Læreplantilkobling

Fag

Naturfag

Mat og helse

Core Kjerneelementer

  • Helsefremjande kosthald
  • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter
  • Kropp og helse

Cogs Tverrfaglig tema

Folkehelse og livsmestring

Læreplan Kompetansemål

4. trinn
Mat og helse
  • fortelje om kva som kjenneteiknar sunn og variert mat og kvifor det er viktig for helsa
4. trinn
Naturfag
  • samtale om hva fysisk og psykisk helse er, og drøfte hvordan livsstil og trivsel påvirker helse
7. trinn
Mat og helse
  • vise samanhengar mellom matvaregrupper og næringsstoff som er viktige for god helse
7. trinn
Naturfag
  • gjøre rede for fysiske og psykiske forandringer i puberteten og samtale om hvordan dette kan påvirke følelser, handlinger og seksualitet

Å nei, ei kvise!

Dei blir kalla kviser, filipensar eller akne og kan vera utruleg irriterande. Dei dukkar opp der du minst vil ha dei, akkurat når du minst ønskjer det. I andletet, på ryggen, brystet og skuldrene, og sjølvsagt i ungdomstida.

Kviser er bitte små skadar eller infeksjonar i dei små hårsekkane i huda, der hårstråa veks ut.

Kvifor får me kviser?

På hårrøtene er det festa små talgkjertlar som heile tida lagar ei olje kalla talg. Dei smører huda og håret, men nokre gonger lagar dei for mykje talg. Det er fest for bakteriane. Kroppen reagerer, og hårsekken blir betent. Det dannar seg ein væskepropp av det me kallar puss.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Forklaring på kviser
Steril bakgrunn

Kvifor akkurat no?

I puberteten aukar produksjonen av hormon, særleg testosteron. Difor får tenåringar kviser. Nokre kosmetikkprodukt fører også til kviser. Stress, menstruasjon og sukker kan utløysa kviser. Men det er enno ikkje bevist at sjokolade gir kviser …

Kvifor akkurat meg?

Ja, det er urettferdig når du har fått ei stor kvise på nasen, men du er ikkje åleine. 80 prosent av oss slit med kviser, frå me er 11 år og heilt opp til 30-årsalderen.

Ingen rask kur

Det finst ingen mirakelkur mot kviser, men det finst mange såper og salvar med ingrediensar som reinsar huda. Er ein veldig plaga, kan ein få medisin på resept frå legen. Dei enklaste råda er å vaska andletet og – lettare sagt enn gjort – ikkje klemma på kvisene!

Kjelder:

  • Kropp og helse (2020)
    Orage Forlag AS

Bilet- og videorettar:

    1. Shutterstock
    2. Shutterstock
    3. Shutterstock / Thinkstock
    4. Shutterstock
    5. Getty Images
    6. Shutterstock
    7. NRK