Kunne menneske og dinosaurar ha levd saman?

Dinosaurane har alltid fascinert menneske. Vi har skrive bøker og laga filmar om dei. Men korleis veit vi korleis dei såg ut? Er det mogleg å attskape dinosaurane slik dei gjer i filmane om Jurassic Park? Kunne dinosaurar og menneske ha levd saman?

Accessibility icon Kunne menneske og dinosaurar ha levd saman?

Kunne mennesker og dinosaurer ha levd sammen?

Kva om asteroiden aldri hadde treft jorda, og dinosaurane ikkje vart utrydda for 66 millionar år sidan? Hadde det vore mogleg for oss å leve saman med desse digre skapningane?

«Det er heilt utenkjeleg», seier paleontolog Thomas Williamson ved New Mexico Museum of Natural History and Science.

Sjølv om det fanst pattedyr medan dinosaurane regjerte, var dessa dyra små. Dei var ikkje så mykje større enn ein huskatt. Det var ikkje før dinosaurane døydde ut at pattedyra voks i storleik. Denne utviklinga leidde til slutt fram til menneskeslekta.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Dinosaurane ville ha herska åleine

Dinosaurane hadde klart seg veldig bra i over 150 millionar år då asteroiden trefte jorda. Viss ikkje asteroiden hadde treft jorda, er det ikkje tvil om at dei framleis kom til å utvikle seg.

Viss ikkje dinosaurane hadde døydd, ville aldri pattedyra fått sjansen til å utvikle seg i den nye verda. Viss ikkje pattedyra hadde fått sjansen, hadde det ikkje vore nokon primatar eller menneske.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Heldt seg i skuggane

Pattedyra utvikla seg for rundt 220 millionar år sidan, omtrent samtidig som dinosaurane. Men dinosaurane fekk overtaket, utvikla seg til mange tusen artar, spreidde seg rundt omkring i verda og voks seg digre.

Pattedyra heldt seg i skuggane og dominerte ikkje omgivnadene sine. I staden åt dei første pattedyra stort sett insekt, kanskje frø og nokre små dinosaurar, ifølgje fossile funn.

Eohippus – Urhest  📷
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Urhest
Urhest

Overlevde katastrofa

Då den ti kilometer breie asteroiden trefte jorda, døydde alle dinosaurane – bortsett frå dei som kunne flyge. Samtidig døydde 75 prosent av alle pattedyra.

Nokre få pattedyr greidde seg gjennom utryddinga. Desse pattedyra ser ut til å ha vore små, og dei åt mykje ulikt. Slik overlevde dei i kaoset rett etter asteroiden.

Då alle dei ikkje-flygande dinosaurane var borte, tok pattedyra over. I løpet av nokre hundre tusen år utvikla pattedyra seg til nye artar, endra dietten og vart større.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Dinosaur og asteroide
Dinosaur og asteroide

Mangfaldet eksploderte

Omtrent 500 000 år etter at dinosaurane forsvann, hadde nokre pattedyr vorte så store som sjæferar. Desse artane er årsaka til at det finst fleire enn 5000 pattedyrartar i dag. Dette hadde ikkje skjedd viss ikkje dinosaurane hadde døydd ut.

Pattedyra som levde saman med dinosaurane, klarte ikkje å utvikle eit mangfald. Dinosaurane dominerte altfor mykje. Men så, akkurat då dinosaurane døydde ut, begynte mangfaldet å eksplodere.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Koalabjørn
Koalabjørn

Kjelder:

  • Dinosaurenes verden (2020)
    Orage Forlag AS

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images