så mange gongar at det vil nå heilt til månen?