Kva for draumar har du for framtida?
Korleis ser du for deg at livet skal bli? Kva val står du framfor, og i kva for retning skal du gå?

Framtida
Det er vanskeleg å vite korleis framtida blir. Somme har draumar om korleis dei ønskjer å ha det, og andre legg konkrete planar for å oppnå draumane sine. Det einaste vi kan vere sikre på, er at framtida kjem, ein dag om gongen – og framtida kan derfor vere noko som skjer snart – eller om ei lang stund.
Somme synest det er vanskeleg å tenkja på framtida. Somme gruar seg, og andre gleder seg, med tanke på små og store endringar som vil skje i livet.

EN dame som sitter og ser utover sjøen
Framtidsønske
Kva vi drøymer om, endrar seg etter kvart som vi blir eldre. Små barn drøymer kanskje om å leike eller ete, medan tenåringer kanskje drøymer om å bli forelska eller bli OL-meister i idretten dei satsar på.
Kanskje drøymer nokon om kva for jobb dei vil ha, om kvar dei vil bu, eller om dei får mykje pengar. Dei kan drøyme om å bu på landet eller i byen, eller kanskje i ein heilt annan del av verda.
Kva drøymer du om?

Jente som står å ser ut i luften og smiler
Ønsker du å lese hele artikkelen?
Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.
Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!