Kva er berekraft?

Du har sikkert høyrt om berekraft og berekraftig utvikling, men kva er det?

Berekraftig utvikling handlar om at alle i heile verda må gjere noko for miljøet. Vi berre har éin klode, og ikkje evig med ressursar. Vi bør derfor ta betre vare på kloden, alle saman.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Strandrydding
Strandrydding

Bakgrunnen

FN skal jobbe for å unngå krig, og for berekraftig utvikling av jordkloden. Her må alle land bidra. I ein rapport frå 1987 skreiv dei om løysingar vi alle må ta del i. Dette er over 30 år sidan, men kva har eigentleg skjedd?

Tre hovudområde

For å skape berekraftig utvikling må vi jobbe med tre område:

  • Klima og miljø
  • Økonomi
  • Meir rettferdig fordeling

Dei som styrer verda er samde om at noko må gjerast for å redde klimaet. Vi må bruke mykje pengar på gode løysingar, og vi må dele ressursane på jorda meir rettferdig. Vi kan ikkje halde fram med å bruke opp kloden vår. Kloden kan ikkje bytast ut!

Illustrasjon av sosiale forhold
Hvit FN-bakgrunn
Hvit FN-bakgrunn

Klima og miljø

Vi er heilt avhengige av naturen for å leve. Viss vi øydelegg han med giftig røyk frå fabrikkar, har vi ikkje nokon stad å leve. Dei farlege klimagassane varmar opp havet og lufta. Det gjer oss meir sårbare for naturkatastrofar og truar livet på jorda.

For å stanse klimaendringane må alle land i verda derfor satsa meir på fornybare ressursar som vasskraft, vindkraft og solkraft.

I 2015 vart alle land i FN samde om ein klimaavtale. Dei kalla den Paris-avtalen, sidan den vart vedteken der. Alle land forplikta seg til å gjere noko for klimaet.

Det langsiktige målet er å avgrensa global oppvarming. Berre to grader varmare kan gjere ein enorm forskjell på jorda. Så det er ikkje sikkert ein varm sommar berre er positivt.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Oversvømmelse
Oversvømmelse

Økonomi 

Det er stor forskjell på fattige og rike, og forskjellane blir berre større og større. Dei åtte rikaste mennene i verda eig like mykje som halvparten av jordas befolkning!

Tilgang til reint vatn, sjukehus og skular er viktig for eit meir fredeleg og rettferdig samfunn. Fattigdom kan føre til krig.

Viss alle menneske på jorda skulle hatt same forbruk som oss i Noreg, måtte vi hatt tre jordklodar. Med forbruket til den indiske befolkninga hadde vi berre trunge ein halv jordklode. Det betyr at rike land må bruke mindre av jordas ressursar.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Fattig og rik
Fattig og rik

Sosiale forhold

Alle menneske har rett til eit godt liv med venner og familie. Men fattigdom gjer at mange slit sosialt. Utan utdanning, jobb og helsetilbod er det vanskeleg å sjå lyst på framtida. Då er det òg avgrensa kor mykje ein får bidrege med omsyn til klimaet.

Å satse på skule og utdanning er noko av det viktigaste vi kan gjere for å redusere fattigdom. Kvinner med utdanning kan få eit betre liv. Dei treng heller ikkje å få like mange barn. Oppgåva til barna bør nemleg ikkje vere å skaffe pengar til familien. Det er dei vaksne sitt ansvar. Fødest det færre barn, går folketalet på jorda ned. Kvifor er det så viktig?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Utdanning for jenter
Utdanning for jenter

Berekraftsmåla til FN

FN har sett nokre berekraftsmål for å utrydde fattigdom og stoppe klimaendringane innan 2030.

Berekraftsmåla til FN består av 17 mål, og alle må gjere ein innsats for å nå dei.

Alle menneske har same verdi, og derfor bør alle ha same rett til eit godt liv. Ingen skal utelatast («Leaving no one behind»). Vi må ta ekstra vare på dei som treng det aller mest. Eit døme på det er alle flyktningane som søkjer tryggleik frå krig og svolt.

Korleis vil vi ha det i framtida?

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
FNs bærekraftmål
FNs bærekraftmål

Noreg og berekraftsmåla

Noreg hjelpte til mykje då berekraftsmåla vart vedtekne av FN i 2015. Sommaren 2021 kom regjeringa med ein plan for å nå berekraftsmåla innan 2030. I denne planen står det at rike Noreg har oppfylt mange av måla. Det står òg at olje og gass er med på å øydeleggje klimaet.

Men samtidig er det ingen konkrete planar om å slutte å hente ut olje og gass.

Norske oljetønner
Hvit FN-bakgrunn
Hvit FN-bakgrunn

Alle har eit ansvar 

Dei 17 berekraftsmåla gir håp for framtida. Menneske har ei unik evne til å samarbeide og finne løysingar saman. Det treng vi for å redde jordkloden vår!

Kjelder:

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images / Hei verden YouTube
    6. Getty Images
    7. Getty Images / FN-sambandet Norge YouTube
    8. Getty Images
    9. Getty Images