CHRISTINA SNAKKAR OM IDENTITET:

Kjønn er meir enn gut eller jente

Sjå for deg eit par stolte foreldre. Dei har nettopp fått barn. Dei får meldingar på mobilen og fine kort. Der står det «gratulerer med ei nydeleg jente» eller «hurra for ein flott gut». Kanskje verkar det heilt normalt med fargane på korta og ballongane? Rosa til ein jentebaby og blå til eit gutebarn. Det er jo slik vi er vande med å skilje mellom kjønn.

Kva er eigentleg kjønnsidentitet?

Ved fødselen blir dei fleste registrerte  som jente eller gut. Men kva er kjønnsidentitet? For å forstå det må vi skilje mellom kjønnsorgan og identitet. Identiteten din er mykje meir enn det du har i trusa!

Kjønnsidentitet handlar om kven du er på innsida, korleis du ser på deg sjølv, og korleis du ønskjer å bli oppfatta av andre. For veldig mange passar kjønnsidentiteten med det kjønnet dei fekk ved fødselen. Men det gjeld ikkje alle.

Rosa og lyseblå babypynt.
Rosa og lyseblå babypynt.

Kva slags forventingar er knytte til kjønnet du vart fødd med?

Allereie som nyfødde blir gutebarn ofte kledde i blått. Jentebarn får ofte rosa klede. På grunn av det vi har mellom beina, blir vi møtte med visse forventingar gjennom heile livet. Det pregar fleire ting: Kven vi skal vere, korleis vi skal oppføre oss, eller korleis vi skal kle oss.

Kva forventingar kan du komme på som er knytte til kjønn?

Mange ser på nokre fargar som «jentefargar» og andre som «gutefargar». Ofte blir det forventa at jenter er sårbare og at gutar er tøffe. Nokre gongar stemmer dette, men ikkje alltid. Alle er ikkje like. Det hadde vore frykteleg kjedeleg om vi var det!

Det er mykje i samfunnet som byggjer på tanken om at alle er hetero. Og at dei kjenner seg som kjønnet dei vart fødde med. Då kan det kjennast vanskeleg å vere noko anna.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Barneleker, en dukke, lekebil, komfyr.
Barneleker, en dukke, lekebil, komfyr.

Gamle kjønnsroller heng igjen

Dei mange forventingane til kjønnet handlar mest om kjønnsroller. Det som lenge blir sett på som «vanleg», blir til kjønnsnormer. Dei kan det vere vanskeleg å bryte med. Heldigvis går verda framover! Her er nokre døme det:

  • Fram til 1972 var det straffbart å vere homofil i Noreg. 
  • Før 1910 hadde ikkje kvinner stemmerett som menn i Noreg. 

Kvifor trur du det var slik?

Demonstrasjonstog. Plakater hvor det står: kjærleik for alle, like rettigheter, love is love.
Demonstrasjonstog. Plakater hvor det står: kjærleik for alle, like rettigheter, love is love.

Endring tar tid

Mange normer og uskrivne reglar om kjønn heng framleis igjen i samfunnet. Korleis vi skal kle oss og oppføre oss. «Sånn skal det vere, for sånn har det alltid vore». Viss vi hadde godteke det, hadde vi aldri bevega oss framover.

Kjønnsidentitet er personleg

Nokre menneske har ein kjønnsidentitet som ikkje er som samfunnet forventar. Det finst jenter som vart registrerte som gut ved fødselen. Dei vart oppdregne som gutar.

Dersom ein person identifiserer seg som jente, så er ho ei jente. Uansett korleis kroppen hennar er. Det er opp til kvar enkelt å bestemme sin eigen identitet.

I 2016 kom det ei lov som seier at ein har rett til å endre juridisk kjønn. Det kan ein gjere dersom ein opplever å vere eit anna kjønn enn det ein er registrert med i folkeregisteret.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Kjønnsmangfald

Det er veldig vanleg å vere hetero og ciskjønna. Men det er òg naturleg å ikkje passe inn i rolla det medfødde kjønnet gir. Kjensla av kjønn er ikkje alltid likt det som står på papiret.

Kva vil det seie å vere ciskjønna?

Det vil seie at du kjenner deg som det kjønnet du vart registrert med ved fødselen. Ein cismann vart tildelt kjønnet gut ved fødselen. Han kjenner seg som ein mann. Det er likt for ei ciskvinne.

Kva vil det seie å vere trans?

Det vil seie at du ikkje kjenner deg som det kjønnet du vart registrert med ved fødselen. Ein transperson kan føle seg som fleire kjønn. Kvinne, mann, ikkje-binær eller andre kjønnskategoriar. Nokre transpersonar ønskjer ikkje å seie at dei er nokon av desse.

Kva vil det seie  å vere ikkje-binær?

Det vil seie at ein ikkje kjenner seg som verken mann eller kvinne. Ein ikkje-binær person kan kjenne seg som fleire kjønn. Det kan òg vere ingen av kjønna.

Kva vil det seie å vere ein ally?

Det vil seie å vere ein alliert. Ein som heiar på alle som bryt med reglar for kjønn og seksualitet. Dei viser støtte, respekt og interesse. Og bidreg til eit trygt miljø for andre.

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt
Ulike buttons med logo og farger.
Ulike buttons med logo og farger.

Han, ho, hen, dei?

Personlege pronomen beskriv kven vi snakkar om. Til dømes «ho» eller «han». Dei orda seier noko om kjønnet. Men kva om du ikkje er sikker på kjønnsidentiteten til dei du snakkar med? Det enklaste er å spørje kva dei bruker. Du respekterer kjønnsidentiteten når du bruker dei rette orda. Mange brukar «hen» eller «dei/dei». Det er kjønnsnøytrale personlege pronomen.

Det er ikkje så vanskeleg å bruke rett pronomen, men det kan vere uvant i starten. Litt som å hugse eit nytt namn. Skulle du gleppe og seie feil, korriger deg. Prøv igjen! Det er ei vanesak. Alle meistrar med litt øving.

Mange skriv sine eigne personlege pronomen i profilen sin i sosiale medium. Det gjer det enkelt for andre. I tillegg viser det at dei er ein ally.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En illustrert figur med grønn hettegenser, blå jakke og en regnbuebutton på jakka.
En illustrert figur med grønn hettegenser, blå jakke og en regnbuebutton på jakka.

Vil du snakke med nokon?

Kjenner du at kjønnet du vart fødd med, ikkje kjennest rett? Lurer du på andre ting om kjønnsidentitet? Då kan det vere fint å snakke med ein du stolar på.

Treng du nokon å snakke med? ung.no har samla ei liste over gratis chat og telefontenester  der du kan ta kontakt. Du kan vere anonym, og det kostar ingenting. ❤️

 

Skrive av Christina Fraas

Illustrasjonar: Helene Brox
Redaktør: Stine Isdahl Solberg

Kven er Christina Fraas?

Christina er samfunnsengasjert og kjem med konkrete tips om korleis du kan leve meir berekraftig i kvardagen, samtidig som du lever ditt beste liv. Ho vart nominert til Plan sin Jentepris i 2019, 2020 og 2022 for sitt bidrag i kampen om rettane til kvinner, og ho var semifinalist i VIXEN Influencer awards for «årets sterke meining» i 2019 og 2021. Ho står òg bak prosjektet 1000historier på Instagram.

Kjelder: