I N T E R V J U

Kva brenn du for,
Maja?

Vi har snakka med skodespelar og regissør Maja Christiansen (26), som for tida er svært aktuell med NRK-serien «Rådebank».

av Kjersti Kvam

Skuespiller Maja Christiansen fra Rådebank
Skuespiller Maja Christiansen fra Rådebank
Dette brenn Maja for:

Å halde fritidstilboda til barn og unge i gang!

Den dagen vi snakkar med Maja over telefonen, har ho det travelt. Det er like før sesong 3 av «Rådebank» har premiere på NRK, og ho er sannsynlegvis eit av dei mest etterspurde intervjuobjekta akkurat no.

«Rådebank» har gitt henne ein pangstart på skodespelarkarrieren. Men her ville ho kanskje ikkje ha vore om ho ikkje fann vegen til ein lokal teaterskule på slutten av ungdomsskulen.

– Eg begynte kanskje litt seint, som 15-åring, og gjekk der som elev i fire år, og etter vidaregåande begynte eg å jobbe der som instruktør. Grunnen til at teaterskulen vart så viktig for meg, var at eg fann noko som interesserte meg og fekk meg til føle meg som ein ressurs.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Maja Evenshaug Christiansen som Hege i Rådebank
Maja Evenshaug Christiansen som Hege i Rådebank

I tillegg kjende ho på det å høyre til, som ho tenkjer er viktig for alle menneske.

– Anten du finn det i ei teatergruppe – eller i eit rånemiljø, for den saks skuld, seier ho og siktar til miljøet «Rådebank»-karakteren hennar, Hege, fann seg til rette i.

Og den kjensla av å høyre til ein stad, å bety noko for andre og få brukt gode sider av seg sjølv, er ho meir enn normalt oppteken av. Såpass sterkt brenn ho for saka, at ho faktisk overtok ein heil teaterskule, då han var trua med nedstenging. Ho orka ikkje at ungdommane skulle miste tilbodet sitt.

📷  Maja Christiansen spelar rolla som Hege i «Rådebank», her saman med Odin Waage i rolla som GT.
Maja Evenshaug Christiansen som Hege, Odin Wage som GT, Kasper Antonsen som Nilsen i Rådebank
Maja Evenshaug Christiansen som Hege, Odin Wage som GT, Kasper Antonsen som Nilsen i Rådebank

– Eg hadde jobba som instruktør på teaterskulen i tre år, då eg fekk høyre at leiarane ville leggje han ned. Eg vart veldig fortvila. Eg hugsar at eg ikkje klarte å sende mail til dei 80 barna og ungdommane som gjekk der, om at dei skulle få fritidstilbodet sitt lagt ned. Hadde det skjedd med meg då eg var på deira alder, spørs det om eg ville ha vore der eg er no, seier Maja tankefullt.

Avgjerda ho tok, var kanskje litt vel spontan, ifølgje Maja som eigentleg er ein ganske fornuftig type. Men det måtte gå fort, for Majas premiss var at deltakarane på teaterskulen ikkje skulle merke nokon overgang – for dei skulle alt halde fram som før. For Maja derimot, som berre var 21 år, vart det ein stor og lærerik overgang!

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

– Det var eit enormt køyr og masse jobb, sjølvsagt, for eg hadde jo aldri styrt ein teaterskule før, og i tillegg tok eg ein bachelor. Men eg hadde bestemt meg for at det skulle gå, og saman med fleire andre som også ville stille opp frivillig utan løn, fekk vi det til! Men det var vanskeleg, altså, eg skal ikkje leggje skjul på det, seier ho og ler litt av å tenkje tilbake på den hektiske, men givande tida.

