Kunsten å skifte meining

Det kan vere vanskeleg å bestemme seg, men kvifor er det ofte endå vanskelegare å skifte meining? Skal du alltid stå for meiningane dine, eller kan det vere lurt å trene på å utfordre dei? Kvifor skal du endre meining, og når bør du gjere det?

Accessibility icon Kunsten å skifte meining

Kunsten å
skifte meining

Nokre gongar skal vi ta mindre val, som kva vi skal ete, kva vi skal ha på oss, eller kva serie vi skal sjå på. Då er vi relativt opne for innspel, og vi kan ombestemme oss raskt når vi får ny informasjon.

Andre gongar kan vala kjennest større og viktigare. Skal du ta yrkesfag eller studiespesialisering? Kva for eit politisk parti skal du stemme på? Er det riktig å gi pengar til tiggarar? Dette er val som seier noko om kven du er, skal bli eller vil vere, og du må gjere deg opp ei meining som du er fornøgd med.

Når vi først har bestemt oss, kan det vere veldig vanskeleg å skifte meining. Kvifor er det sånn? Og kvifor skal vi eigentleg måtte skifte meining?

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Dame som sitter foran pcen og tenker
Dame som sitter foran pcen og tenker

Korleis kjem vi fram til det vi meiner?

Verdiane vi har, er grunnlaget for haldningane og meiningane våre. Gjennom oppveksten dannar vi verdiane våre ut frå opplevingar vi har, menneske vi har rundt oss, og miljøet vi er ein del av.

Det er desse verdiane vi kjenner på når det er snakk om rettferd, likestilling, ærlegdom eller solidaritet. Verdiane våre er så djupt forankra i oss at vi ikkje alltid er klar over dei. Dei omfattar verdsbilde, menneskesyn eller kva trusretning vi har.

Vi veit kva vi synest er rettferdig og ikkje, men det er ikkje alltid like lett å forklare kvifor. Dersom verdiane våre blir utfordra eller trua, vil vi kjenne behovet for å ta vare på og verne dei.

Haldningar er oppfatningar eller innstillingar vi har, og dei sit djupare enn meiningar. Opplevingar, erfaringar og kunnskap dannar grunnlaget for haldningane våre, og dei blir utvikla i samspel med omgivnadene våre.

Haldningane våre er med på å bestemme korleis vi reagerer i møte med menneske, eller korleis vi forheld oss til ulike saker. Haldningar kan vere vanskeleg å endre. Ei haldning som ikkje er sakleg, eller som er unyansert og ikkje byggjer på fakta, kallar vi ein fordom.

Meiningane våre handlar om kva vi konkret meiner om til dømes personar eller saker. Ikkje alle meiningar sit like djupt i oss, og dei treng ikkje å påverke handlingane våre. Vi kan endre meiningar som er meir overfladiske og som ikkje utfordrar haldningane eller verdiane våre.

Forrige avsnitt

1 / 6

Neste avsnitt
Tenåring snakker i en støttegruppe
Tenåring snakker i en støttegruppe

Usamde?

Viss du skal sjå ein TV-serie med venner, og de er usamde om kva de skal sjå, kan du heilt sikkert endre meining viss dei andre argumenterer godt for det. Men kva viss det er større ting, ting du brenn for og synest er viktig – kor lett er det å endre meining då?

Jentegjeng som ser på film med pop corn
Jentegjeng som ser på film med pop corn

Eg skjønner ikkje kvifor dei ikkje berre forstår!

Ofte trur vi så sterkt på det vi sjølve meiner, at det kjennest som at dei som meiner noko anna, tek feil. Likevel kan det vere nesten umogleg å få andre til å forstå kvifor det vi meiner, er riktig og viktig. Vi kan argumentere og leggje fram grunnlag for det vi trur på, men i staden for at motstandaren forstår, så står dei endå sterkare på si side.

Det er faktisk sånn at vi gjerne set logikken til side for å støtte konklusjonen som passar haldningane våre best. Men kvifor er det sånn?

 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Treng vi eigentleg å endre meining?

Det kan hende du ikkje har full oversikt

Vi er omringa av store mengder informasjon kvar dag. I sosiale medium blir informasjonen spreidd veldig raskt, men han er uoversiktleg. Han kan vere misleiande og ufullstendig, og han er ofte ei blanding av sant og usant. Vi kan oppleve at vi veit veldig mykje om noko, fordi vi har lese mykje om det.

