Krigføring gjennom tidene

Dei første menneska trong skarpe og spisse reiskapar for å drepe dyr. For å forsvare seg mot andre menneske, vart jaktreiskapane brukte som våpen. Våpena har utvikla seg enormt sidan dei første knivane vart laga. Hensikta er framleis å nedkjempe ein fiende.

Skotsk kavaleri
Skotsk kavaleri

Jeger- og sankarkulturar

Dei første menneska jakta på dyr og samla etande plantar. Menneska var nomadar, og dei var stadig på flyttefot. Dei måtte vere der dyra var å finne. Fast busetjing vart det ikkje før jordbruket utvikla seg for 14 000 år sidan.

Jakt i steinalderen

Frå jaktreiskapar til våpen

Jaktreiskapane vart laga av stein, tre eller dyreknoklar. Vanlege reiskap var knivar, spyd, steinslyngje, blåserøyr eller pil og boge. Dei første krigane starta då folk måtte forsvare den staden dei budde på. Då vart jaktreiskapane brukte som våpen.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Verktøy fra steinalderen
Verktøy fra steinalderen

Krigarstaten Sparta

Frå 550 f.Kr. og framover voks bystaten Sparta og vart ei sterk militærmakt. Sparta hadde den mektigaste hæren i Hellas i antikken.

Sparta var ofte i krig med Athen. Mennene var gode krigarar. Dei hadde fått militær opplæring frå dei var 7 år gamle. Fram til dei var 30 år, budde dei i militærleirar med hard trening og streng disiplin. Spartanarane meinte at gutane vart betre krigarar viss dei hadde det fælt.

Militærtenesta i Sparta heldt fram til ein vart 60 år. Krigarane hadde langt hår, hjelmar og raude kapper. Dersom soldatane ikkje kunne vinne eit slag, måtte dei kjempe til alle var døde.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Romarriket

Romarriket var mektig frå 240 f.Kr. til 400 e.Kr. Romarane utvikla ein måte å kriga på som gjorde dei nesten uslåelege. Dei romerske legionane  bestod av fleire tusen soldatar. Dei brukte store skjold, spyd og sverd for å nedkjempe fienden. Dei utvikla òg store katapultar og rambukkar. Med desse kunne dei knuse festningar og slå inn portar.

Vikingtida

I Skandinavia utvikla det seg eit krigarfolk på 700-talet. Det første kjende vikingangrepet kom i år 793 på øya Lindisfarne i Nord-England. Med dei fantastiske skipa sine, sverd, økser og skjold herja vikingane rundt i Europa i eit par hundre år.

Vikingane var ikkje berre krigarar, sjølv om det ofte er det vi lærer. Dei fleste var bønder. Nokre dreiv med handel, og andre oppdaga nye landområde. For mange var likevel gull og rikdom viktigast. Dei plyndra derfor svake motstandarar som prestar og munkar. Etter kvart møtte vikingane større motstand, og vikingtida tok slutt på 1050-talet.

Vikingane har blitt skildra gjennom ei rekkje sesongar av TV-serien «Vikings». 

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Korstoga

På 1100- og 1200-talet kriga Europa mot den muslimske delen av verda. Den katolske kyrkja ønskte å spreie kristendommen og omvende muslimar. Namnet kjem frå dei raude korsa som dei måla på skjold og klede.

Dei som trudde noko anna enn paven i Roma, skulle drepast. Religionar har nesten alltid stått mot kvarandre, og gjer det framleis.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Krut og kanonar

På 1500-talet vart krut og kanonar brukte i krig. Det var lite som kunne stå imot den eksplosive krafta til krutet. Oppfinninga frå Kina forandra måten ein kriga på.

Gjennom 1600-talet og 1700-talet vart krig utkjempa på store opne plassar. Det var to hærar som møtte kvarandre. Millionar av soldatar vart lærte opp og kledde i uniformer. På 1800-talet deltok gjerne heile samfunnet i krig. Krigen gjekk derfor meir utover dei sivile. Dette kallar vi total krig. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Terrorbalanse

Andre halvdelen av 1900-talet handla mykje om atomvåpen. I krigane etter det har det vore stor forskjell på partane. Ei side har mykje moderne teknologi, medan den andre parten nesten ikkje har noko. Dei stridande partane allierer seg ofte med andre land for å få tilgang til våpen, men også politisk støtte.

Frå borgarkrig til internasjonal konflikt 

Krigen i Jemen starta som ein borgarkrig. Houthi-folket gjekk til krig mot dei som styrte landet. Dei meinte at dei hadde vorte urettferdig behandla. Med åra fekk kvar side av krigen sine støttespelarar, og det utvikla seg etter kvart til ein internasjonal krig.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Kjelder:

  • Iddeng, Jon Wikene; Steen, Tone; Tvedt, Knut AreRomerriket i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 8. desember 2020 frå https://snl.no/Romerriket
  • Bandlien, Bjørn; Solberg, Bergljot; Røvik, Sisselvikingtiden i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 8. desember 2020 frå https://snl.no/vikingtiden
  • Holmboe, Haakonkorstog i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 8. desember 2020 frå https://snl.no/korstog

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images / Nasjonal digital læringsarena – YouTube
    4. Getty Images
    5. Getty Images / Naked Science – YouTube
    6. HBO Nordic
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Almigdad Mojalli (VOA) / FN-sambandet Norge – YouTube