I N T E R V J U

Kva brenn du for,
Selma?

Vi har snakka med skodespelar og programleiar Selma Ibrahim (28) om kva som opptek henne aller mest.

av Caroline Korsvoll

Programleder og skuespiller Selma Ibrahim intervjuet av Skolerom
Programleder og skuespiller Selma Ibrahim intervjuet av Skolerom
Dette brenn Selma for:

Eg brenn for at alle skal ha det bra på skulen!

– Eg veit korleis det er å bli utestengd og utfrosen, og eg veit korleis det er å gøyme seg på do istadenfor å gå ut i friminuttet, fortel Selma Ibrahim.

Glade skolebarn hopper og danser
Glade skolebarn hopper og danser

Super-Selma

Du har heilt sikkert sett henne på TV. Selma Ibrahim dukka først opp som programleiar for «Supernytt» på NRK Super, og ho har seinare vore programleiar for «Selma og jakta på den perfekte tro» og «MGPjr». I fjor var ho årets BlimE!-artist.

BlimE! er NRK Supers kampanje mot mobbing, og Selma brukte 2022 på å reise rundt til skular i heile landet. Ho erfarte at det er mange barn rundt om på skulane i Noreg som ikkje har det bra, og ho kjende seg igjen i mange av historiene som vart fortalde.

– Gjennom jobben min har eg snakka med mange barn og unge som fortel om mobbing og utestenging. Mange skammar seg og synest det er flaut at dei ikkje har nokon å henge med. Det gjer inntrykk på meg, for eg veit akkurat korleis desse barna og ungdommane har det, fortel Selma.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Programleder og skuespiller Selma Ibrahim intervjuet av Skolerom
Programleder og skuespiller Selma Ibrahim intervjuet av Skolerom
Selma Ibrahim i ungdomstiden

– Då eg skulle begynne i 9. klasse, skilte mamma og pappa seg. Eg måtte flytte frå Kolbotn og til ein annan by, og eg begynte på ein ny skule. Eg vart tatt godt imot i den nye klassen, men det endra seg raskt, og plutseleg hadde eg ingen venner. Eg vart utfrosen av dei andre i klassen, og eg var plutseleg åleine. Eg skamma meg over å ikkje ha nokon venner, og var redd for at nokon skulle få vite at eg ikkje hadde det bra. Eg syntest det var flaut.

Selma hadde alltid vore glad i å gå på skulen. Ho syntest det var gøy å lære og likte spesielt godt norsk, samfunnsfag og gym. Ho heldt gjerne presentasjonar for klassen og rekte stadig opp handa. Då mobbinga begynte, forandra alt seg.

– Eg skulka masse og rekte ikkje lenger opp hånda. Eg prøvde å gjere meg usynleg, men læraren min såg meg. Ho såg at eg ikkje hadde det bra og at eg forandra meg. Ein dag spurde ho om eg kunne bli igjen etter timen. Eg hadde bestemt meg for at eg ikkje skulle seie noko om mobbinga til nokon. Eg førebudde meg og hadde mange unnskyldningar klare, men då læraren begynte å snakke, kom gråten. Eg fortalde alt.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

– Kva gjorde læraren din?

– Eg fekk byte klasse, og eg fekk sitje ved sida av ei jente som vart ei god venninne. Etter dette torde eg endeleg å gå ut i skulegarden igjen, og eg hadde ei å vere saman med i friminuttet. Denne jenta skjønte jo ikkje at ho endra livet mitt, men det gjorde ho. Det er ofte ikkje meir enn éin person som skal til, fortel ho.

To gode venninner holder hender
To gode venninner holder hender

– Snakk om det!

Selma er veldig opptatt av at vi må fjerne skamma rundt mobbing og at vi må snakke saman.

– Di fleire som snakkar om det, dess lettare er det å vere open sjølv. Det kan vere vanskeleg å seie frå, og det er eit stort ansvar for eit barn. Derfor er det så innmari tøft når ein faktisk gjer det. Eg veit at det hjelper!

– Snakk med ein nabo, ein trenar eller ein lærar – kven som helst! Berre det å seie det høgt, hjelper. Eg synest at mange lærarar er flinke, men eg håpar at dei kan bli endå meir observante og halde eit auge med dei som slit. Skulen kan leggje til rette viss nokon fell utanfor, til dømes ved å setje saman nye grupper og samarbeide med andre klassar, seier ho.

