I N T E R V J U

Kva brenn du for,
Nellie?

Vi har snakka med youtubar, forfattar og influensar Nellie Krokstad som har gitt ut boka «Løvetannbarnet».

av Kjersti Kvam

Nellie Krokstad sitter på en fortauskant med en bamse
Nellie Krokstad sitter på en fortauskant med en bamse
Dette brenn Nellie for:

Å hjelpe sårbare barn i fosterheimar!

Nellie har sjølv vore det barnet. Då ho var 14 år, flytta ho inn i den første av to fosterheimar. I bagasjen hadde ho med seg ein vanskeleg oppvekst med ei psykisk sjuk mamma, ein fråverande pappa og ein sterk ADHD-diagnose som ho hadde fått året før.

Selfie av Nellie Krokstad fra Instagram
Selfie av Nellie Krokstad fra Instagram

Ho veit kor utruleg tøft det kan vere å banke på døra hos ein heilt ny familie, å ikkje bli tatt imot som du kanskje håpar, å kjenne deg annleis enn dei andre, å vere bråkmakaren med ADHD og angst og alt som følgjer med.

– Nokre fosterbarn taklar det sjølvsagt betre enn andre, men eg veit at med ADHD, for eksempel, kan det vere veldig vanskeleg, fortel Nellie over telefonen.

Ung Nellie Krokstad

Då vi snakka med Nellie, hadde ikkje koronaen heilt sleppt taket i kroppen hennar. Likevel tek ho seg alltid tid til noko av det viktigaste ho driv med: Å svare fosterbarna som kontaktar henne for å fortelje sine historier og få støtte og trøyst.

Nellie Krokstad jobber på laptopen
Nellie Krokstad jobber på laptopen

– Ja, det er mange som skriv til meg, og eg svarer alle. Eg synest det er så fint at dei tar kontakt, og eg vil vise dei den respekten dei fortener tilbake. På ein måte blir eg lei meg av at dei har så mange spørsmål som dei ikkje har fått svar på heime eller hos barnevernet, men det er også ein god følelse at eg kan hjelpe. Det er vel nesten den beste jobben eg kan gjere, seier ho ettertrykkjeleg.

Nellie Krokstad på sengekanten
Nellie Krokstad på sengekanten

Det er mange måtar å hjelpe og engasjere seg på. Då ho skreiv boka «Løvetannbarnet» om oppveksten og vegen fra omsorgsvikta barn til YouTube-stjerne, var det med tanke på å hjelpe andre i same situasjon. Det same gjeld serien med det same namnet , som ho har laga på YouTube-kanalen sin, «Nellie». Ho vil vise dei unge som slit at det kan gå bra!

– Eg vil vere den tøffe storesøstera som kan gi deg råd og seie at du ikkje er åleine. Det er så viktig å kjenne seg trygg når ein lever i et ustabilt miljø, spesielt viss du er einebarn oppe i det heile.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Instragram-bilde av Nellie Krokstad
Instragram-bilde av Nellie Krokstad

Då Nellie var tenåring, var det eit større tabu å bu i fosterheim enn det er no, tenkjer ho. Heldigvis kan folk prate meir opent om det i 2022, meiner ho. Samtidig er ho kritisk til at det ikkje er blitt endå meir normalisert, og ho skulle ønskje at for eksempel media kunne ha skrive meir om temaet, intervjua menneske som ønskjer å dele historiene sine, vist med tal kor mange det gjeld, og så vidare.

– Det er då det aller viktigaste! Vi må snakke høgt om det og ha ein open dialog. Det betyr ikkje at du som fosterbarn må skrike det ut til heile verda. Du kan godt berre fortelje det til bestevennen din, men du skal sleppe å føle deg skamfull og annleis, seier ho engasjert.

Nellie Krokstad ved lansering av boka «Løvetannbarnet»
Nellie Krokstad ved lansering av boka «Løvetannbarnet»

Plutseleg kjem ho på eit anna viktig punkt: skolen.

– Altså, da eg vaks opp, då visste eg ikkje kva ein fosterheim var eingong! Vi hadde ikkje lært om verken fosterheimar eller barnevernet på skolen. Det synest eg verkeleg bør inn i læreplanen!

Nellies styrke som engasjert i akkurat denne tematikken er tydeleg: Ho har sjølv opplevd å bu i fosterheim. Og sidan ho er YouTube-stjerne, når ho ut til mange. I tillegg har ho eit «hemmeleg» våpen som ho meiner gir den rette balansen i bodskapet hennar – ikkje for tungt, men heller ikkje useriøst.

– Det er kjempeviktig at ikkje alt er så big deal! Derfor vil eg ha ein uhøgtidelig tone. Ofte prøver jeg berre å tulle litt med det. «Ja, då hamna eg her i mørkret igjen, så då er det berre å prøve å sove det av seg», seier ho og ler avvæpnande av metoden som også har vore viktig for hennar eigen skjebne.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Instragram-bilde av Nellie Krokstad
Instragram-bilde av Nellie Krokstad

Mine tips til deg som vil engasjere deg i ei sak!

  • Stol på deg sjølv! Følg magefølelsen, og engasjer deg i noko du sjølv er opptatt av.
  • Vis fram engasjementet ditt, sånn at du inspirerer andre.
  • Ver sannferdig, og gjer ting ordentleg.
  • Ikkje gi opp! Uansett vil nokre alltid vere einige, og andre vil vere ueinige.
Nellie Krokstad ved lansering av boka «Løvetannbarnet»
Nellie Krokstad ved lansering av boka «Løvetannbarnet»

Dette intervjuet er skrive av Kjersti Kvam for Skolerom, og det er del av ein intervjuserie vi kallar Dette brenn eg for! 

Bilde- og videorettar:

    1. Pål Laukli
    2. @nelliekrokstad – Instagram
    3. Privat
    4. Privat
    5. Linda Bournane Engelberth
    6. @nelliekrokstad – Instagram
    7. Privat
    8. Pål Laukli
    9. @nelliekrokstad – Instagram
    10. Pål Laukli