Kva gjer ein tale god?

Ein tale er aldri berre ei samling ord. Den er ei målretta handling retta mot eit publikum, der språket blir brukt strategisk for å påverke forståing, haldningar eller kjensler. Retorikk er læra om denne forma for språkleg påverking, og den har vore gjenstand for systematisk refleksjon sidan antikken.

Allereie i det romerske republikanske samfunnet var munnleg framføring avgjerande for politisk og juridisk deltaking. Ein av dei mest innverknadsrike retorikarane frå denne perioden var Marcus Tullius Cicero. Han hevda at ein god tale ikkje oppstår tilfeldig, men er resultatet av medvitne val i alle ledd av talearbeidet.

Cicero beskreiv denne prosessen gjennom det som seinare har vorte kjent som dei fem fasane til talen: inventio, dispositio, elocutio, memoria og actio. Desse fasane utgjer ikkje ei rigid oppskrift, men eit analytisk rammeverk som synleggjer korleis innhald, struktur, språk og framføring verkar saman. At desse omgrepa framleis blir brukte i dag, viser kor presist dei fangar grunnleggjande mekanismar i munnleg kommunikasjon.

Å arbeide retorisk med ein tale inneber derfor ikkje berre å formulere ein bodskap, men å forstå korleis publikum oppfattar, tolkar og hugsar det som blir sagt. I dette perspektivet verkar talekunst som ei ferdigheit der teknikk og situasjonsforståing er like viktige som sjølve innhaldet.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Inventio

Inventio karakteriserer den innleiande fasen i arbeidet med ein tale og handlar om å finne og forme stoffet. I retorisk forstand dreier dette seg ikkje berre om val av tema, men at du utviklar ein presis bodskap og er tydeleg på kva briller du har på når du beskriv personen/situasjon du held tale for.

Ein tale som manglar eit klart formål, vil ofte verke fragmentert og lite minneverdig, sjølv om den er språkleg velformulert og godt framført.

Eit vanleg problem i talar er at dei blir for generelle. Når talaren prøver å seie «litt om alt», blir det uklart kva publikum eigentleg skal sitje igjen med. Inventio fungerer som eit korrektiv til dette ved å tvinge talaren til å avgrense og prioritere. Kva er det sentrale poenget? Kva er det publikum skal forstå, erkjenne eller ta stilling til etter talen?

Denne fasen inneber også val av vinkling. Same emne kan behandlast på svært ulike måtar, avhengig av kva aspekt talaren ønskjer å løfte fram. Ein tale i ein høgtideleg samanheng kan til dømes vektleggje tradisjon og kontinuitet, medan ein tale i ein skulekontekst kan rette blikket mot utvikling og framtid. Vinklinga fungerer som eit filter som avgjer kva døme, historier og argument som er relevante.

Inventio er derfor ein selektiv prosess. Du vel ikkje berre kva som skal med, men også kva som medvite skal utelatast. Når dette arbeidet er gjort grundig, legg det eit solid grunnlag for vidare arbeid med struktur, språk og framføring. Utan ein gjennomtenkt inventio risikerer talen å mangle retning, same kor teknisk godt han elles er utført.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!

 
 
 
 
 
 
Close Icon

Loading...