I N T E R V J U

Kva brenn du for,
Ivar?

Ivar Lien (45) er ein ekte nysgjerrig-Per, eller nysgjerrig-Ivar, då. Han meiner at det å vere nysgjerrig kan gjere dei litt kjedelege temaa og faga mykje morosamare.

av Caroline Korsvoll

Ivar Lien på tur med hunden sin
Ivar Lien på tur med hunden sin
Dette brenn Ivar for:

Å vere nysgjerrig

Ivar Lien er naturfagslærar på vidaregåande skule,  og han brenn for å ta vare på og stimulere nysgjerrigheita. Ivar driv også Instagram-kontoen @nysgjerrivar der han deler morosame og interessante fakta om naturen.

Ivar Lien sitt instagram bilde
Ivar Lien sitt instagram bilde

– Kvifor er du så nysgjerrig?

– Eg er nysgjerrig av natur, og nysgjerrigheita er ei rettesnor i livet mitt. Ho gir meg ei lystprega kjensle som guidar meg, og ho er det indre kompasset mitt. Nysgjerrigheit handlar mykje om spenning, og det oppsøkjer ein gjerne når ein er ung. Eg har alltid vore nysgjerrig, og familien og dei rundt meg har anerkjent og støtta forvitenskapen min, og hjelpt meg å pense han inn på stiar som var rette for meg. Som vaksen er det å følgje nysgjerrigheita noko som gir meining og som er viktig i livet mitt. Nysgjerrigheit er dessutan eit viktig grunnlag for utvikling og varig læring, fortel han.

Ivar Lien koser seg på tur
Ivar Lien koser seg på tur

Alle kan bli nysgjerrige

Ivar voks opp i ein familie som var mykje ute i naturen, og han lærte mykje om naturen nettopp fordi han var nysgjerrig. Alle som har vore på tur med nokon som er nysgjerrige, veit at det kan ta tid. Mykje tid! Det skal gjerne lyttast, observerast og snusast. Men det er ikkje alle som er så nysgjerrige på kva som lurer rundt neste sving, kva som gøymer seg under den store steinen, eller kvifor ting er som dei er. Ivar Lien trur at alle kan vekkje nysgjerrigheita, viss dei vil.

– Vi er fødde nysgjerrige, og alle har ei nysgjerrigheit i seg – det er ein grunnleggande eigenskap som styrer interessene våre. Som små barn var vi nysgjerrige, og vi ville smake, lukte og sjå på alt, men med åra er det nokre som gløymer dette. Eg trur vi berre må ta oss tid til å vere meir nysgjerrige.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Ivar Lien ser på mose
Ivar Lien ser på mose

Vekk opp nysgjerrigheita!

Ivar har jobba som lærar i mange år, og han veit at det er mange elevar som slit med motivasjonen. For vi må vel berre innrømme at det ikkje er alt som triggar oss like mykje? Ifølgje Ivar Lien kan nysgjerrigheita vår føre til at dei litt mindre spennande temaa og faga blir morosamare.

–  Jobben til skulen er jo å gjere oss nysgjerrige på kva andre vil at vi skal vere nysgjerrige på, men det aller beste er om nysgjerrigheita kjem frå oss sjølve. Då er ho ein port-opnar inn til kunnskap og interesse. Vi blir meir kunnskapsrike og kompetente når vi blir styrte av indre motivasjon. Nysgjerrigheit er nettopp ein indre motivasjon.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Ivar Lien på tur med hunden sin
Ivar Lien på tur med hunden sin

– Så korleis vekkjer vi nysgjerrigheita?

– For å vekke nysgjerrigheita, kan du spørje deg sjølv om kva du interesserer deg for innan eit tema. Kva er det med temaet som triggar interessa di? Viss du bryt det ned til noko du er nysgjerrig på, så blir læringa både meir kreativ og leiken, og det gir glede og meining. Å kjenne på kva som gir meining for akkurat deg, er så viktig, for det gir stor glede og meining å finne svar på det vi lurer på. Når vi leitar, og finn svara, så eig vi kunnskapen sjølve. Då forstår og hugsar vi ting lettare.

