I N T E R V J U

Kva brenn du for,
Christina Fraas?

Urettferd er bensinen som Christina Fraas treng for å engasjere seg. Ei ubehageleg hending for nokre år sidan fekk henne til å heve stemma.

av Caroline Korsvoll

Cristina Fraas som poserer med en blomst
Cristina Fraas som poserer med en blomst
Dette brenn Christina for:

– Eg brenn for at vi må snakke meir om vald og overgrep!

Du har kanskje sett henne. Den fargerike jenta som fartar rundt i ein sjokkrosa van, som lagar kule interiør-løysingar til huset sitt, som glitrar i knalle fargar på den raude løparen og som tør å tale der andre teier. Christina Fraas vart først kjend for mange av oss gjennom Instagramkontoen «Kirsebærhagen» der vi fekk sjå korleis ho forvandla eit falleferdig hus på Nesodden til ein oase med kule interiørløysingar. Ho fekk raskt ei stor og engasjert følgjargruppe – og den samfunnsengasjerte dama begynte etter kvart å dele meir enn oppussing.

Cristina Fraas som isbader og er med venner
Cristina Fraas som isbader og er med venner

Blind vald

Ein sommarkveld i 2021 var Christina på veg heim frå Pride-feiring i Oslo sentrum. Ho hadde hatt ein fin kveld med kjærasten, og paret venta på båten heim til Nesodden. Plutseleg kom det ein framand mann bort til Christina og kjærasten. Han var nærgåande, provoserande og ubehageleg, og då ho dytta han vekk, vart ho slått i bakken.

– Eg vart slått i ansiktet så eg fall i bakken. Eg melde saka til politiet, men sjølv om det eksisterer film frå hendinga, at gjerningsmannen har vore inne til avhøyr, og at det var mange vitne til hendinga, så vart saka «bortlagt på grunn av bevisets stilling». Det gjorde meg redd at saka mi vart lagd bort når det var så mange bevis og vitne til stades. Det opna auga mine, og fekk meg til å tenkje at dette sikkert galdt mange fleire enn meg.

Christina delte hendinga på Instagram-kontoen sin, og i løpet av eit døgn fekk ho hundrevis av liknande historier i innboksen. Fellesnemnaren for historiene var at mange hadde opplevd å få saker om vald og valdtekt lagde bort.
– Mange var opprørte over at dei ikkje vart tekne på alvor då dei gjekk til politiet, medan andre var redde for å melde fordi dei ikkje trudde dei ville bli trudde og høyrde. Desse historiene gjorde at eg bestemde meg for å engasjere meg for at alle skal ha eit betre rettsvern, fortel Christina.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

1000 historier

I slutten av november 2022 oppretta Christina Fraas Instagram-kontoen @1000historier. På kontoen blir posta ekte historier frå ekte menneske som har opplevd vald, valdtekt eller overgrep. Dei fleste som sender inn historia si, er jenter og damer mellom 15 og 50 år, men Christina veit at det er store mørketal, og at også mange gutar, menn og ikkje-binære opplever vald og overgrep.

– Mange sit med ei historie som har vorte til eit gnagsår som er kjipt og vondt. Dei som deler historia si, anten ope eller anonymt, fortel at opplevingane er litt lettare å bere når dei deler historia med andre. Mange fortel òg at det gjer godt å vite at dei hjelper andre ved å fortelje historia si. At dei føler seg mindre åleine.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Instagramkontoen til @1000historier
Instagramkontoen til @1000historier

Er det ille nok?

Christina fortel at det er veldig mange som føler skam og skuldkjensle etter at dei har opplevd vald eller overgrep. Mange tviler på seg sjølve og på om det dei har opplevd, er ille nok.

– Når ein les andre sine historier utanfrå, så ser ein det med andre auge, og det blir så tydeleg at det dei har opplevd, ikkje er greit. Det er vanskelegare å sjå dette når det gjeld ein sjølv. Mange som skriv til oss, spør seg sjølve om det dei opplevde, var ille nok, om det var ei valdtekt eller eit overgrep, om dei har skuld i det sjølve.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Cristina Fraas som sitter foran en basketbane
Cristina Fraas som sitter foran en basketbane

Rett og gale

– Kva skal ein gjere om ein er usikker på det ein har opplevd?

– Det viktigaste vi kan gjere er å snakke om rett og gale. Kva er fysisk og psykisk vald? Kva er ei valdtekt? Kva er eit overgrep? Og kvar går grensene mellom frivillig sex og valdtekt?

