Kva er fantasi?
Kan du sjå for deg ein lilla drake som køyrer trehjulssykkel? Ingen andre dyr på jorda kan sjå for seg noko slikt. Inni hovudet ditt kan du dele opp bilete av ting du har sett før, og setje saman bitane til noko heilt nytt. Set saman ei øgle og ein fugl, og vips så har du ein drake. Tenk på fargen til ein lilla blomst, så kan du farge draken. Dette er berre mogleg fordi vi kan fantasere. Men vi har ikkje alltid hatt denne evna.
Menneskehjernen har vakse
Då menneske vandra ut av Afrika for rundt 100 000 år sidan, brukte dei framleis dei same enkle verktøya som forfedrane sine. Det skulle ta endå 60 000 år før fantasien til mennesket begynte å utvikle seg i raskt tempo. Det som skjedde i mellomtida, var at hjernen til mennesket hadde vakse seg større. Områda i hjernen som styrer språk og tolking av det ein ser, begynte å jobbe saman. Forskarar trur at det var dette som førte til at vi utvikla fantasien vår.
Ung kvinne flyr
Liten jente leker pilot i en pappeske
Kople ulike ideer saman
Fantasien vår om ein lilla drake som køyrer trehjulssykkel, treng at vi knyter saman ulike lagra idear. Signala frå dei ulike delane av hjernen må òg nå fram samtidig, og det krev litt samkøyring. Dette skjer med hjelp av noko ein kallar nervefibrar som koplar saman bakhovudlappen og pannelappen.
Høyre og venstre hjernehalvdel
Viktig at barn bruker fantasien sin
Nervefibrane har eit lag med feitt utanpå, som blir kalla myelin. Det skil nerven frå omgivnadene, omtrent som plasten utanpå ei straumleidning. Jo tjukkare dette laget er, dess fortare går nervesignalet. Hjernen tilpassar laget på dei ulike nervane slik at signala skal gå i rett fart. Dette skjer i barndommen, når hjernen vår er mest i utvikling. Medan vi er unge, blir det òg forma koplingar mellom dei ulike delane av hjernen. Derfor er det viktig at barn får brukt fantasien sin.
Ung gutt stående på senga med romrakett og leke pistol
Kjelder:
- Menneskets historie Junior (2020)
Orage Forlag AS
Bilde- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
TED-Ed – Youtube
-