I N T E R V J U
Kva brenn du for,
Cengiz?
Vi har snakka med Cengiz Al (25), skodespelar, kjend frå mellom anna «Skam» og «Tre nøtter til Askepott». I 2022 vann han «Skal vi danse All Stars» på TV 2.
av Kjersti Kvam

Cengiz Al
Dette brenn Cengiz for:
Unge må få hjelp til å finne sin indre glød og tru på seg sjølv!
– Eg hugsar kjempegodt då eg sjølv begynte å lure på kva eg eigentleg likte å drive med, kva eg kunne bli god i, seier Cengiz.

Cengiz Al og Astrid Smeplass i rollen som Aksepott og Prinsen i Tre nøtter til Askepott

Cengiz Al i dansestudio

Cengiz Al på en danseoppvisning

Cengiz Al og Rikke Lund, Skal Vi Danse All Stars 2022

Cengiz Al som danser i et dansestudio
Cengiz’ eigne idol
- Ei lokal eldsjel som heiter Wenche Brun! Ho skapte Attic dansestudio i Drammen. Ho begynte med å undervise dans til vennane sine heime hos seg sjølv, så vaks det seg til ein ordentleg danseskule, og til slutt skapte ho Attic, som er eit kjempestort og fint danselokale. I dag blir det drive av kommunen. Kjempeinspirerande!

Uskarpt bilde av et dansestudio
Viss eg var 16 år i dag, ville eg engasjert meg for …
… å skape ein stad for ungdom, kor det faktisk var kult å vere! Mange ungdomsklubbar i dag blir sett litt ned på, så eg ville ha sørgt for at det skulle bli ein chill stad kor det både var kult å lære, vere med på ting – eller berre henge.


Uskarpt bilde av ungdommer i et klasserom

Dette intervjuet er skrive av Kjersti Kvam for Skolerom, og det inngår i ein intervjuserie vi kallar Dette brenn eg for!
Bilde- og videorettar:
-
-
NRK
-
David Vu / Storm Films
-
Privat
-
Espen Solli / TV 2 / NTB
-
Privat
-
Privat
-
Adobe Stock
-
Privat / Getty Images
-