Placebo i medisinforsøk

Placebo er viktig når ein skal teste nye behandlingsmetodar. Før nye medisinar blir lov å bruke på sjukehusa eller kjem i sal på apoteka, blir dei samanlikna med ei pille, eit plaster eller ei sprøyte som ikkje inneheld ekte medisin. Dette kallar vi placebo. Verken forskaren eller pasienten veit kva som er ekte og kva som er placebo. Dette gjer at dei som er med i forsøket, ikkje kan påverke kor godt medisinen ser ut til å verke.

Men hjernen er eit kraftig organ, og berre det å tru at du får behandling, kan gjere deg betre. Berre det å tru at du får visse biverknader, kan gje deg akkurat desse biverknadene.

⬅  I ein dobbeltblindstudie veit verken pasient eller forskar kven som får medisinen ein skal teste, og kven som får placebo.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
I en dobbeltblindstudie med pasient og forsker vet de ikke vet som får medisinen som skal testet, eller en placebo
I en dobbeltblindstudie med pasient og forsker vet de ikke vet som får medisinen som skal testet, eller en placebo

Å tenkje seg frisk 

Ein av dei mest berømte studiane innan placebo vart leia av Jon Levine i 1978. Her prøvde forskarane å finne ut kva som skjer når folk tenkjer seg friske eller sjuke. Levine og kollegaene hans gav noko som såg ut som smertestillande medisin til pasientar som hadde trekt ei tann. Men medisinen var i røynda placebo. Studiane avslørte at den smertedempinga pasientane opplevde, eigentleg stamma frå kroppens eige, naturlege smertestillande middel – noko som heiter endorfinar. Denne rare effekten kan ikkje kurere kreft eller fjerne astma, men med litt hjelp frå sukkerpiller og saltvassprøyter kan hjernen endre korleis du føler deg.

Piller med ansiktsuttrykk tegnet på
Piller med ansiktsuttrykk tegnet på

Det sit i hovudet

Tankekrafta kan gjere utrulege ting. 

  • Placeboeffekten verkar sjølv om du veit at det er placebo. 
  • Ein placebo-medisin kan dempe  smerte ved å sleppe laus endorfinar. 
  • 1 av 10 av oss trur at oransje piller smakar surt.
  • Placebo-piller har vist seg å hjelpe mot problem med søvn.
  • Placebo-sprøyter verkar betre enn placebo-piller.
  • Mange trur at grøne og blå piller gjer deg rolegare.
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Hvordan Placeboeffekten påvirker hjernen
Hvordan Placeboeffekten påvirker hjernen

Kjelder:

  • Kroppen 4 (2020)
    Orage Forlag AS

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Ukjent