Ifølgje Elevundersøkinga 2022 er det stadig fleire som opplever mobbing på skulen og digitalt. Delen som opplever mobbing, aukar på alle trinn, og meir enn éin av ti elevar i 5. klasse på barneskulen svarer at dei har vorte mobba den siste månaden.

– Det er skikkeleg mange som slit, men eg ser heldigvis òg at det hjelper å snakka ope om det. Under eit BlimE!-arrangement i fjor spelte eg i ei framsyning der eg tulla litt med ein pappa i salen. Etter framsyninga hang eg saman med han og dottera hans. Vi snakka mykje saman, og det viste seg at dette var ei jente som hadde det vanskeleg.

– Dagen etter fekk eg ei melding frå faren som fortalde at det hadde betydd så mykje for dottera hans å snakke med meg. Han sa at ho hadde sove godt for første gong på lenge. Det betyr veldig mykje for meg viss openheita mi kan hjelpe andre til å kjenne seg mindre åleine.

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt
Selma Ibrahim intervjuet av Skolerom
Selma Ibrahim intervjuet av Skolerom

Gav ut bok om mobbinga

Openheit om mobbing var ein av grunnane til at Selma gav ut boka «Bare en venn». Der fortel ho si eiga historie.

– Med boka prøver eg å strekkje ut ei hand ved å fortelje at du ikkje er åleine, at dette ikkje handlar om deg, og at du ikkje er dårlegare enn dei andre.

– Har du tips til kva ein kan gjere viss ein opplever mobbing eller utestenging? 

  • Hugs at du ikkje er åleine, og det er ikkje noko gale med deg.
  • Ikkje hald det skjult, men snakk med nokon.
  • Skriv ned tre fine ting om deg sjølv kvar dag. Det kan vere så enkelt som at du er flink i gangetabellen. Eg gjer det framleis, og det fungerer for meg!
  • Og hugs at barneskulen og ungdomsskulen ikkje varer evig.
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Selma Ibrahim viser frem sin nye bok på Instagram.
Selma Ibrahim viser frem sin nye bok på Instagram.

Prestasjonsangst?

No har Selma eit godt liv med gode vennar, kjærast og ein morosam jobb. Straks skal ho leie sjette sesong av gjettekonkurransen «Alle mot 1» på NRK, saman med Selda Ekiz og Thomas Engeset. Ho er supernervøs og har prestasjonsangst, men ho har òg nokre skikkeleg gode metodar for å stresse ned.

– Dette blir kjempegøy, og eg gler meg skikkeleg! Men eg har alltid hatt prestasjonsangst, og det har eg framleis. Heldigvis er det mange flinke menneske som tek godt vare på meg og som gjer meg trygg. Det er viktig å vere greie med kvarandre og heie på kvarandre når ein blir vaksen òg! Eg har dessutan gått til både psykolog og programleiar-coachar, og dei veit kva som fungerer mot prestasjonsangst.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Selma Ibrahim intervjuet av Skolerom
Selma Ibrahim intervjuet av Skolerom

Selmas tips mot prestasjonsangst:

  • Eg har nokre ritual som eg brukar når det er noko eg gruar meg til. Eg startar dagen med å skru på Alicia Keys med «Girl on Fire», og så dansar eg rundt i stova!
  • Eg skriv ned kva eg gjer som er bra, og eg fokuserer på kva eg kan. Det set hjernen min på rett spor.
  • Eg set av ti minutt der eg har lov til å tenkje krisetankar. Då skriv eg ned alt eg er redd for skal gå gale.
  • Og til slutt tenkjer eg: Kva er det verste som kan skje? Om eg seier noko feil eller gløymer noko under ei TV-sending, så går ikkje verda under. Det er ingen som døyr. Det går bra!
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Programleder og skuespiller Selma Ibrahim intervjuet av Skolerom
Programleder og skuespiller Selma Ibrahim intervjuet av Skolerom

Dette intervjuet er skrive av Caroline Korsvoll for Skolerom, og det inngår i ein intervjuserie vi kallar Dette brenn eg for! 

Bilde- og videorettar:

    1. Nikita5899 (CC BY-SA 4.0)
    2. Adobe Stock
    3. Esten Borgos / NRK
    4. Privat
    5. Adobe Stock
    6. Karoline Pedersen
    7. @selmaibrahim1 – Instagram
    8. Privat
    9. Privat