Legg til rette for at andre kan
utfordre  meiningane sine

Gjennom respektfull, kritisk og kreativ dialog kan vi få andre opne for å endre meiningane sine. Ved å snakke om det vi er usamde om, skaper vi eit meir inkluderande samfunn, og vi bidreg til å bryte ned fordommar. Når vi tar meiningane til kvarandre på alvor, gjer vi det tryggare for kvarandre å våge å revurdere det vi allereie trudde vi visste.

Vi kan lære av usemje

Vi treng ikkje alltid å endre meining, men vi har godt av å utfordre eigne – og andres – meiningar. Å endre meining er ikkje nødvendigvis å meine det motsette av tidlegare, men det kan vere vi får inn nokre nye perspektiv. I samtalar og kommunikasjon kan vi utvide forståinga vår, og nye idéar kan oppstå. 

Kva trur du? Lærer du meir om eigne meiningar ved å lytte til nokon som meiner noko anna enn deg sjølv?

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
En gjeng tenåringer som sitter sammen i et friminutt
En gjeng tenåringer som sitter sammen i et friminutt

Kvifor er det så vanskeleg å endre meining?

Tenk deg at du forsøv deg og må springe for å rekke bussen. Legg du merke til sola som begynner å varme og fuglane som kvitrar då? Korleis trur du det er med alt vi ser, les og høyrer kvar dag – får du med deg alt? Basert på kva vi filtrerer bort, kva som kjennest riktig, kva dei vi omgir oss med meiner, og kva som stadfestar det vi allereie trudde, gjer vi oss opp meiningar og byggjer haldningar.

Bekreftelse

Vi liker aller best å få bekrefta det vi allereie trur. Når vi først har gjort oss opp ei meining om noko, kjennest det godt å få bekrefta det vi trur. Kort sagt vil vi heller vinne diskusjonar enn å finne ut kva som faktisk stemmer.

 

 

Tilhøyrsle

Det å meine det same som dei vi omgir oss med, skaper tilhøyrsle. Meiner vi noko anna enn fleirtalet, distanserer vi oss frå gruppa, og vi risikerer å hamne utanfor. Vi liker best fakta som knyter oss tettare til dei gruppene vi vil vere ein del av. Identiteten vår er tett knytt saman med tilhøyrsle. Når nokon utfordrar meiningane våre, kan det kjennest som eit angrep på den vi er og dei vi identifiserer oss med.

Det kjennest riktig

Vi tar ofte beslutningar basert på kjenslene våre. Sjølv om det kan vere rasjonelt å endre meining, kan det likevel vere vanskeleg. Det å vurdere eigne meiningar kritisk, kan kjennast ubehageleg og utfordrande. Vi liker betre å ha det komfortabelt. Kjensla av tryggleik og føreseielegheit vinn ofte over det rasjonelle.

Vi filtrerer bort

Vi kan slite med å forhalde oss til for mange sider av ei sak på ein gong. I kombinasjon med alle sanseinntrykk og all annan informasjon vi tek inn, risikerer vi å bli overvelda. Hjernen vår filtrerer umedvite bort det som ikkje er viktig for oss til eikvar tid.

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt
En gutt som prøver å få bussen til å stoppe
En gutt som prøver å få bussen til å stoppe

Kva skal til for at vi
endrar meining?

For å endre meining må vi sjå på det vi allereie har tenkt med eit kritisk blikk, og vi må vere villige til å lære noko nytt. Klarer vi å setje spørsmålsteikn ved eigne tankar, er vi godt på veg.

Det kan vere spennande å lære nye ting, men å lære er ikkje berre godt – det er litt vondt òg. Vi må utfordre forståinga vi har, våge å tenkje nye tankar og prøve nye ting.

Når bør ein endre meining, og kva kan skje dersom ingen endrar meining?

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Barn som ligger på gulvet å tegner
Barn som ligger på gulvet å tegner

Korleis kan vi trene kritisk tenking?

Den beste måten å trene på kritisk tenking, er gjennom openheit. Vi må vere opne for at det vi tenkjer, kanskje ikkje er rett, og vi må velje å utforske det. 