Kva var det som dreiv deg?
– Det gjekk ein liten faen i meg, trur eg. Eg var så skuffa over «dei vaksne» som ville leggje ned heile skulen. Når premisset er at samfunnet blir leia og styrt av «dei vaksne», så er barn og unge heilt avhengige av at nokon tar dei på alvor, at dei blir sett, og at det blir tilrettelagt for dei. «Dei vaksne» styrer alt, og når det går utover ungdommane, synest eg dei er verde å kjempe ordentleg for.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Skuespiller Maja Evenshaug Christiansen
Skuespiller Maja Evenshaug Christiansen

I dag er teaterskulen lagd ned, i samråd med ungdommane sine eigne representantar. Men Maja er framleis stolt over innsatsen ho og medhjelparane hennar la ned, og at dei fekk skulen til å rulle i fleire år. Ho ville ha gjort det igjen, utan å mukke.

– For nokre var kanskje teaterskulen berre ein stad dei kunne ha det gøy med venner på fritida, medan for andre var det den einaste staden dei hadde venner, og den einaste staden dei opplevde meistring eller kjende at dei høyrde til, fortel Maja.

Konsekvensane av å falle utanfor kan vere fatale, og derfor meiner ho at fritidstilbod som dette er så viktige.

– Viss du til dømes ikkje trivst så godt på skulen, er det svært viktig at det finst andre stader der du kan få utløp for eigne behov, tankar og ressursar. Å føle seg åleine og ikkje finne ein plass der du kjenner at du høyrer til, tenkjer eg er noko av det skumlaste ein kan oppleve, særleg som ung.

– Det temaet er eg framleis veldig engasjert i, også når det gjeld jobben min i dag. «Rådebank» handlar jo i grunnen om akkurat det, fortel Maja og trekkjer på nytt fram kor viktig teaterskulen var for henne sjølv i ungdomsåra, fordi det var ei tid full av endring der det var viktig for henne å bli teken imot. At ho sjølv fann plassen og interessa si, har ført til mykje av korleis ho har det i dag, påpeikar ho igjen.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Det er mange måtar å vise engasjement på, og Maja er ikkje den som trivst med å rope høgast. Men heldigvis er ikkje det ei hindring for gjennomslagskrafta.

– Eg taklar helst sånne saker utan å stå på torget med ropert. Men eg tenkjer at det ikkje er alle saker kor høglydte stemmer hjelper mest heller. Ofte kjem du langt med ein sakleg diskusjon. Og det aller viktigaste er uansett å tenkje, lytte og snakke med kvarandre, avsluttar Maja over telefonen, før ho skal gå vidare i den fulle timeplanen.

For éin ting er sikkert – som 26-åring er ho ein travel og suksessrik skodespelar og instruktør, og for det takkar ho dei engasjerte sjelene som jobba på teaterskulen då ho var ung.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Maja Evenshaug Christiansen som Hege i Rådebank
Maja Evenshaug Christiansen som Hege i Rådebank

 Førebilda til Maja

– Astrid Lindgren (til venstre)! Fordi ho har talt barnas sak så til dei grader. Eg har vakse opp med bøkene og universet hennar og trur at det har vore viktig for mange fleire enn meg.

– Mamma! Fordi ho er ei grepa dame som jobbar som lærar, og ho strekkjer seg veldig langt for både elevane sine og dei som er rundt henne – og meg.

Astrid Lindgren sitter og tenker i en stol

Viss Maja var 16 år i dag,
ville ho engasjert seg for …

… klimasaka! Igjen litt irriterande at det ser ut til at det er dei unge som bryr seg mest, mens det er «dei vaksne» som eigentleg sit med moglegheita til å ta grep. Men det er jo så viktig for mykje!

I tillegg vil eg seie alt rundt mental helse. Det er så viktig, og det må mykje meir inn i undervisninga i skulen enn det er i dag!

Dette intervjuet er skrive av Kjersti Kvam for Skolerom, og det inngår i ein intervjuserie vi kallar Dette brenn eg for! 

Bilde- og videorettar:

    1. Mia Hakalahti Eilertsen
    2. Max Emanuelson / Fenomen / NRK
    3. Max Emanuelson / Fenomen / NRK
    4. Skolerom
    5. Mina Ræge
    6. Faksimile fra Lierposten 13.09.2018
    7. Getty Images
    8. Max Emanuelson / Fenomen / NRK
    9. Ukjent
    10. Skolerom