Kva er religion?
Heilt sidan dei første menneska sat rundt bålet og fortalde kvarandre historier, har vi hatt behov for å tru på noko guddommeleg. Men kva er religion, og kvifor trur vi?
Prehistoriske mennesker rundt bålet
Gammal tru
Det er ikkje så enkelt å forklare kva religion er. Vitskapen forklarer det som «trua på guddommelege eller overnaturlege vesen, som gudar, englar, demonar eller heilage dyr».
Det er sannsynleg at mennesket til alle tider har trudd på ei større makt. Då mennesket utvikla ein større hjerne, fekk vi fantasi. Dermed kunne vi gruble over kvar vi kom frå, og kvar vi skal etter døden. Fantasien gjer òg at vi kan skape kunst og musikk.
Hender holdes åpne mot solen
Fellesskap
Samarbeid var veldig viktig. Det førte mellom anna til at flokken av steinaldermenneske jakta saman for å felle større dyr. Seinare bygde ein enorme og kostbare katedralar – som står den dag i dag. Det å jobbe i fellesskap skapte meir velstand til fleire.
Glade muslimske jenter gir hverandre high five
Tilhøyrsel
Å vere saman er viktig for oss. Det har du sikkert følt ekstra på i det siste – når pandemien har ført til at vi må vere meir kvar for oss. Religion gir oss noko å samlast om. Noko utanfor oss sjølve som vi kan dyrke, tilbe og feire. Slik kan dei store religionane samanliknast med eit rockeband, eller ein annan lidenskap du deler med andre. Fellesskapet gir glede og tryggleik.
Vesak, Lanterner flyr opp mot himmelen
Meininga med livet?
Dei aller fleste religionane har ei forteljing om kva som skjer med oss når vi døyr. Viss ein har oppført seg bra, blir livet etter døden betre enn livet på jorda. For mange kan det verke meiningslaust at alt er over den dagen vi døyr. Då kan det gi ei meining med livet å tru at det er eit større formål med alt saman.
Kvinne ber en bønn i kirken
Djupt personleg
Å tru er ein personleg ting. Det kan gi sterke kjensler, og det pregar livet til den som trur. Det finst buddhistmunkar i Thailand som ber og mediterer heile dagen. Andre viser respekt for trua si ved å bere hijab eller kors rundt halsen. Dei fleste truande av alle religionar lever eit vanleg liv. Men det dei fleste truande har til felles, er at dei ønskjer å vere så gode og snille som dei kan.
Munk mediterer på en båt i Ganges, India
Den gylne regelen
Det er nemleg éin regel som dei aller fleste religionane har. Den blir kalla «den gylne regelen» og seier: «Gjer mot andre det du vil at andre skal gjere mot deg.» Denne regelen kan alle vere samde i, utan at ein trur på ein religion. Men religion har til alle tider rettleidd menneske om korleis vi bør vere mot kvarandre.
To mennesker holder hender og viser omsorg
Muslimsk mann holder Koranen og ber en bønn
Mennesker på pilgrimsreise til Mecca
Humanisme
Ikkje alle har ei religiøs tru. Mange har eit humanistisk livssyn, der den gylne regelen er like viktig som i fleire religionar. Humanismen set mennesket i sentrum og ser på mennesket som ansvarleg for eige liv. Menneska treng ikkje noko guddommeleg så lenge vi kan tenkje fornuftig sjølve.
Kvinne med universet i hodet
Ateisme
Viss ein ikkje trur på at det finst ein gud, er ein ateist. Nokre ateistar kritiserer dei som er religiøse. Andre er meir likegyldige og tenkjer ikkje så mykje over om Gud eksisterer. Truande får gjere som dei sjølve vil. Ateismen vart eit resultat av at vitskapen utvikla seg. Utviklinga av astronomi vart for mange eit bevis på at Gud ikkje finst.
Mann ser opp mot stjernene
Agnostisisme
«Agnos» er gresk og betyr ‘å ikkje vite’. Agnostikarar må finne bevis før dei trur på noko. Elles er det umogleg å vite kva ein skal tru på. Når det gjeld Guds eksistens, er dei ikkje like avvisande som ateistar. Ein agnostikar trur ikkje at Gud finst, men hen trur heller ikkje at Gud ikkje finst.
Jente som tenker
Religion i Noreg
Kristendommen har vore offentleg religion i Noreg sidan 1500-talet. Frå og med 2017 vart staten og kyrkja skilde. Kyrkja er ikkje lenger verna av verken lova eller kongen. Den norske kyrkja betyr likevel mykje i Noreg. Cirka 70 prosent av alle nordmenn er medlemmer, men talet søkk. Noreg har samtidig eit stort mangfald av religionar, og religionsfridommen står sterkt.
📷 Nidarosdomen er den opphavelege erkebiskopkyrkja i Noreg og ei av dei største middelalderkyrkjene i Norden.
Kjelder:
- BBC (09.04.21): How and why did religion evolve?
https://www.bbc.com/future/article/20190418-how-and-why-did-religion-evolve
- Bøhn, Einar Buengen: humanisme i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 12. april 2021 frå https://snl.no/humanisme
- Groth, Bente: den gylne regel i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 12. april 2021 frå https://snl.no/den_gylne_regel
- Groth, Bente og Kværne, Per: religion i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 9. april 2021 frå https://snl.no/religion
- Kværne, Per, m.fl.: ateisme i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 12. april 2021 frå https://snl.no/ateisme
- Rasmussen, Tarald m.fl.: religion i Norge i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 12. april 2021 frå https://snl.no/religion_i_Norge
- Rasmussen, Tarald og Elstad, Hallgeir: Kristendommens historie i Norge i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 12. april 2021 frå https://snl.no/Kristendommens_historie_i_Norge
- Tjønneland, Eivind: agnostisisme i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 12. april 2021 frå https://snl.no/agnostisisme
Bilet- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images / Arkikon (CC BY-SA 4.0)
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-