– Det kan vere vanskeleg å snakke om sex, nærleik og forhold med vennegjengen, og då er det fint å seie det til nokon andre, anten ansikt til ansikt eller anonymt. Det viktigaste er å tore å seie det til nokon. Erfaringa mi er at det er veldig mange som har opplevd slike ting, men at ingen i gjengen torde å seie det først. Når nokon tek det første steget med å dele, blir det enklare for resten.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Illustrasjon av noen som drikker kaffe og snakker
Illustrasjon av noen som drikker kaffe og snakker

– Kvifor tviler dei på  historia si?

– Dei aller fleste som sender inn historia si til 1000historier, har fått saka si lagt bort hos politiet eller dei har følt på ei urettferd i møte med politiet. Mange vel å ikkje melde nettopp fordi dei veit at mange saker blir lagde bort, at det skjer lite eller ingen ting, og at alt tek lang tid. Andre har vorte møtte på ein dårleg måte hos politiet, og dei fortel at dei får spørsmål som mistenkeleggjer dei: Kvifor hadde du open rygg på kjolen din? Kvifor sa du ikkje nei tydelegare? Dette er ei unødvendig belasting, og det gjer det vanskelegare å melde.

Cristina Fraas som drikker kaffe
Cristina Fraas som drikker kaffe

Krev endring

Christina Fraas vart nominert til Plan sin Jentepris i 2019, 2020 og 2022 for sitt bidrag i kampen om kvinners rettar, og ho var semifinalist i VIXEN Influencer awards for «Årets sterke meining» i 2019 og 2021. Med prosjektet 1000historier på Instagram håpar ho at jenter og kvinners rettsvern blir betre. 

– Målet vårt er å skrive 1000 historier, printe dei ut, og levere dei til justisministeren. Vi krev endring. Med 1000historier håpar eg at politikarane innser at det trengst fleire ressursar i politiet, og at det må etterforskast meir før sakene blir lagde bort. Når politiet møter menneske i krise, så må dei dessutan sørgje for at dei blir varetekne og møtte på ein god måte, seier Christina.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

– Urettferd er min bensin

Christina møtte justisministeren til debatt etter at Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) kom med ein rapport tidlegare i år. Funna frå denne undersøkinga viser at alvorleg vald, alvorleg partnarvald og valdtekt som blir rapportert inn, har auka kraftig. Undersøkinga viser at vald og overgrep framleis er eit alvorleg samfunnsproblem i Noreg. Omfanget er høgt i befolkninga, og kvinner er særleg utsett for alvorleg vald i nære relasjonar og seksuell vald. Menn er meir utsette for fysisk vald enn kvinner. Fleire av deltakarane i denne studien rapporterer om alvorleg vald, samanlikna med deltakarane i den førre omfangsundersøkinga. Vald i nære relasjonar og alvorlege seksuelle overgrep ser ut til å auke.

Cristina Fraas smiler og poserer
Cristina Fraas smiler og poserer

– Eg har møtt justisministeren i debatt og fått spalteplass i media for å setje søkjelys på dette. Dette har eg fått moglegheita til fordi eg har ein fantastisk følgjarskare og ei plattform som gjer at eg blir høyrd. Eg synest det er viktig å bruke stemme mi til å setje søkjelys på det som engasjerer meg. Eg er engasjert i både diskriminering, homofobi, kvinnehelse, feminisme og kvinners rettar, men 1000historier ligg mitt hjarte nært, seier Christina.

– Urettferd er bensinen min.

Cristina Fraas med justisminister Emilie Enger Mehl
Cristina Fraas med justisminister Emilie Enger Mehl

Har du vore utsett for seksuelle overgrep?

Her kan du få hjelp:

Lege: Ring 116 117

Overgrepsmottak:dixi.no

Politiet: Ring 02800

Alarmtelefonen for barn og unge: Ring 116 111

Senter mot incest og seksuelle overgrep (SMISO): noknorge.no 

Krisesenter: krisesenter.com

Ulike hjelpeorganisasjoner du kan kontakte:

Utsattmann.no

Noknorge.no

Nasjonal veiviser ved vold og overgrep: dinutvei.no

DIXI Ressurssenter: dixi.no

Dette intervjuet er skrive av Kjersti Kvam for Skulerom, og det inngår i ein intervjuserie vi kallar Dette brenn eg for! 

Bilde- og videorettar:

    1. Privat
    2. Privat
    3. Privat
    4. Privat
    5. Privat
    6. Adobe Stock
    7. Privat
    8. Privat
    9. Privat
    10. Privat