Kva består eit menneske av?
Mennesket er bygd opp av grunnstoff i ulike mengder. Har du tenkt over kva du eigentleg består av?
Er det mogleg å skape eit menneske viss vi blandar alle ingrediensane som står under? Fram til no er det ingen som har fått det til.
Eit menneske på cirka 70 kilo består av:
Oksygen: 45,5 kilo
Det aller meste av oksygenet i kroppen er bunde til hydrogen og utgjer vatn (H2O). Tenk over kvar vatnet kan vere i kroppen.
Karbon: 12,6 kilo
Viss du hadde gjort om dette til grillkol, ville det ha blitt mykje kol til grilling.
Hydrogen: 7 kilo
Hydrogen er saman med oksygen ein del av vatnet som menneskekroppen består av.
Nitrogen: 2,1 kilo
Nitrogen er ein viktig del av protein, feitt og karbohydrat som finst i kroppen. Alt dette er med på å byggje kroppen, og det gir kroppen energi.
Kalsium: 1,05 kilo
Kalsium er ein viktig del av skjelettet.
Fosfor: 700 gram
Fosfor og kalsium går saman om å styrke skjelettet og tennene.
Svovel: 175 gram
Svovel speler ei viktig rolle for kor godt blodet fangar oksygenet i kroppen.
Kalium: 140 gram
Kalium speler ei viktig rolle for nervesystemet i kroppen. Tenk kor raskt nervesystemet må fungere viss du tek på noko som er veldig varmt.
Klor og natrium: 105 gram x 2
Natrium og klor blir til saman vanleg salt. Begge grunnstoffa passar på at vi har nok væske i kroppen. Dei hjelper òg nervesystemet til å fungere best mogleg. Tenk over kor mykje salt du bruker når du et.
Det står att 525 gram, som er ei variert blanding av cirka 50 forskjellige andre grunnstoff.
Kjelder:
- Illustrert vitenskap (21.12.21): Ti ingredienser i et menneske
https://illvit.no/mennesket/kroppen/ti-ingredienser-i-et-menneske
Bilde- og videorettar:
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images