Kva for draumar har du for framtida?
Korleis ser du for deg at livet skal bli? Kva val står du føre, og i kva retning skal du gå?
Framtida
Det er vanskeleg å vite korleis framtida blir. Det einaste vi kan vere sikre på, er at framtida kjem, ein dag om gongen. Framtida kan derfor vere noko som skjer snart – eller om ei lang stund.
Nokon gruer seg, og andre gleder seg, med tanke på små og store endringar som vil skje i livet.
EN dame som sitter og ser utover sjøen
Framtidsønske
Kva vi drøymer om, endrar seg etter kvart som vi blir eldre. Små barn drøymer kanskje om å leike eller ete, medan tenåringar kanskje drøymer om å bli forelska eller ta gull i OL.
Kanskje drøymer nokon om kva slags jobb dei vil ha, om kvar dei vil bu, eller om at dei får mykje pengar. Dei kan drøyme om å bu på landet eller i byen, eller kanskje i ein heilt annan del av verda.
Kva drøymer du om?
Jente som står å ser ut i luften og smiler
Å gjere val
Vi må ofte gjere val, og det er vanskelig å vite om dei er rette eller galne. Kanskje handlar det om å velje ei utdanning, prøve seg i arbeid eller velje å ta eit friår? Moglegheitene er mange.
Tenk over dette: Det handlar ikkje om kva du vil bli, eller om at dette er det viktigaste valet i livet ditt. Du er allereie noko – og det er alltid mogleg å velje på nytt.
Bilde av føtter med masse piler rundt
Du kan alltid ta nye val
Vala vi tar, kan vere både kloke og dumme. Det fine er at dumme val kan lære oss noko nyttig. Vi kan gjere nye val seinare. Vala kan vere vanskelege, men dei er ikkje alltid avgjerande for resten av livet! Ofte blir framtida til gjennom tilfeldigheiter. Det er derfor vanskeleg å planleggje framtida. Kanskje det viktigaste er å tenkje over kven ein er i dag, og ikkje bekymre seg altfor mykje for framtida.
Dame som står med armene ut og sr utover byen
Kjelder:
- ks.no (16.02.22): Håp og drømmer
https://www.ks.no/fagomrader/barn-og-unge/barnevern/oppfolging-av-unge-med-barnevernserfaring/livsomrader-i-overgangen-til-voksenlivet/hap-og-drommer/
- linktillivet.no (16.02.22): Fremtid
https://www.linktillivet.no/filer/Fremtid_LINK.pdf
Bilde- og videorettar:
-
Getty images
-
Getty images
-
Getty images
-
Getty images