I N T E R V J U

Kva brenn du for,
Ella Marie?

Vi har snakka med artist, forfattar og skodespelar Ella Marie Hætta Isaksen (24) om kva som opptek henne mest.

av Kjersti Kvam

Ella Marie Hætta Isaksen i samedrakt
Ella Marie Hætta Isaksen i samedrakt
Dette brenn Ella Marie for:

Å bevare det nordsamiske språket!

– Hei, eg ringjer deg frå bilen på veg til filmsettet i Alta, så vi får håpe at dekninga held, seier Ella Marie, og eg ser henne nesten for meg i slengbukse, køyrande i ein kassebil frå 70-talet, då Alta-konflikten raste i landet.

Filmen ho spelar i, «La elva leve», foregår nemleg i denne perioden. Her spelar ho hovudrolla som Ester – ei samisk jente som går igjennom ei sterk reise frå å skamme seg over kulturen sin til å setje livet på spel i kampen for samiske rettar og kultur.

Ikke så ulikt Ella Marie sjølv. Ho er nemleg  òg innstilt på å ofre mykje for å vidareføre kulturen ho er fødd og oppvaksen i. Og i kjernen av dette livsoppslukande engasjementet ligg kampen for å bevare det nordsamiske språket.

– Nordsamisk er morsmålet mitt, det eg snakkar med familie og samiskspråklege venner. Det er hjartespråket mitt, seier ho overbevisande.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
📷  Ella Maria Hætta Isaksen imponerte stort då ho vann «Stjernekamp» i 2018.
Ella Maria Hætta Isaksen i Stjernekamp på NRK
Ella Maria Hætta Isaksen i Stjernekamp på NRK

– Vi er smerteleg klare over at det er utrydningstrua, og då blir det viktig å ta språket til hjarta våre, slik at det ikkje går ut av bruk i løpet av dei neste hundre åra. Saman med ti mindre samiske språk står nordsamisk på Unescos liste over utrydningstrua språk, og det er jo ein spesiell inngang i livet; å vekse opp i ein trua kultur.

Ella Marie snakkar rett fram, utan nøling. Dette har ho snakka om så mange gongar at ho sikkert har mista teljinga. Og meir skal det bli. For Ella Marie er førebudd på å kjempe lenge og ofre mykje.

I dag bur ho i Oslo med sambuaren Lars Rosness, og sidan han ikkje er samisk, er ho stadig innom tanken om korleis dei skal kunne skape ei felles framtid.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

– Det handlar om så mykje, til dømes om kvar vi skal bu. Viss vi blir i Oslo, er det vanskeleg for meg å halde oppe det å prate samisk. Og viss vi får barn – korleis skal vi vidareføre kulturen min til dei? Det høyrest kanskje absurd ut for mange, men i miljøet mitt er det heilt vanleg. Lars er den store kjærleiken i livet mitt, og vi er sjølvsagt innstilte på å få det til. Men han er òg heilt klar over at det ville ha vore den største sorga i livet mitt viss eg ikkje kunne lære barna vi eventuelt får, om den samiske kulturen og språket, fortel ho fatta og gjennomtenkt.

Ella Maria Hætta Isaksen i samedrakt

Sjølv blei ho «fødd aktivist», som ho kallar det, og har vore eit intenst engasjert menneske heile livet. Heldigvis har ho alltid følt seg som ein del av eit fellesskap, sjølv om kampen til tider blir opplevd som tung og tøff.

For det er jo òg ei bakside ved å vere eit flammande menneske, og det er Ella Marie svært klar over. Det kan vere slitsamt og uttærande å gå inn i ei sak med hud og hår. Du får som regel motstand, til og med kanskje kraftig og vond motstand.

Ella Marie har sjølv kjent på hindringar og utfordringar undervegs. Rasisme er ei av dei. Då ho flytta til Alta som ungdom,  kom dei første spydige kommentarane om henne som same.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Ho flytta seinare frå Alta for å komme unna hetsen, men sjølv i dag, i hovudstaden og som vaksen, får ho hatkommentarar. Det har blitt meir av det etter at ho vann «Stjernekamp» i 2018 og vart ein offentleg person.

