Kunne menneske og dinosaurar ha levd saman?

Dinosaurane har alltid fascinert menneske. Vi har skrive bøker og laga filmar om dei. Men korleis veit vi korleis dei såg ut? Er det mogleg å attskape dinosaurane slik dei gjer i filmane om Jurassic Park? Kunne dinosaurar og menneske ha levd saman?

Accessibility icon Kunne menneske og dinosaurar ha levd saman?

Kunne menneske og dinosaurar levd saman?

Kva om dinosaurane ikkje hadde vorte utrydda for 66 millionar år sidan? Hadde det vore mogleg for oss å leve saman med dei? Ifølgje forskarar er dette heilt utenkjeleg.

Sjølv om det levde pattedyr saman med dinosaurane, var desse dyra små. Dei var ikkje så mykje større enn ein huskatt. Då dinosaurane døydde, kunne pattedyra utvikle seg vidare. Pattedyr føder levande ungar. Dinosaurane la egg.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Dinosaurane ville ha herska åleine

Dinosaurane hadde eksistert i over 150 millionar år då ein asteroide trefte jorda. Ein asteroide er ein kjempestor stein som svevar rundt i verdsrommet. Viss ikkje asteroiden hadde treft jorda, er det ikkje tvil om at dinosaurane hadde herska åleine.

Viss ikkje dinosaurane hadde døydd, ville aldri pattedyra fått sjansen til å utvikle seg. Då ville ikkje mennesket ha utvikla seg.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Heldt seg i skuggane

Pattedyra utvikla seg for rundt 220 millionar år sidan, omtrent samtidig som dinosaurane. Men dinosaurane var sterkest og størst.

Pattedyra heldt seg i skuggane og gøymde seg for dei store dinosaurane. Dei åt stort sett insekt, kanskje frø og nokre små dinosaurar.

Eohippus – Urhest  📷
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Urhest
Urhest

Overlevde katastrofen

Då den ti kilometer breie asteroiden trefte jorda, døydde alle dinosaurane som ikkje kunne flyge. 75 prosent av alle pattedyr døydde.

Nokre få pattedyr klarte seg. Desse dyra var små og åt mykje ulikt.

Då alle dei ikkje-flygande dinosaurane var borte, tok pattedyra over. I løpet av nokre hundre tusen år utvikla pattedyra seg til nye artar.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Dinosaur og asteroide
Dinosaur og asteroide

Mangfaldet eksploderte

Omtrent 500 000 år etter at dinosaurane forsvann, hadde nokre pattedyr vorte så store som sjæferar. Desse artane er årsaka til at det finst fleire enn 5000 pattedyrartar i dag. Dette hadde ikkje skjedd viss ikkje dinosaurane hadde døydd ut.

Pattedyra som levde saman med dinosaurane, klarte ikkje å utvikle seg vidare. Dinosaurane dominerte altfor mykje. Men då dinosaurane døydde ut, begynte mangfaldet å eksplodere.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Koalabjørn
Koalabjørn

Kjelder:

  • Dinosaurenes verden (2020)
    Orage Forlag AS

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images