Kva er fantasi?
Kan du sjå for deg ein lilla drake som køyrer trehjulssykkel? Ingen andre dyr på jorda kan gjere det. Inni hovudet ditt kan du dele opp bilde av ting du har sett før, og setje saman bitane til noko heilt nytt. Set saman ei øgle og ein fugl, og vips så har du ein drake. Tenk på fargen til ein lilla blomst, så kan du farge draken. Dette er berre mogleg fordi vi kan fantasere. Men vi har ikkje alltid hatt denne evna.
Menneskehjernen har vakse
Då moderne menneske vandra ut av Afrika for rundt 100 000 år sidan, brukte dei framleis dei same enkle reiskapa som forfedrane sine. Det skulle ta endå 60 000 år før kreativiteten til mennesket begynte å utvikle seg i raskt tempo. Det som skjedde i mellomtida, var at hjernen til mennesket hadde vakse seg større. Områda i hjernen som styrer språk og tolking av det ein ser, begynte å samarbeide. Forskarar trur at det var dette som gav opphav til fantasien vår.
Ung kvinne flyr
Liten jente leker pilot i en pappeske
Kople ulike nervekombinasjonar
Fantasien vår om ein lilla drake som køyrer trehjulssykkel, treng at vi knyter saman nervekombinasjonar for ulike idear – og aktiverer dei. Signala frå dei ulike delane av hjernen må nå fram samtidig, og det krev litt samkøyring. Dette skjer med hjelp av nervefibrar som koplar saman bakhovudlappen og pannelappen.
Høyre og venstre hjernehalvdel
Viktig å stimulere fantasien til barna
Nervefibrane har eit lag med feitt utanpå, som vi kallar myelin. Det isolerer nerven mot omgivnadene, omtrent som plasten utanpå ei straumleidning. Jo tjukkare myelinlaget er, dess fortare går nervesignalet. Hjernen tilpassar myelinlaget på dei ulike nervane slik at signala skal gå i rett fart. Dette skjer i barndommen, når hjernen vår er mest fleksibel. Medan vi er unge, blir det òg forma koplingar mellom ulike område av hjernen. Derfor er det viktig å stimulere fantasien til barn.
Ung gutt stående på senga med romrakett og leke pistol
Fantasien og nervane
I denne videoen får vi sjå kva slags rolle nervane spelar i fantaseringa vår.
Kjelder:
- Menneskets historie – Junior (2020)
Orage Forlag AS
Bilde- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
TED-Ed – Youtube
-