Ut i naturen

Som du nok har skjønt, så er Ivar Lien over gjennomsnittet kunnskapsrik og nysgjerrig når det gjeld naturen. Han har bokstaveleg talt snudd kvar stein som liten, og held fram med å gjere det som vaksen. Så nysgjerrig er han at han har gitt ut ei bok saman med sambuaren Bodil Gilje. I boka slår dei eit slag for kortreist og enkel naturglede og lågterskelturar med mykje kos. Bonusen er at du lærer masse undervegs.

– Eg har eit prinsipp: «Viss eg er stille, så rører naturen på seg, men viss eg rører på meg, så er naturen stille». Å vere nysgjerrig i naturen tek tid, og noko av det viktigaste er nettopp å setje av nok tid til å faktisk sjå det som er rundt oss. Viss vi til dømes bruker litt tid på å observere livet til eit insekt, er det lettare å sjå samanhengane og forstå at naturen er avhengig av insekt. Vi forstår heilskapen i naturen betre når vi ser detaljane, meiner Ivar.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Ivar Lien foran et fjell
Ivar Lien foran et fjell

Han har eit håp om at auka kunnskap skal gi auka forståing. 

– Di meir vi veit, dess lettare er det å ta vare på naturen og ta val som påverkar liva våre. Ved å byggje kunnskap stein for stein, ser vi samanhengar som kan påverke vala våre på ein positiv måte. Desse vala er svært viktige for framtida vår.

Ivar Lien tenner bål
Ivar Lien tenner bål

God dagstur

– Det er viktig å kose seg ute, og det er og viktig å ikkje ha for høge ambisjonar. Ikkje gå for langt, men ta gjerne ein dagstur. Då har du ei retrettmoglegheit dersom du har med deg ein skeptikar, eller er ein skeptikar sjølv. Det er og viktig å ha med eller lage noko godt når du er på tur, seier Ivar. Han fortel at det er gøy og spennande både for store og små å lage ei kokegrop. Om de heller vil gjere det skikkelig enkelt og godt, kan de teste ei av desse oppskriftene.

Tortilla-pizza

Ein av våre favorittmiddagar på tur er tortillapizza!

Du treng tortillalefse (tjukk eller tynn), ta på pizzasaus, pepperoni, riven ost og litt ruccola etter steiking. Enkelt og godt!

Oppskrift frå @bodildall

Godteri-bollar

Bruk ein ferdig pizzabotn, del han opp i firkantar, og fyll kvar firkant med noko digg som til dømes sjokolade, banan og/eller mini marshmallows. Brett dei saman og steik i mykje(!) smør i steikepanna. Snu dei ofte og steik på alle sider. Når dei er ferdig steikte, og framleis fulle av smør på utsida, rullar du dei i kanel og sukker. Til slutt, viss du vil vere fancy – rasp litt sjokolade på toppen. Voilà!

Oppskrift frå @bodildall

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Ivar Lien spise mat på tur
Ivar Lien spise mat på tur

– Å styrke nysgjerrigheita er ei stor gåve i eige liv. Nysgjerrigheita følgjer den indre viljen vår, og det er så viktig for motivasjonen vår og for å gi oss meining. Eit liv fylt av meining er eit bra liv, sier Ivar.

Den største konkurrenten til eit meiningsfylt liv er skjermen og mobiltelefonen. 

– Alt er eit tastetrykk unna, og vi blir underhaldne heile tida av nokon andre enn oss sjølve. Gjennom å meistre og lære kan vi gi nysgjerrigheita næring, og dermed underhalde oss sjølve gjennom vår eiga nysgjerrigheit, seier Ivar Lien.

Ivar Lien som nyter kaffe på tur
Ivar Lien som nyter kaffe på tur

Dette intervjuet er skrive av Caroline Korsvoll for Skulerom, og det inngår i ein intervjuserie vi kallar Dette brenn eg for! 

Bilde- og videorettar:

    1. Bodil Gilje
    2. Bodil Gilje
    3. Bodil Gilje
    4. Bodil Gilje
    5. Bodil Gilje
    6. Privat
    7. Bodil Gilje
    8. Bodil Gilje
    9. Getty Images
    10. Bodil Gilje
    11. Bodil Gilje