Krinsløpet til vatnet

Krinsløpet til vatnet er gjenbrukssystemet på jorda. Det er krinsløpet til vatnet som sørgjer for at elvane heile tida renn ut i hava. Det sørgjer også for at atmosfæren inneheld skyer og regn. Utan dette krinsløpet ville det ikkje ha vore liv på jorda. 

Slik går det føre seg

Det regnet som fell i dag, har reist gjennom skyer, hav og is i milliardar av år på jorda. Heile krinsløpet vert drive av sola.

Fordamping frå havet

Vatnet i havet vert varma opp av sola, fordampar og stig opp i atmosfæren som vassdamp.

Eit døme på fordamping er viss du gjer T-skjorta di våt ein varm sommardag for å kjøle deg ned. Du blir kjølt ned fordi vatnet som fordampar, bruker av varmen frå lufta rundt, og derfor går temperaturen ned.

Dampen kjøler seg ned etter kvart som han stig, og på eitt eller anna tidspunkt kondenserer han. At dampen kondenserer, betyr at han blir til dogg og formar skyer.

Omtrent 78 prosent av regn, snø eller andre former for vatn som fell ut av skyene, blir ført rett tilbake til havet igjen. Resten fell ned over land og øyar på jorda.

Noko av dette vatnet renn ut i elvar og innsjøar og blir ført tilbake til havet den vegen.

Vatn blir også ført tilbake til hava mellom stein og jord langt nede i bakken, som  grunnvatn.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Tegning av hvordan vannets kretsløp er

Ulike former 

Nokre gongar kan vatn liggje nedgrave i millionar av år. Dette skjer når det fell ned som snø over polane. Dette vatnet når ofte ikkje havet før isbreen det ligg på, sakte sklir ut i havet.

Vatnet som blir liggjande i det øvste jordlaget, kan fordampe opp i atmosfæren når det blir varma opp av sola.

Isberg på Jökulsárlón, Island

Vatn finst i tre former

Evapotranspirasjon

Akkurat som menneske pustar plantane også ut vassdamp. Dette kallar vi evapotranspirasjon. Plantane syg opp vatnet frå jorda med røtene sine, og sender det tilbake ut i lufta gjennom blada som damp. Når dyr et plantar, tar dei opp vatnet i kroppen og pustar det ut i lufta igjen.

Menneskeleg påverknad 

Vi menneske endrar krinsløpet til vatnet på jorda i stadig større grad. Vi byggjer byar og demningar, og vi legg vatnet i røyr slik at vi kan bruke det i industrien, i landbruket og dessutan som drikkevatn.

Demning med fossefall

Når krinsløpet øydelegg

Flaum rammar titusenvis av menneske kvart år. Monsunflaumen i Pakistan i 2010 var resultatet av det kraftigaste monsunregnet på fleire generasjonar. Det påverka livet til rundt 20 millionar menneske.

Den 8. august 2010 gjekk elva Indus over  breiddene sine og drog med seg heile samfunn. Det er normalt for Pakistan å få halvparten av den årlege nedbøren (250–500 mm) i løpet av monsunmånadane juli og august, men dette året fekk landet 300 mm i løpet av éin dag – den 29. juli.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Landsby under vann

Flaum i Noreg

I 1789 blei Noreg ramma av Storofsen og den største flaumkatastrofen til no.

Vinteren 1788–1789 var tørr og kald, og på seinvinteren kom det mengder med snø. Når våren kom, vart  det varmt og fuktig, og i juli kom det kraftig torever og mykje varme.

Dette uveret sette i gong mange jordras. Jordrasa var øydeleggjande for både bygningar og natur i området. Ein reknar med at rundt 60 personar døydde i denne flaumen.

Storofsen trefte Glomma, øvre delar av Drammenselva, Numedalslågen, Driva, Orkla og midtre delar av Gaula.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Klimaendringar påverkar  

Klimaet på jorda har alltid endra seg. Gjennom millionar av år har det vore varme og kalde periodar om kvarandre. Klimaendringar er derfor ikkje noko nytt. Likevel ser vi at veret endrar seg fortare enn nokon gong i historia.

Når kloden vert varma opp, vil stader med mykje regn ofte få endå meir regn. Når det er varmare, fordampar det meir vatn frå havet og frå land. Fordi varm luft kan halde på meir fukt, inneheld skyene meir regn.

Når atmosfæren held på meir vatn, vil han også kunne gi kraftigare stormar. Nokre trur også at havbølgjer veks seg større, og at dei bevegar seg raskare fordi havvatnet er blitt varmare.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Kjelder:

  • Junior vitenskap (2018)
    Orage Forlag AS 
  • Vår fantastiske planet (2017)
    Orage Forlag AS 

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Ukjent
    4. NRK
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Ukjent
    8. Getty Images