Kva lever vi eigentleg av i Noreg?
Har du tenkt på kva du vil jobbe med i framtida? Nesten alle må jobbe for å leve. Slik har det alltid vore. Men kva jobbar vi eigentleg med i Noreg, og har det alltid vore sånn?
Brainstorming på kontoret.
Inndeling av yrke
Vi pleier å dele inn ulike yrke i tre hovudgrupper:
- primærnæring
- sekundærnæring
- tertiærnæring
Gresslette og sau med by i bakgrunnen.
Tømmerhogst med spesialtraktor
Bonden
Ein bonde jobbar innanfor primærnæringa. Nokre bønder leverer korn som skal bli til mjøl, eller raps som skal bli til rapsolje.
Fiskaren
Fiskaren fangar fisk eller andre sjødyr. Denne fangsten blir seinare til fiskepinnar eller krabbeklør som blir selde i butikken.
Før jobba dei fleste i primærnæringa
For nokre hundre år sidan jobba dei fleste i primærnæringa. Folk dyrka sitt eige korn og fiska sin eigen fisk. Dette gjaldt i Noreg og resten av verda. Kva skjedde då fabrikkane kom?
Harving med fjærharv i Gausdal ca. 1960
Kor vart det av alle fiskarane?
Det har vorte færre og færre som jobbar i primærnæringane. I 2020 var det berre to prosent som hadde slike jobbar. Kvifor er det ikkje like mange fiskarar som før, trur du?
Bonde og ku i solnedgang med melkespann i front
Sekundærnæring
Sekundærnæringa bruker råvarer frå primærnæringa og lagar nye ting. Døme kan vere fabrikkar, oljeraffineri eller slakteri. Eit oljeraffineri bruker olje til å lage mellom anna bensin og diesel.
Bilde fra en slakterfabrikk.
Frå tømmer til plank
Sekundærnæringa gjer at tømmerstokkar blir til plank. Mjølk blir gjort om til ost. Råolje blir til drivstoff.
Det blir ikkje laga like mykje i Noreg lenger
På slutten av 1800-talet var det mange som jobba på fabrikk i Noreg. Hundre år seinare var mange av desse jobbane forsvunne. Maskiner tok over det menneske gjorde før. Det er heller ikkje alt vi lagar i Noreg. Det er ofte billigare å kjøpe det ferdig frå utlandet.
Bilde fra DEFA Elektromekaniske fabrikk
Færre jobbar på fabrikk
I 2020 arbeidde 27 prosent av nordmenn i jobbar som høyrer til sekundærnæringa.
Person som sveiser
Tertiærnæring
Yrke som tilhøyrer tertiærnæringa produserer ingen eigne varer. Dei hjelper dei andre næringane med å selje og frakte varer.
Opplæring eller frakt av matvarer?
Ein lastebilsjåfør fraktar varer frå ein stad til ein annan. Ein kokk lagar råvarer til lekre måltid. Ein lærar tilbyr opplæring.
En lærer som hjelper en gutt med skolearbeid
Døme på tertiærnæringer
Døme på jobbar i tertiærnæringa kan vere å jobbe i butikk, på hotell, i restaurant eller som politikar.
Bartender som presser på appelsinskall for å lage en drink
Dei fleste jobbar i tertiærnæringa
Dei aller fleste i Noreg jobbar i dag med sal og ulike serviceyrke. Kvifor det, trur du?
Lagerbygg fullt av reoler
Bord fullt av mat
Kjelder:
- primærnæringer i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 16. juni 2022 frå https://snl.no/primærnæringer
- sekundærnæringer i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 16. juni 2022 frå https://snl.no/sekundærnæringer
- tertiærnæringer i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 16. juni 2022 frå https://snl.no/tertiærnæringer
- FN.no (27.04.2022): Primærnæring i Norge
https://www.fn.no/Statistikk/primaernaering?country=306
- FN.no (27.04.2022): Sekundærnæring i Norge
https://www.fn.no/Statistikk/sekundaernaering?country=306
- FN.no (27.04.2022): Norge
https://www.fn.no/Land/norge?id=16781&indicator=Tertiærnæring
- NHO (27.04.2022): Verden og oss – Næringslivets perspektivmelding 2018
https://www.nho.no/siteassets/publikasjoner/naringslivets-perspektivmelding/pdf-er-sept18/nho_perspektivmeldingen_hele_web_3-utgave_lowres.pdf
Bilde- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Olav Børresen / Maihaugen
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
DEFA
-
Rob Lambert / Unsplash
-
Getty Images
-
Pixabay
-
Chino Rocha / Unsplash
-
Pixabay
-
Lily Banse / Pixabay
-