Har du nokon gong vore heilt sikker på at du har rett og dei andre har feil? Korleis var det, og kva gjorde du?

Kva meiner dei som ikkje meiner det same som oss, og kvifor meiner dei det? Gjennom openheit og forvitenskap i dialog kan vi lære av kvarandre, sjølv om vi ikkje meiner det same i utgangspunktet.

Korleis har du eigentleg komme fram til det du trur på? Er du sikker på at informasjonen du har, er rett, eller har det komme ny informasjon som du bør undersøke?

Kor viktig er det å vere einig med dei du omgir deg med? Byggjer fellesskapet på felles sanningar, eller er det opent for å stille kritiske spørsmål?

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt
Elever som gjør lekser sammen
Elever som gjør lekser sammen

Høyrer du?

Vi endrar verken eigne eller andre sine meiningar om vi ikkje trenar oss opp i det å lytte. Vi må lytte til dei vi er samde med og dei vi er usamde med. Vi lærer lite når alle er meir opptekne av å seie sitt enn faktisk å høyre etter – men korleis kan du bli ein god lyttar?

Det finst ulike måtar å lytte på:

  • Indre lytting: Du lyttar, men tar utgangspunkt i deg sjølv og filtrerer det du høyrer gjennom eigne verdiar, erfaringar og interesser. 
  • Konsentrert lytting: Du lyttar med utgangspunkt i verdiane, erfaringane, ønska og måla til den du lyttar til. Du prøver å høyre kva dei seier og kor tankane kjem frå, og du legg merke til viktige nøkkelord.

Ikkje-verbal lytting: Du lyttar til dei tinga som ikkje blir sagt, men som understrekar det som blir sagt. Det kan vere toneleie, trykk, volum, tempo, rytme, kroppsspråk og ansiktsuttrykk.

Konsentrert og ikkje-verbal lytting er aktiv lytting. Vi prøver å forstå kva den andre faktisk seier, utan å vere fordomsfull. Å lytte aktivt er vanskeleg, og det er noko vi må øve på. Når vi lyttar aktivt, opplever dei vi lyttar til, stadfesting og anerkjenning – og det skaper tillit.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
En jente som hører på det venninnen har å fortelle
En jente som hører på det venninnen har å fortelle

Korleis trene på aktiv lytting i praksis?

1. Ver til stades, og lat den andre snakke ferdig utan at du avbryt.
2. Prøv å sjå saka frå den andre si side, søk augekontakt og legg deg på same  kroppsspråk og stemmeleie.
3. Bekreft at du lyttar ved å nikke, sei «OK», «Eg høyrer kva du seier», eller «Eg skjønner kva du meiner».

4. Ver nysgjerrig, og spør dersom du ikkje forstår: «Kva meinte du då du sa det?», eller «Kan du forklare det ein gong til?»
5. Gjenta det personen seier: «Så det du fortel meg er …»,  og «Har eg oppfatta det rett?»
6. Utforsk dersom du meiner at det blir sagt noko feil: «Det var interessant – kan du fortelje meir om det?», eller «Eg har ikkje tenkt på det sånn før – kan vi utforske det meir saman?»

Gjennom aktiv lytting kan vi utvide forståinga vår utan at nokon opplever å tape ansikt fordi dei taper ein diskusjon. Vi skaper i staden tillit og rom for undring, slik at ulike syn og nye tankar kan oppstå.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Vi må utfordre kvarandre!

Vi er ikkje alltid samde, men usemje kan vere positivt. Gjennom respektfulle meningsutvekslingar og samtalar kan vi få ny innsikt. I gode samtalar, der vi kjenner oss trygge, kan vi tillate oss å vurdere eigne meiningar kritisk og ta til oss ny informasjon som kan endre både meiningar og haldningar. Viss vi klarer å kvitte oss med dårlege idear, kan vi samtidig samle på dei gode.

Tenk på ei sak som du synest er veldig viktig. Kva meiner dei som er usamde med deg?

Mor som hjelper barna med lekser
Mor som hjelper barna med lekser

Kjelder:

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Bilde- og videorettar:

      1. Getty Images
      2. Getty Images
      3. Getty Images
      4. Getty Images
      5. Getty Images
      6. Getty Images
      7. Getty Images
      8. Getty Images
      9. Getty Images
      10. Getty Images
      11. Getty Images