Kva kostar det  å
droppe ut av vidaregåande skule?

I Noreg har alle rett til å gå på vidaregåande skule, men ikkje alle fullfører. 6 av 10 er ferdige etter tre år, mens ca 3 av 4  bruker 5 eller 6 år. Har det eigentleg noko å seie om ein fullfører? Kva kostar det å droppe ut?

Person sitter å gjør regnskap med datamaskin, kalkulator og papirer
Person sitter å gjør regnskap med datamaskin, kalkulator og papirer

Endra arbeidsmarknad

Før i tida var det ganske vanleg å vere ferdig på skulen etter grunnskulen. Dei som ikkje heldt fram på skulen, hadde likevel gode sjansar på arbeidsmarknaden. Det har endra seg. I dag er det vanskelegare å komme inn på  arbeidsmarknaden  utan utdanning.

Etter 10-årig grunnskule står du overfor eit stort val: Kva er vegen vidare? Det neste skrittet for dei fleste er å velje ei linje på vidaregåande skule (VGS).

Di eldre du blir, dess meir krev skulen av deg. Vidaregåande skule er så krevjande  for somme at dei sluttar.  

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Florist holder potteplante i et rom full av planter og blomster
Florist holder potteplante i et rom full av planter og blomster

Er det mange som ikkje fullfører?

Utdanningsdirektoratet har som mål at alle skal fullføre vidaregåande skule i løpet av fem år. Ifølgje Statistisk Sentralbyrå (SSB) fullfører 79,6 prosent av alle som begynner på vidaregåande skule. Likevel er det nesten 20 prosent som ikkje kjem seg gjennom studieløpet.

Et par sko som står på asfalt med piler i ulike retninger
Et par sko som står på asfalt med piler i ulike retninger

Studiespesialisering vs. yrkesfag

studieførebuande utdanningsprogram fullfører 89,1 prosent. Prosentdelen som fullfører på yrkesfaglege utdanningsprogram er 68,3. Det er også geografiske forskjelaer. Det er størst fråfall i dei nordlegaste delane av Noreg, spesielt i Finnmark.

Refleksjon:

Kvifor trur du det er så stor forskjell mellom Nord-Noreg og resten av landet?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Er det eigentleg så viktig?

Forsking viser at det kan ha store økonomiske fordelar å gjennomføre vidaregåande skule.

Det er vanskeleg å seie nøyaktig kva konsekvensar det kan ha for ein person å ikkje fullføre vidaregåande skule. Likevel viser data og statistikk frå forsking, gjort over mange år, eit generelt bilde.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Data, søylediagram og nummer på en skjerm
Data, søylediagram og nummer på en skjerm

Du tener meir

Statistisk har du som har fullført vidaregåande skule, mellom 56 000 og 84 000 kroner meir i inntekt kvart år, samanlikna med ein som ikkje har fullført.

En mann bruker en seddel for å tenne på en sigar, omringet av penger og gull.
En mann bruker en seddel for å tenne på en sigar, omringet av penger og gull.

Kva sparer samfunnet?

Viss dét er ein stor gevinst for den enkelte – kva er då kostnaden for samfunnet?

Summen av mange ting

Statistisk sett sparer samfunnet 1 187 000 kroner i gjennomsnitt per person som fullfører vidaregåande skule. Ikkje som eingongssum, men sett i eit livsløpsperspektiv er det summen av mange ting. Studiar har vist at dei som fullfører, ofte har betre helse. Det sparer helsevesenet på.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Stortinget, Oslo, Norge
Stortinget, Oslo, Norge

Normert gevinst

Det gir også gevinstar å gjennomføre vidaregåande på normert tid. Dersom du ikkje droppar ut, men fullfører i løpet av tre (studiespesialisering) eller fire (yrkesfag) år, meiner forskarar at éin elev får til saman ca 198 000 kroner i ekstra arbeidsinntekt, i tillegg til ca 132 000 kroner mindre i utgifter.

Det kan ha noko å seie!

Det kan vere ulike årsaker til det du endar opp med: om du droppar ut eller fullfører. Fordelen med å fullføre vidaregåande skule er likevel stor. Du har mindre risiko for å bli arbeidsufør, og du får generelt betre helse i løpet av livet. I det lange løp kan du både spare mykje utgifter og tene meir pengar.

Refleksjon:

Kva trur du er årsaka til at enkelte vel å droppe heilt ut av vidaregåande skule?

Refleksjon:

Tenk deg at du bestemmer over skulesystemet. Kva ville du ha gjort for å hindre at elevar droppar ut?

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Kjelder:

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images