– Nokre dagar er veldig tøffe, og då set eg meg berre ned og græt. Men heldigvis har eg den drivkrafta som gjer at eg neste dag likevel står opp og er klar til å kjempe igjen, seier ho.

📷  Ella Maria framførte nordnorsk julesalme saman med Kringkastingsorkesteret under ein julekonsert i 2018. Konserten fann stad i Jacob kyrkje i Oslo.
Ella Maria Hætta Isaksen synger under en julekonsert i Jacob kirke
Ella Maria Hætta Isaksen synger under en julekonsert i Jacob kirke
Ella Maria Hætta Isaksen synger

Kva gir det deg å brenne så sterkt for denne saka?

– Personleg gir det meg ei retning i livet, og ei mening. Eg har aldri vore i tvil om at det er dette eg skal leve for. Og motivasjonen min kjem frå at eg verkeleg trur at det skal bli betre. Eg trur vi skal klare å skape plass til alle og sjå verdien i kulturen til alle menneske.

No som vaksen og kjend, bidreg ho så godt ho kan. Ho ber kufta med stoltheit i offentlegheita, snakkar samisk så alle skal høyre det, ho deler kunnskap om samisk overtru og eventyr, ho lagar låtar på hjartespråket, skriv, syng, snakkar, ropar – og lenkjar seg fast til gravemaskinar!

Akkurat som karakteren ho spelar på film akkurat no, har ho nemleg òg gått fysisk til verks. Hausten 2021 lenka ho og likesinna seg fast til ein gravemaskin for å kjempe for vidare reindrift, den såkalla Nussir-saka. Aksjonistane vann første runden. Og det er slike ting som gir Ella Marie håp, både for verda og for hennar eiga framtid.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
📷  Ella Maria har hovudrolla i filmen «La Elva Leve». Filmen er basert på verkelege hendingar frå Alta-aksjonen og kampen for samiske rettar på slutten av 1970-talet.
Ella Maria Hætta Isaksen i filmen «La Elva Leve»
Ella Maria Hætta Isaksen i filmen «La Elva Leve»

– Mitt personlege håp akkurat no, er at viss eg får barn, vil det samiske språket og kulturen vere ein naturlig del av livet  deira.

No skal ho kjempe vidare, på film denne gongen.

Sjå joiken til Ella Marie i «Stjernekamp» frå 2018.

 Forkjemparidolet til Ella Marie

– Mari Boine! Ho har hatt så stor betydning for samisk kultur, men òg for meg personleg. Eg hugsar første gongen eg høyrde stemma hennar i radioen då eg var barn, og undervegs har eg opplevd at ho er eit bevis på at det faktisk nyttar. Som vaksen er eg blitt kjend med henne, og ho er det mest støttande mennesket eg kunne hatt i ryggen. Mari har på ein måte gått frå å vere den første samiske stemma eg høyrde i radioen, til å bli ei levande stemme i livet mitt.

Ella Maria Hætta Isaksen og Mari Boine sammen på scenen

Her er tips til deg frå Ella Marie, om du vil engasjere deg i ei sak:

    • Uansett kva temaet er, er det mange som har erfart at det er viktig å halde fast på det du er overbevist om,  så du er ikkje åleine!
    • Ta vare på deg sjølv, og gjer så godt du kan!
    • Finn din måte å engasjere deg på!
    • Hugs at engasjementet ditt er heilagt, og at verda treng deg!
    • Ta vare på di eiga stemme når du møter motstand. Gå tilbake til kjernen, og minn deg sjølv på kvifor du kjempar!

Dette intervjuet er skrive av Kjersti Kvam for Skolerom, og det inngår i ein intervjuserie vi kallar Dette brenn eg for! 

Bilde- og videorettar:

    1. Sara Angelica Spilling / Pudder Agency
    2. Monster / NRK
    3. Getty Images
    4. Skolerom
    5. Sara Angelica Spilling / Pudder Agency
    6. Sara Angelica Spilling / Pudder Agency
    7. NRK
    8. NRK
    9. Thor Due
    10. Tore Sætre (CC BY-SA 4.0)
    11. NRK – YouTube
    12. Ørjan Marakatt Bertelsen (CC BY-SA 2.0)