Kva er eit statskupp?

Eit statskupp er når ei gruppe menneske tek over makta frå dei øvste leiarane, utan å følgje reglane.

Eit statskupp kan skje på fleire måtar. I historia har vi ofte sett militærkupp. Eit militærkupp er når nokon bruker militæret for å ta makta.

Statskupp skjer ofte etter store endringar i eit land. Til dømes etter val eller endringar som påverkar kor god råd landet har. Etter statskupp får landa ofte diktatur.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Opptøyer under franske revolusjonen
Opptøyer under franske revolusjonen

Diktatur

Diktatur betyr at berre nokre få menneske har all makta i eit land. Diktatur er det motsette av demokrati. I eit diktatur har befolkninga liten fridom. Alt blir styrt av leiaren. Leiaren blir då kalla diktator. Iran er eit diktatur. Viss du kritiserer leiarane i Iran, kan du bli drepen eller sett i fengsel.

📷 I 2019 møtte President Donald Trump Nord-Koreas diktator Kim Jong-un. Trump var den første amerikanske presidenten til å krysse grensa til Nord-Korea.

USAs president Donald Trump er første amerikanske presidenten til å krysse grensen til Nord-Korea for å møte øverstkommanderende av den totalitære ettpartistaten, Kim Jong-un.
USAs president Donald Trump er første amerikanske presidenten til å krysse grensen til Nord-Korea for å møte øverstkommanderende av den totalitære ettpartistaten, Kim Jong-un.

Statskupp i Chile 1973

I 1973 var det eit blodig militærkupp i Chile. President Salvador Allende døydde under det grufulle kuppet. Statskuppet vart leidd av Chiles militærsjef Augusto Pinochet og militærjuntaen hans. Ein militærjunta er ei gruppe med militære leiarar. Pinochet likte ikkje måten Allende leidde landet på. Han ønskte forandring og gjorde derfor eit statskupp. Han fekk òg hjelp av USA.

Pinochet er eit typisk døme på ein diktator. Han var diktator heilt til 1990. Drap, overgrep og tortur var vanleg under leiinga hans.

📷 Pinochet i ein bilparade i Santiago.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Pinochet i en bilparade i Santiago for å feire 9-årsjubileet for hans statskupp.
Pinochet i en bilparade i Santiago for å feire 9-årsjubileet for hans statskupp.

Vi må ikkje gløyme

I historia har vi sett mange statskupp. Til dømes då Adolf Hitler tok makta i Tyskland i 1933.

Hitler vart leiar gjennom demokratiske val. Men som leiar tok han ikkje omsyn til andre politikarar. Han tok òg kontroll over militæret. På denne måten vart han raskt diktator.

📷 30. januar 1933: Hitler blir feira som ny rikskanslar for Tyskland.

Hitler hylles som Rikskansler
Hitler hylles som Rikskansler

Nesten-kupp i USA

6. januar 2021, Washington D.C.:
Trump-veljarar samla seg rundt kongressbygningen. Kongressen i USA svarer til Stortinget i Noreg. Dei protesterte mot at Joe Biden skulle bli godkjend som USAs neste president.

President Trump meinte at presidentvalet i 2020 vart utsett for juks. Han sa at valet ikkje var lovleg. Han bad òg folk om å protestere.

Protestane ved kongressen vart veldig valdelege. Til slutt braut fleire personar seg inn i bygningen. Dei ønskte å stoppe godkjenninga av Biden med vald.

Til slutt bad Trump folk om å dra heim. Likevel heldt han fram å klage på valfusk. Men han hadde ingen kjelder som kunne stadfeste at det stemte. Det var skremmande at ein president og veljarane hans ikkje stolte på demokratiet.

President Trump ville ikkje erkjenne at han tapte valet. Det fekk han kritikk for. Men dagen etter hendingane ved kongressen innrømde han endeleg valtap. Det vart heldigvis ikkje noko statskupp denne gongen.

Ein del av Trumps eigne tilsette snudde seg mot han. Fleire meinte òg at det Trump hadde gjort, var så udemokratisk at han burde miste jobben som president. Dette sjølv om han berre hadde nokre dagar igjen.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Supernytt 8.1. 2021: Valdrama i USA

Klikk deg fram til 0:43 i filmen. Der finn du ei oppsummering av storminga av kongressen 6. januar 2021.

Korleis kan ein førebyggje statskupp?

For å unngå statskupp må ein styrkje demokratiet:

1. Demokratiet blir styrkt ved at journalistar får jobbe fritt. Då kan dei gi befolkninga god informasjon.

2. I tillegg er det viktig at barn lærer om demokrati på skulen.

3. Samarbeid mellom ulike land er viktig.

4. Eit godt demokrati er avhengig av menneskerettane.

5. For å sikre at val blir gjennomført på ein ryddig måte kan ein invitere inn FN.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Tryggingsrådet i FN

I denne filmen kan du sjå kva Tryggingsrådet i FN kan gjere.

 

 

Kjelder:

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Ukjent
    3. Ukjent (CC – SA 3.0)
    4. Getty Images
    5. Deutsches Bundesarchiv (CC – SA 3.0 DE)
    6. Getty Images
    7. NRK
    8. Getty Images
    9. FN Sambandet Norge – YouTube