Blokk og papir
1. Vit kva du lagar
Ja, for kva er eigentleg eit intervju? Det er når ein person (journalist) har ein samtale med eit anna menneske (intervjuobjektet). Målet er å finne god informasjon som skal presenterast vidare til ei målgruppe. Intervjuet blir publisert som levande bilde, lyd eller tekst.
Ung kvinnelig journalist intervjuer en ung mann
2. Kven og kvifor?
Kven skal du intervjue, og kva vil du at saka di skal handle om?
Anten har du fått beskjed om å intervjue ein spesiell person, eller du har valt eit tema sjølv. Intervjuet kan til dømes vere eit portrett. Då er hensikta å bli betre kjend med personen. Det kan òg vere ei temasak der du treng å intervjue ei såkalla kjelde som er ekspert på området.
Blokk og papir
3. Lag ein intervjuavtale
Når du veit kven og kvifor, kan du kontakte personen for å spørje om hen vil stille opp til eit intervju. Då er det viktig at du fortel kvifor du tek kontakt, kva slags sak det er, og kvar saka skal bli publisert. Informer òg om du skal ta bilde eller video. Når du er tydeleg, skaper du tillit. Ikkje noko er betre enn eit intervjuobjekt som stolar på deg.
Gjøre en avtale over telefon
Blokk og papir
6. Ver deg sjølv
Å intervjue eit anna menneske kan kjennast litt skummelt. Det er trass alt du som har teke kontakt og skal styre praten. Men hugs at så lenge du har førebudd deg godt, så kan det ikkje gå heilt gale. Sei at du er litt nervøs og spent. Ikkje minst viss det er første gongen du gjer eit intervju. Ikkje gløym å smile! Ein kjem langt med eit smil.
Radiointervju
Blokk og papir
8. Still oppfølgingsspørsmål
Intervjuet blir meir spennande viss du klarer å grave litt djupare i svara du får. To veldig vanlege og enkle oppfølgingsspørsmål er: «Kvifor eller korleis skjedde det?» og «Kan du fortelje litt meir om det?» Då kan du få litt lengre og betre svar.
Blokk og papir
10. Skriv så tastaturet får kjørt seg!
No er det berre å skrive på. Følg disposisjonen så godt det lèt seg gjere. Du kan sjølvsagt gjere endringar undervegs. Det er ditt intervju, og det er du som bestemmer.
Hugs å få med nokre skildringar av artisten og staden de var på. Den som les intervjuet har jo ikkje vore til stades. Skap nokre bilde for dei som les. Varier teksten med sitat og skildringar. Les alltid godt igjennom til slutt. Sjekk at du har fått med deg det innhaldet du ønskjer.
Tastatur laptop
Kjelder:
- dintekstforfatter.no (05.11.21): Hvordan skrive intervju?
https://dintekstforfatter.no/hvordan-skrive-intervju/
- abcnyheter.no (05.11.21): Slik skriver du intervjuer.
https://www.abcnyheter.no/nyheter/2008/04/10/64456/slik-skriver-du-intervjuer
- dincvhjelp.no (05.11.21): Hvordan skrive et intervju?
https://www.dincvhjelp.no/hvordan-skrive-et-intervju/
Bilde- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-