Kva er NATO?

NATO dukkar stadig opp i nyheitene når det er snakk om krigar og konfliktar verda over, men kva er eigentleg denne organisasjonen, kven er med, og kva for nokre oppgåver har organisasjonen?

Accessibility icon Kva er NATO?

Her signerer Noregs utanriksminister den viktige avtalen …

… og sidan denne augneblinken, den 4. april 1949, har Noreg vore medlem av NATO.

Men kva er eigentleg NATO?

Utenriksminister Halvard Lange signerer Atlanterhavspakten på vegne av Norge

Kvifor finst NATO?

Etter 2. verdskrigen ønskte mange land å samarbeide for å unngå nye krigar.

Verda hadde sett kor mykje USAs atombomber over Japan hadde øydelagt.

Mange var òg redde for at Sovjetunionen ville prøve å ta over fleire land. Sovjetunionen var allereie den største staten i verda.

Derfor vart 12 vestlege land samde om å samarbeida. Dei laga ein forsvarsallianse. Eitt av desse landa var Noreg.

I april 1949 skreiv dei tolv landa under på Atlanterhavspakten. Dette er ein avtale som alle Nato-landa har plikt til å følgja.

Det viktigaste i Atlanterhavspakten er regel nummer 5. Der står det: «Eit væpna angrep mot éin eller fleire av dei tilslutta statane skal vurderast som eit angrep mot dei alle».

Dette betyr at viss eit land som er medlem av NATO, blir angripe, må dei andre Nato-landa hjelpa.

No har fleire land vorte med i NATO.

I dag er det 32 land som er med, og heile Norden med Sverige og Finland er nå medlemmer.

Fleire land ønsker å bli medlem av NATO, til dømes  Ukraina.

Flaggene til Natos medlemsland

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
4. april 1949 ble Nato stiftet i Washington D.C.
4. april 1949 ble Nato stiftet i Washington D.C.

Kva er NATO i dag?

NATO er viktig for å passa på at det er fred og tryggleik i Vesten.

NATO består av to delar: Det nordatlantiske rådet og Militærkomiteen.

Det nordatlantiske rådet

Dette er eit stort møte der alle medlemslanda diskuterer tryggleiken i verda.

Dei snakkar om kva som kan trua freden.

Militærkomiteen

Her sit sjefane for militæret frå kvart av medlemslanda. Dei gir militære råd til Det nordatlantiske rådet.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Natos møterom i Brussel
Natos møterom i Brussel

Korleis fungerer NATO?

Det viktigaste i NATO er at landa skal hjelpa kvarandre viss ein av medlemmene blir angripne.

Samtidig skal NATO verna folk, hjelpa folk å samarbeida og skapa fred i verda.

Når NATO skal bestemme seg for noko, må alle medlemslanda bli samde først.

Viss Noreg og Danmark usamde, må dei først bli samde. Då kan NATO bestemma kva dei skal gjera.

Ein av grunnane til at alle medlemslanda må vere samde, er at NATO har få eigne soldatar.

Soldatane NATO sender ut, er soldatar frå kvart av medlemslanda.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Tyrkiske soldater under en Nato-øvelse
Tyrkiske soldater under en Nato-øvelse

NATO i krig

NATO har ikkje delteke i mange krigar, men det er to krigar som skil seg ut: Kosovokrigen og krigen i Afghanistan.

Kosovokrigen i 1999

I det tidligare Jugoslavia ville Serbia at Kosovo skulle vere ein del av den serbiske staten, men det ville ikkje befolkninga i Kosovo.

Då gjekk Serbia til angrep på Kosovo. Dette gikk spesielt hardt ut over kosovoalbanarane.

FN og NATO gjekk derfor inn for å stoppe angrepet til Serbia og folkemord på kosovoalbanarar.

Afghanistan

Bruk av artikkel 5 har berre skjedd éin gong.

Den 11. september 2001 vart USA angripe av terrororganisasjonen al-Qaida som held til i Afghanistan. NATO fekk derfor godkjenning av FN til å gå til angrep på Afghanistan.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Soldater i skogen under Kosovo-krigen i 1999
Soldater i skogen under Kosovo-krigen i 1999

Ny situasjon i Europa

Då Russland angreip Ukraina, forandra tryggleiks- og forsvarspolitikken i Europa seg.

På grunn av krigen stoler ikkje nabolanda heilt på Russland. Dei lurer på om dei også kan bli angripne.

Sverige og Finland har ikkje vore medlem av NATO før, men då Russland angreip Ukraina, ombestemde dei seg.

Finland og Sverige søkte om å bli medlemmer i NATO 18. mai, 2022.

Då Stoltenberg fekk søknadene frå Finland og Sverige, beskreiv han augneblinken som «historisk».

Han sa at NATOs dør står open for alle land som vil bidra til vår felles tryggleik.

📷 Sverige og Finland leverte søknaden sin samtidig. Her ser me Finlands og Sveriges utanriksministere og NATOs generalsekretær.
Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Finlands utenriksminister Pekka Haavisto, Natos generalsekretær Jens Stoltenberg og Sveriges utenriksminister Ann Linde
Finlands utenriksminister Pekka Haavisto, Natos generalsekretær Jens Stoltenberg og Sveriges utenriksminister Ann Linde

Kva tenkjer norske politikarar?

Dei to største partia, Arbeidarpartiet og Høgre, er samde om at Noreg skal vera medlem av NATO.

Den norske venstresida er meir negativ til NATO. Dei ønskjer at Noreg skal vera mindre avhengig av USA. Dei meiner også at me ikkje får fred i verda gjennom krig.

📷   Kong Harald og NATOs generalsekretær, Jens Stoltenberg, følgjer med når jagarflyet F-35 blir vist fram.
Kong Harald og Natos generalsekretær Jens Stoltenberg følger med under en demonstrasjon av jagerflyet F-35 Joint Strike Fighter
Kong Harald og Natos generalsekretær Jens Stoltenberg følger med under en demonstrasjon av jagerflyet F-35 Joint Strike Fighter

Kjelder:

  • Cooper, Camilla Guldahl: NATO i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 8. mars 2022 frå https://snl.no/NATO

Bilde- og videorettar:

    1. NATO
    2. NATO / NATO – YouTube
    3. NATO
    4. NATO
    5. Getty Images
    6. NATO
    7. NATO