Kunsten å skifte meining

Det kan vere vanskeleg å bestemme seg, men kvifor er det ofte endå vanskelegare å skifte meining? Skal du alltid stå for meiningane dine, eller kan det vere lurt å trene på å utfordre dei? Kvifor skal du endre meining, og når bør du gjere det?

Accessibility icon Kunsten å skifte meining

Kunsten å
skifte meining

Det kan vere vanskeleg å bestemme seg. Nokre gongar skal vi ta mindre val. Det kan vere å velje  mat, klede eller ein TV- serie. Då er vi ganske opne for innspel. Vi kan raskt endre meining når vi får ny informasjon.

Andre gongar kan vala kjennest større og viktigare. Skal du ta yrkesfag eller studiespesialisering? Kva for eit politisk parti skal du velje? Bør ein gi pengar til tiggarar? Dette er val som seier noko om kven du er, skal bli eller vil vere. Du må skape ei meining som du er fornøgd med.

Det kan vere vanskeleg å skifte meining når vi først har bestemt oss. Kvifor er det sånn? Må vi eigentleg skifte meining?

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Dame som sitter foran pcen og tenker
Dame som sitter foran pcen og tenker

Korleis kjem vi fram til det vi meiner?

Verdiane vi har, er grunnlaget for haldningane og meningane våre. Gjennom oppveksten dannar vi verdiar ut frå opplevingar. I tillegg bidreg menneska og miljøet rundt oss.

Desse verdiane kjenner vi på når det er snakk om rettferd, likestilling, ærlegdom eller solidaritet. Verdiane sit så djupt i oss at vi ikkje alltid er klar over dei. Dei inneheld verdsbildet vårt, menneskesynet vårt og trusretninga vår.

Vi veit kva vi synest er rettferdig og ikkje. Det er berre ikkje alltid like lett å forklare kvifor. Dersom verdiane blir utfordra eller trua, ønskjer vi å ta vare på og beskytte dei.

Haldningar er oppfatningar eller innstillingar vi har. Dei sit djupare enn meiningar. Opplevingar, erfaringar og kunnskapar dannar grunnlaget for haldningane våre. Utviklinga skjer i samspel med omgivnadene våre.

Haldningane våre hjelper oss til å ta stilling til noko. Dei kan vere vanskeleg å endre. Ei haldning som ikkje handlar om fakta, kan vi kalle ein fordom. Vi trur noko om nokon utan å vite det for sikkert. Då kan vi ofte tenkje feil om folk.

Meiningar kan dukke opp heile tida. Men meiningar treng ikkje å sitje så djupt i oss. Vi kan meine noko om ein nabo utan å mislike personen. Misliker vi personen, blir det ei haldning vi har til vedkommande. Det er ikkje sikkert vi heilt veit kvifor vi misliker nokon. Det har berre vorte sånn.

Forrige avsnitt

1 / 6

Neste avsnitt
Tenåring snakker i en støttegruppe
Tenåring snakker i en støttegruppe

Usamde?

Skal du sjå ein TV-serie med venner? Då kan de lett bli usamde, men kan og ha lett for å skifte meining. Spesielt viss dei andre argumenterer godt. Men viss det er viktigare ting du brenn for – kor lett endrar du meining då?

Jentegjeng som ser på film med pop corn
Jentegjeng som ser på film med pop corn

Eg skjønner ikkje kvifor dei ikkje berre forstår!

Ofte trur vi så sterkt på meiningane våre at alle meiningane til andre blir feil. Det er nesten umogleg å få andre til å forstå kvifor meininga vår er riktig og viktig. Vi kan argumentere godt for det vi trur på. Likevel står motstandaren endå sterkare på meininga si. 

Nokre gonger set vi det logiske til side. Vi støttar det som passar best til våre eigne haldningar. Kvifor er det sånn?

 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Treng vi eigentleg å endre meining?

