I N T E R V J U

Kva brenn
du for, Lavrans?

Vi har snakka med den unge kunstnaren Lavrans Borgen (19) om kva han er mest oppteken av.

av Caroline Korsvoll

Kunstner Lavrans Borgen
Kunstner Lavrans Borgen
Dette brenn eg for:

Kunst!

Angst, uro og prestasjonsjag førte til at Lavrans Borgen la fotballkarrieren på hylla. Kunsten vart redninga. No gjer Lavrans stor suksess, og han håpar at kunsten hans kan bidra til engasjement rundt mental helse.

Den une kunstneren Lavrans og bilde hans
Den une kunstneren Lavrans og bilde hans

– Eg sleit mykje med angst og uro. Det var nok prega av prestasjonskulturen på fotballen, men og av at eg var på eit vanskeleg stad i livet. Eg opplevde mykje av det same som andre ungdommar – kjærleikssorg, skulepress og utfordringar i vennegjengen. I overgangen mellom ungdomsskulen og vidaregåande fekk eg profesjonell hjelp som redda livet mitt.

Eg var hos både psykiater og psykolog, og ein del av terapien var kunst. Eg merka at angsten og uroa sleppte då eg begynte å måle, og at eg kom inn i ei behageleg flytsone der eg kunne la tankane kverne og få ro, fortel Lavrans.

– Kunsten er på mange måtar ein fristad. Det er ein terapi og ein stad der eg kjenner unik skaparglede. Kunsten vart medisinen min, og no er han yrket mitt.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
nærbilde av en hånd som maler
nærbilde av en hånd som maler

Ung, lovande og utseld

Lavrans starta så smått med å måle på klede og sko, og no målar han berre med akryl. Han driv for det meste med abstrakt kunst, full av fargar, symbolikk og kjensler. Frå morgon til kveld er han i atelieret sitt i heimbyen Drammen. 

Før han begynte med kunst, drøymde han om å bli fotballproff. Med kunsten har han like store mål, og han drøymer om å bli ein av dei største kunstnarane i Europa. Han er på god veg.

Allereie no seier kunstkjennarane at Lavrans er eit ungt talent utanom det vanlege, og han har hatt ei rekke utstillingar dei siste åra. Folk er ville etter kunsten hans, og galleria han har stilt ut på, klarer ikkje å levere måleri  til alle som vil ha. Det står «utselt» under kvart einaste bilde, men ein som fekk tak i eit måleri i sommar, var fotballproffen Martin Ødegaard. Ødegaard er også frå Drammen, og no heng det eit måleri av den lokale fotballbanen «Kjappen» på veggen i leilegheita hans i London, signert Lavrans Borgen.  

– Det var ei ære å bli spurd om å lage eit måleri for Martin. Han er eit stort forbilde både som fotballspelar og privatperson. Det er rett og slett stor stas å vere etterspurd. Kunsten betyr mykje for meg, og det er eit givande yrke. Eg føler at eg lever draumen, når eg kan ha kunst som ein jobb. At kaos og uro kan bli til noko vakkert, gir stor indre glede. No gønnar eg berre på!

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Fører folk saman

Lavrans Borgen er opptatt av å vekke kjensler, assosiasjonar og reaksjonar hos den som studerer måleria hans.

– Noko av det som fascinerer meg mest med kunst, er at eit kunstverk kan føre folk saman.  Eit kunstverk kan setje menneske i kontakt, og det kan framprovosere tankar og diskusjonar. Det er så spennande å få høyre alle dei ulike tankane, assosiasjonane og kjenslene eit verk kan vekke hos folk. 

Når eg får besøk i atelieret mitt, får eg ofte høyre korleis kunsten min skaper ulike assosiasjonar og tolkingar. Kunst er subjektivt og individuelt. Til dømes har eit måleri eg har måla – med mange auge, nasar og munnar – skapt ulik respons. Er det ein familie? Er det samfunnet? Kunsten set i gang samtalar med andre, og eg har fått mange gode venner gjennom kunsten.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Søkjelys på mental helse

Lavrans trur kunst kan bidra til engasjement rundt mental helse, og er opptatt av å formidle at vi ikkje er åleine.

– Målet mitt er å skape eit eige uttrykk som kan vere ein arena der folk kan føle seg tryggare og setje ord på ting. Då eg snakka med psykiater og psykolog, skjønte eg at eg ikkje var åleine. Ungdom står overfor enorme forventingar og eit kraftlig informasjonspress. Vi er eksponerte for eit stort spenn av ulike tankar, meininger og press, noko eg sjølv har kjent på. 

Eg håpar uttrykka mine i kunsten kan skape gjenkjenning hos andre, skape fellesskap og gi ei forsikring om at vi ikkje er åleine. Kanskje også ein lågare terskel for å søke hjelp? Eg veit korleis det er å føle seg lost, og viss eg kan greie å komme meg, så kan alle klare det. Det går bra, seier Lavrans.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Kunster Lavrans
Kunster Lavrans

Det lysnar

Måleria har namn som spenner frå «Lungemos», «Naken» og «Usynlig» til «Flytsone» og «Hjertero». Etter at Lavrans oppdaga kunsten, har fargane bokstaveleg talt komme tilbake til livet hans. Han ser lyst på framtida. 

– Livet har fleire harmoniske og gode sider, og gjennom glade fargar kan eg vise at det er håp. I kunstterapien er det fokus på å våge å bruke glade fargar fordi det kan påverke oss positivt.

– Eg vil uttrykke dei meir harmoniske sidene ved livet, med lys, fargar og motiv som har funne ro. Eg ser lyst på framtida. Kunstbransjen er lite føreseieleg, men eg har klare planar for å nå måla mine, nemleg å bli ein av dei etablerte kunstnarane i Europa.

Vil du finne flytsona di?
  • Ta ting i ditt tempo, og mål det du føler for. 
  • Det er inga skam å hente inspirasjon frå andre kunstnarar. Det personlege uttrykket kjem etter kvart. 
  • Eg trur dei fleste hadde hatt gleda av å finne den flytsonen som eg kjem i når eg målar. Den roa unner eg absolutt alle. Viss måling ikkje er noko for deg, så finn du kanskje den same gleda ved å skrive eller å spele fotball.
📷 Lavrans Borgen kjem i flytsonen og får ei harmonisk og beroligande kjensle når han målar.
– Tida står stille, tankane får lov å kverne i underbevisstheita,  og angsten forsvinn, fortel ho.

Dette intervjuet er skrive av Caroline Korsvoll for Skolerom, og det inngår i ein intervjuserie vi kallar Dette brenn eg for!

Bilde- og videorettar:

    1. Privat
    2. Privat
    3. Getty Images
    4. Privat
    5. Privat
    6. Privat
    7. Privat
    8. Privat
    9. Privat
    10. Privat