Frivilligheit

Ordet «frivilligheit» inneheld to ord: fri og villig. Når du jobbar frivillig, då får du ikkje løn. Kvifor vel så mange å jobbe som frivillig då?

FN har bestemt at 2022 er frivilligheitsåret.

 

Eit eige år og ein eigen dag

Frivilligheita har fått eit eige år, men den har også ein eigen dag kvart einaste år den 5. desember. Då blir det delt ut ein pris til ein person eller ei forening som har gjort ein god frivillig innsats. Prisen blir kalla Frivilligheitsprisen.

Målet med frivilligheitsåret

FNs viktigaste mål er å skape fred i verda. Frivillig arbeid kan bidra til at menneske blir venner og hjelper kvarandre. Frivilligheit kan skape ei betre verd!

Målet for frivilligheitsåret:

1. Få fleire til å jobbe frivillig.

2. Skape frivillig arbeid fleire stader.

3. Få fleire til å forstå verdien av frivillig arbeid.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Fargerike armer av papir strekker seg mot jordkloden i midten.
Fargerike armer av papir strekker seg mot jordkloden i midten.

Hæ, jobbe gratis?

Når du jobbar, vil du sikkert ha ei betaling for det?
Når du får betalt i form av tenester og gåver, kallar vi det eit bytesamfunn. Eit døme er viss du slår plenen for meg, kan eg handle for deg.

Kvifor skal vi jobbe som frivillige?

Vi venter ofte å få betaling for å jobbe. Kva er grunnen til at vi då skal jobbe som frivillige?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Nærbilde av en gressklipper som klipper gress.
Nærbilde av en gressklipper som klipper gress.

Ei anna påskjønning

Når du jobbar som frivillig, får du ei annan form for påskjønning. Det kan vere ei god kjensle, opplevinga av meistring, glede eller fellesskap.

Berre tenkje på andre?

Når du set andres behov føre dine eigne, blir det kalla å handle altruistisk.

Berre tenkje på seg sjølv?

Det motsette av altruisme er egoisme. Ein egoist tenkjer berre på seg sjølv og sitt.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Ung gutt dytter en bil.
Ung gutt dytter en bil.

Det er lett å bli med!

Det er mange måtar du kan jobbe som frivillig på. Du kan gjere det åleine eller gjere det saman med andre. Du kan melde deg inn i:

• frivillige organisasjonar
• interesseorganisasjonar
• ideelle organisasjonar

Kva er ein frivillig organisasjon?

Ein frivillig organisasjon består av menneske som gjer ein jobb for andre.
Organisasjonen tener ikkje pengar, men kan få inntekter frå medlemmane sine eller frå sponsorar.

Ein ideell organisasjon

En ideell organisasjon har som mål å hjelpe andre. Organisasjonen tener ikkje pengar på hjelpa som blir gitt.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
To personer og en hund som redder noen i snøen.
To personer og en hund som redder noen i snøen.

Sentral for frivilligheit

Frivilligheitssentralen deler ut oppgåver til dei frivillige. I Noreg har vi 478 sentralar. Dei jobbar for at alle som vil jobbe som frivillige, skal få moglegheit til det.

Ung jente pakker matkasser til trengende.
Ung jente pakker matkasser til trengende.

Eit betre samfunn

Frivillig arbeid blir ikkje målt i pengar, men likevel er det veldig verdifullt. Når du hjelper andre, er du med på å skape eit betre samfunn.

Ha ein klar avtale

Viss du jobbar som frivillig, er det lurt med ein avtale. Dei som du jobbar for, må vite at dei ikkje treng å betale for det du gjer. Men ein hyggeleg takk er det alltid fint å få!

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Et par bærer en sofa opp en trapp.
Et par bærer en sofa opp en trapp.

Kjelder:

  • Tjønneland, Eivind; Sagdahl, Mathea Slåttholm: altruisme i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 21. januar 2022 frå https://snl.no/altruisme

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images