Det kan hende du manglar oversikt

Vi blir omringa av mykje informasjon kvar dag. I sosiale medium blir informasjon spreidd raskt. Han kan vere uoversiktlig og er ofte ei blanding av sant og usant. Det er ikkje sikkert du har heilt oversikt sjølv om du har lese mykje.

Legg til rette for at andre kan
utfordre  meiningane sine

Viser du respekt når du snakkar med andre, kan dei lettare endre meining. Ved å respektere usemje, skaper vi eit meir inkluderande samfunn. Det kan bli tryggare å tenkje heilt nytt. 

Vi kan lære av usemje

Vi treng ikkje alltid endre meining. Allikevel har vi godt av å utfordre meiningane til kvarandre. Ein må heller ikkje endre meining totalt. Nokre gongar er det bra å få inn nokre nye tankar. I gode samtalar kan vi få breiare forståing, for deretter å få nye idéar.

Kva trur du? Lærer du meir om eigne meiningar når du lyttar til andre sine meiningar?

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
En gjeng tenåringer som sitter sammen i et friminutt
En gjeng tenåringer som sitter sammen i et friminutt

Kvifor er det så vanskeleg å endre meining?

Tenk deg at du forsøv deg og må springe for å rekke bussen. Merkar du varmen frå sola og kvitringa til fuglane då? Får du med deg alt du ser, les og høyrer kvar dag? Vi gjer oss opp meiningar og haldningar basert på alt rundt oss. Samtidig filtrerer vi bort ting som ikkje kjennest rett. Dei vi er saman med, forsterkar ofte dei meiningane og haldningane vi har. Sjølv om noko av det kan vere feil. 

Bekreftelse

Vi liker aller best å få bekrefta det vi allereie trur. Når vi har ei meining om noko, kjennest det godt å få det bekrefta. Kort sagt vil vi heller vinne diskusjonar enn å finne ut kva som stemmer.

 

 

Tilhøyrsle

Det skaper tilhøyrsle å ha dei same meiningane som folk rundt oss. Andre meiningar enn fleirtalet kan skape avstand mellom folk. Då risikerer ein å hamne utanfor. Vi liker best fakta som knyter oss tettare til gruppa vår. Identitet og tilhøyrsle er tett knytt saman. Når nokon utfordrar meiningane våre, kan det kjennest som eit angrep på den vi er og dei vi identifiserer oss med.

Det kjennest riktig

Vi tar ofte avgjerder basert på kjenslene våre. Det kan vere logisk å endre meining, men vanskeleg likevel. Det kan kjennest ubehageleg og utfordrande å vurdere eigne meiningar kritisk. Det er betre å ha det trygt, komfortabelt og føreseieleg. Desse kjenslene vinn ofte over det logiske.

Vi filtrerer bort

Det kan vere vanskeleg å tenkje på mange sider av ei sak samtidig. Vi kan bli overvelda av alle sanseinntrykk og informasjonen vi får. Hjernen filtrerer ubevisst bort ting som ikkje er viktige.

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt
En gutt som prøver å få bussen til å stoppe
En gutt som prøver å få bussen til å stoppe

Kva skal til for at vi
endrar meining?

For å endre meining må vi sjå på det vi allereie har tenkt. Vi må bruke kritisk blikk og vere villige til å lære noko nytt. Klarer vi å setje spørsmålsteikn ved eigne tankar, er vi godt på veg.

Det kan vere spennande å lære nye ting. Å lære er både godt og litt vondt. Vi må utfordre forståinga vi har. Våge å tenkje nye tankar og prøve nye ting.

Når bør ein endre meining? Kva kan skje dersom ingen endrar meining?

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Barn som ligger på gulvet å tegner
Barn som ligger på gulvet å tegner

Korleis kan vi trene kritisk tenking?

Openheit er den beste måten å trene på kritisk tenking på. Vi må vere opne for at vi kanskje ikkje tenkjer rett. Vi må velje å utforske det.

