CHRISTINA SNAKKAR OM IDENTITET:

Kjønn er meir enn gut eller jente

Sjå for deg dette: Eit nyfødt barn og stolte foreldre. Hyggelege meldingar og gratulasjonar. På desse står det eit «hurra» følgt av «nydeleg jente» eller «flott gut». På bordet er det rosa eller blå kort og gåver. Slik vi er vande til å skilje mellom kjønn.

Kva er eigentleg kjønnsidentitet?

Kjønnsidentitet. Kva er det? Det er kven du er inni deg, korleis du ser på deg sjølv, og korleis du ønskjer at andre ser deg. Etter fødselen blir alle registrerte som anten jente eller gut. Det er riktig for mange. Men for nokon stemmer det ikkje.

Rosa og lyseblå babypynt.
Rosa og lyseblå babypynt.

Kva slags forventingar er knytte til kjønnet du vart fødd med?

Allereie som nyfødd blir gutebarn ofte kledde i blått og små jenter i rosa. Det blir forventa ulike ting av oss, alt etter kva kjønn vi er registrerte som. Det kan vere korleis vi skal kle oss og korleis vi skal oppføre oss. Kjem du på fleire ting?

«Jentefarge» og «gutefargar». Har du høyrt nokon seie det? Akkurat som om fargar har kjønn! Ofte tenkjer vi at jenter er sårbare og gutar tøffe. Det er ikkje alltid det stemmer.

Ofte kan det sjå ut som samfunnet tenkjer at det rette er å vere heterofil og kjenne seg som det kjønnet ein fekk tildelt ved fødselen. Då kan det kjennast vanskeleg å vere noko anna.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Barneleker, en dukke, lekebil, komfyr.
Barneleker, en dukke, lekebil, komfyr.

Gamle kjønnsroller heng igjen

No kjem to vanskelege ord. Det første er kjønnsrolle. Vi deler opp ordet i kjønn og rolle. Altså den rolla ein får som gut eller jente. Med kjønnsnorm meiner vi det vi trur er «vanleg» for gutar og jenter å gjere. Det kan vere vanskeleg å bryte med både roller og normer! Heldigvis går verda framover! Her er nokre døme på det:

  • Homofili var straffbart i Noreg fram til 1972. 
  • Før 1910 hadde ikkje kvinner stemmerett i Noreg. 

Kvifor trur du det var slik?

Demonstrasjonstog. Plakater hvor det står: kjærleik for alle, like rettigheter, love is love.
Demonstrasjonstog. Plakater hvor det står: kjærleik for alle, like rettigheter, love is love.

Endring tar tid

Mange normer og uskrivne reglar om kjønn heng framleis igjen i samfunnet. Det kan til dømes vere korleis vi skal kle oss eller oppføre oss. Viss vi berre godtek dette, bevegar vi oss aldri framover.

Kjønnsidentitet er personleg

Nokre som vart registrerte som jenter då dei vart fødde, kjenner seg ikkje som jenter. Det same gjeld for nokre gutar. Det er ikkje lett å vere annleis enn det samfunnet tenkjer. Men det er berre du som veit korleis kroppen din er. Berre du kan bestemme kva du er.

I 2016 kom det ei ny lov. Den seier at ein kan endre  juridisk kjønn. Det betyr at ein kan registrere seg som det kjønnet ein opplever å tilhøyre.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Kjønnsmangfald

Det er veldig vanleg å vere hetero og ciskjønna. Men det er òg  naturleg å ikkje passe heilt inn i rolla det medfødde kjønnet har. Kjensla av kjønn er ikkje alltid likt det som står på papiret.

Kva betyr det å vere ciskjønna?

Har du høyrt det ordet før? Ein ciskjønna kjenner at det kjønnet dei vart registrerte med då dei vart fødde, stemmer.  Ein mann som føler seg som mann, blir kalla cismann. Ei kvinne som føler seg som kvinne, blir kalla ciskvinne.

Kva vil det seie å vere trans?

Ein som er trans kjenner seg ikkje som kjønnet hen er fødd med. Enkelte kjenner seg som fleire kjønn.

Kva vil det seie å vere ikkje-binær?

Då kjenner ein det ikkje er rett å seie at ein er mann eller kvinne. Det kan kjennast som ein er ingen eller fleire kjønn.

Kva vil det seie å vere ein ally?

Det betyr å vere ein alliert. Ein som heiar på alle som bryt med reglar for kjønn og seksualitet. Dei viser støtte, respekt og interesse. Og bidreg til eit trygt miljø for andre.

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt
Ulike buttons med logo og farger.
Ulike buttons med logo og farger.

Han, ho, hen, dei?

Vi seier ofte «han» eller «ho» når vi snakkar om folk. Det seier noko om kjønnet. Men det passar for ikkje for alle. Er du usikker på kva kjønn nokon er? Vis interesse og spør! Spør om kva ord dei bruker sjølve. Mange brukar «hen» eller «dei/dei».

Det å vere oppteken av å bruke rette ord rundt dette med kjønn og identitet er ganske nytt. Då kan ein lett seie feil. Fortvil ikkje, øving gjer meister. Så prøv igjen!

På sosiale medium skriv ein ofte noko om seg sjølv på profilen sin. Mange skriv då ordet dei bruker om seg sjølve. Det blir enklare for deg og meg. Ein viser òg at ein er ein ally.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En illustrert figur med grønn hettegenser, blå jakke og en regnbuebutton på jakka.
En illustrert figur med grønn hettegenser, blå jakke og en regnbuebutton på jakka.

Vil du snakke med nokon?

Lurer du på noko meir om kjønnsidentitet? Kjennest kjønnet du er fødd med, ikkje rett? Snakk med nokon du stolar på om det.

Ung.no har laga ei liste med folk du kan snakke med. Du kan vere anonym. Og det er heilt gratis. ❤️

 

Skrive av Christina Fraas

Illustrasjonar: Helene Brox
Redaktør: Stine Isdahl Solberg

Kven er Christina Fraas?

Christina er samfunnsengasjert og kjem med konkrete tips om korleis du kan leve meir berekraftig i kvardagen, samtidig som du lever ditt beste liv. Ho vart nominert til Plan sin Jentepris i 2019, 2020 og 2022 for sitt bidrag i kampen for rettane til kvinner, og ho var semifinalist i VIXEN Influencer awards for «årets sterke meining» i 2019 og 2021. Ho står òg bak prosjektet 1000historier på Instagram.

Kjelder: