Placebo i medisinske forsøk

Placebo er viktig når ein skal teste nye behandlingsmetodar. Før nye medisinar eller metodar blir lov å bruke på sjukehusa eller blir tilgjengelege for deg og meg på apoteka, blir dei samanlikna med ei pille, eit plaster eller ei sprøyte som ikkje inneheld ekte medisin. Verken forskaren eller pasienten veit kva som er ekte og kva som er placebo. Dette sikrar gode studiar, og at dei som er med i forsøket, ikkje påverkar resultatet.

Men hjernen er eit kraftig organ, og berre det å tru at du får behandling, kan gjere deg betre. Berre det å tru at du får bestemte biverknader, kan gi deg akkurat desse biverknadene.

⬅  I ein dobbeltblindstudie veit verken pasient eller forskar kven som får medisinen ein skal teste, og kven som får placebo.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
I en dobbeltblindstudie med pasient og forsker vet de ikke vet som får medisinen som skal testet, eller en placebo
I en dobbeltblindstudie med pasient og forsker vet de ikke vet som får medisinen som skal testet, eller en placebo

Å tru seg frisk 

Ein av dei mest berømte studiane innan placebo vart leia av Jon Levine i 1978. Her prøvde forskarteamet å finne ut kva som skjer når folk trur seg friske eller sjuke. Levine og kollegaene hans gav «smertestillande» placebo til pasientar som hadde fjerna visdomstenner. Studiane avslørte at den smertedempinga pasientane opplevde, eigentleg kom frå frigjering av kroppens eige, naturlege smertestillande middel: endorfinar. Denne merkelege effekten kan ikkje kurere kreft eller fjerne astma, men med litt hjelp frå sukkerpiller og saltvassprøyter kan hjernen endre korleis du føler deg.

Piller med ansiktsuttrykk tegnet på
Piller med ansiktsuttrykk tegnet på

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!