Har du nokon gong vore heilt sikker på at du har rett, og dei andre har feil? Korleis var det, og kva gjorde du?

Kva meiner dei som har ei anna meining enn oss? Kvifor er det slik? Gjennom opne og nysgjerrige samtalar kan vi lære av kvarandre. Også  sjølv om vi ikkje meiner det same frå før.

Korleis kom du eigentleg fram til det du trur på? Er du sikker på at du har rett informasjon? Eller har det komme ny informasjon du bør undersøke?

Kor viktig er det å vere samde med dei du er saman med? Byggjer fellesskapet på felles sanningar? Eller blir det opna for å stille kritiske spørsmål?

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt
Elever som gjør lekser sammen
Elever som gjør lekser sammen

Høyrer du?

For å endre meiningar må vi lære oss å lytte. Vi må lytte til både dei vi er samde og usamde med. Vi lærer lite når alle er meir opptekne av sitt eige enn faktisk å høyre etter. Korleis kan du bli ein god lyttar?

Det finst ulike måtar å lytte på:

  • Indre lytting: Du lyttar med bakgrunn i deg sjølv. Du filtrerer det gjennom eigne verdiar, erfaringar og interesser.
  • Konsentrert lytting: Du lyttar med bakgrunn i den du snakkar med. Du forsøker å høyre kva dei seier og kvar tankane kjem frå. Du legg merke til viktige ord.

Ikkje-verbal lytting: Du lyttar til dei usagde tinga. Det som understrekar det som blir sagt. Det kan vere stemmebruk, volum, tempo, kroppsspråk og ansiktsuttrykk. 

Konsentrert og ikkje-verbal lytting er aktiv lytting. Vi forsøker utan fordommer å forstå kva den andre seier. Å lytte aktivt er vanskeleg. Vi må øve. Når vi lyttar aktivt, opplever dei vi lyttar til, aksept og støtte. Det skaper tillit.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
En jente som hører på det venninnen har å fortelle
En jente som hører på det venninnen har å fortelle

Korleis trene på aktiv lytting i praksis?

  1. Ver til stades. Lat den andre snakke ferdig utan avbrot.
  2. Prøv å sjå saka frå den andre si side. Søk augekontakt.
  3. Bekreft at du lyttar ved å nikke. Sei «OK», «Eg høyrer kva du seier», eller «Eg skjønner kva du meiner».

4. Ver nysgjerrig. Spør om du ikkje forstår: «Kva meinte du då du sa det?», eller «Kan du forklare ein gang til?»
5. Gjenta det personen seier: «Det du fortel meg er …», og «Har eg oppfatta rett?»
6. Utforsk om du kjenner det som blir sagt er feil: «Det var interessant – kan du fortelje meir?», eller «Eg har ikkje tenkt på det sånn før – kan vi utforske det saman?»

Gjennom aktiv lytting kan vi utvide forståinga vår. Og det utan at nokon tapar ansikt fordi dei taper ein diskusjon. Vi skaper i staden tillit og rom for undring. Slik kan ulike syn og nye tankar oppstå.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Vi må utfordre kvarandre!

Vi er ikkje alltid samde, og det kan vere positivt. Gjennom respektfulle diskusjonar og samtalar kan vi få ny forståing. Gode, trygge samtalar tillet oss å vurdere eigne meiningar kritisk. Ny informasjon kan endre både meiningar og haldningar. Klarer vi å kvitte oss med dårlege idear, så kan vi heller samle på dei gode.

Tenk på ei sak som du synest er veldig viktig. Kva meiner dei som er usamde?

Mor som hjelper barna med lekser
Mor som hjelper barna med lekser

Kjelder:

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Bilde- og videorettar:

      1. Getty Images
      2. Getty Images
      3. Getty Images
      4. Getty Images
      5. Getty Images
      6. Getty Images
      7. Getty Images
      8. Getty Images
      9. Getty Images
      10. Getty Images
      11. Getty Images