Kva kostar det å
droppe ut av vidaregåande skule?

I Noreg har alle rett til å gå på vidaregåande skule. Det er ikkje alle som fullfører. Kva kostar det eigentleg? 6 av 10 bruker 5 eller 6 år på å bli ferdige. 3 av 4 bruker tre år. Er det eigentleg viktig?

Person sitter å gjør regnskap med datamaskin, kalkulator og papirer
Person sitter å gjør regnskap med datamaskin, kalkulator og papirer

Endra arbeidsmarknad

Før i tida var det ganske vanleg å vere ferdig på skulen etter grunnskulen. Det var likevel ganske lett å få seg ein jobb. I dag er det annleis. Har du ikkje utdanning, er det vanskeleg å få jobb.

Kva er vegen vidare for deg etter 10-årig grunnskule? Du står overfor eit stort val. Ei linje på vidaregåande skule (VGS) er neste skritt for dei fleste.

Skulen krev meir av deg di eldre du blir. Vidaregåande skule er rett og slett for krevjande for ein del elevar. Mange orkar ikkje å gjere seg ferdige.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Florist holder potteplante i et rom full av planter og blomster
Florist holder potteplante i et rom full av planter og blomster

Er det mange som ikkje fullfører?

Statistisk Sentralbyrå (SSB) seier at 79,6 prosent fullfører vidaregåande skule. Det vil seie at nesten 20 prosent ikkje gjer det. Målet til Utdanningsdirektoratet er at alle skal fullføre i løpet av fem år.

Et par sko som står på asfalt med piler i ulike retninger
Et par sko som står på asfalt med piler i ulike retninger

Studiespesialisering vs. yrkesfag

89,1 prosent fullfører studieførebuande utdanningsprogram. På yrkesfaglege utdanningsprogram er det 68,3 prosent. Dette er litt ulikt rundt i Noreg. Det er flest som sluttar på vidaregåande skule lengst i nord.

Refleksjon:

Kva er grunnen til forskjellen mellom Nord-Noreg og resten av landet, tror du?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Er det eigentleg så viktig?

Forsking viser at ein kan ha store økonomiske fordelar av å gjennomføre vidaregåande skule.

 Det er vanskelig å seienøyaktig kva det vil seie for ein person å ikkje fullføre vidaregåande skule. Data og statistikk frå forsking, gjort over mange år, gir eit generelt bilde. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Data, søylediagram og nummer på en skjerm
Data, søylediagram og nummer på en skjerm

Du tener meir

Ifølgje statistikken har du som har fullført vidaregåande skule, mellom 56 000 og 84 000 kroner meir i inntekt kvart år, samanlikna med ein som ikkje har fullført.

En mann bruker en seddel for å tenne på en sigar, omringet av penger og gull.
En mann bruker en seddel for å tenne på en sigar, omringet av penger og gull.

Kva sparer samfunnet?

Ein stor gevinst for den enkelte, er det ikkje? Kva då med kostnaden for samfunnet? 

Summen av mange ting

Statistikken viser at ein person som fullfører VGS, sparer samfunnet nesten 2 millionar kroner i gjennomsnitt. Det er gjennom heile livet og er summen av mange ting. Studiar viser at dei som fullfører, ofte har betre helse. Det sparer helsevesenet mykje penger på.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Stortinget, Oslo, Norge
Stortinget, Oslo, Norge

Normert gevinst

Dersom du fullfører vidaregåande i løpet av tre (studiespesialisering) eller fire (yrkesfag) år, meiner forskarar at det vil utgjere ein forskjell i årlege inntekter og utgifter. Éin elev får ca 198 000 kroner meir i inntekt, og ca 132 000 kroner mindre i utgift.

Det kan ha noko å seie!

Det kan vere mange årsaker til at du ender opp med å droppe ut eller fullføre vidaregåande skule. Det gir likevel store fordelar å fullføre VGS.

  • Risiko for å bli ufør er mindre. 
  • I løpet av livet har du betre helse. 
  • På lang sikt kan du både spare mykje og tene meir pengar.
Refleksjon:

Kvifor droppar enkelte heilt ut av vidaregåande skule, trur du?

Refleksjon:

Tenk deg dette: Du bestemmer over skolesystemet. Kva gjer du for å hindre at elevar droppar ut?

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Kjelder:

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images