Kva lever vi eigentleg av i Noreg?

Har du tenkt på kva du vil jobbe med i framtida? Nesten alle må jobbe for å leve. Slik har det alltid vore. Men kva jobbar vi eigentleg med i Noreg, og har det alltid vore sånn?

Brainstorming på kontoret.
Brainstorming på kontoret.

Inndeling av yrke

Vi pleier å dele inn ulike yrke i tre hovudgrupper:

  • primærnæring
  • sekundærnæring
  • tertiærnæring
Gresslette og sau med by i bakgrunnen.
Gresslette og sau med by i bakgrunnen.

Primærnæring

Primærnæring er når ein hentar noko rett frå naturen. Desse jobbane leverer råvarer til andre som kan gjere råvarene om til andre produkt.

Døme på primærnæringar er jordbruk, skogbruk, fiske og utvinning av metall frå gruver.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Tømmerhogst med spesialtraktor
Tømmerhogst med spesialtraktor

Bonden

Ein bonde jobbar innanfor primærnæringa. Nokre bønder leverer korn som skal bli til mjøl, eller raps som skal bli til rapsolje. 

Fiskaren

Fiskaren fangar fisk eller andre sjødyr. Denne fangsten blir seinare til fiskepinnar eller krabbeklør som blir selde i butikken.

Før jobba dei fleste i primærnæringa

For nokre hundre år sidan jobba dei fleste i primærnæringa. Folk dyrka sitt eige korn og fiska sin eigen fisk. Dette gjaldt i Noreg og resten av verda. Kva skjedde då fabrikkane kom?

Harving med fjærharv i Gausdal ca. 1960
Harving med fjærharv i Gausdal ca. 1960

Kor vart det av alle fiskarane?

Det har vorte færre og færre som jobbar i primærnæringane. I 2020 var det berre to prosent som hadde slike jobbar. Kvifor er det ikkje like mange fiskarar som før, trur du?

Bonde og ku i solnedgang med melkespann i front
Bonde og ku i solnedgang med melkespann i front

Sekundærnæring

Sekundærnæringa bruker råvarer frå primærnæringa og lagar nye ting. Døme kan vere fabrikkar, oljeraffineri eller slakteri. Eit oljeraffineri bruker olje til å lage mellom anna bensin og diesel.

Bilde fra en slakterfabrikk.
Bilde fra en slakterfabrikk.

Frå tømmer til plank

Sekundærnæringa gjer at tømmerstokkar blir til plank. Mjølk blir gjort om til ost. Råolje blir til drivstoff.

Det blir ikkje laga  like mykje i Noreg lenger

På slutten av 1800-talet var det mange som jobba på fabrikk i Noreg. Hundre år seinare var mange av desse jobbane forsvunne. Maskiner tok over det menneske gjorde før. Det er heller ikkje alt vi lagar i Noreg. Det er ofte billigare å kjøpe det ferdig frå utlandet.

Bilde fra DEFA Elektromekaniske fabrikk
Bilde fra DEFA Elektromekaniske fabrikk

Færre jobbar på fabrikk

I 2020 arbeidde 27 prosent av nordmenn i jobbar som høyrer til sekundærnæringa.

Person som sveiser
Person som sveiser

Tertiærnæring

Yrke som tilhøyrer tertiærnæringa produserer ingen eigne varer. Dei hjelper dei andre næringane med å selje og frakte varer.

Opplæring eller frakt av matvarer?

Ein lastebilsjåfør fraktar varer frå ein stad til ein annan. Ein kokk lagar råvarer til lekre måltid. Ein lærar tilbyr opplæring.

En lærer som hjelper en gutt med skolearbeid
En lærer som hjelper en gutt med skolearbeid

Døme på tertiærnæringer

Døme på jobbar i tertiærnæringa kan vere å jobbe i butikk, på hotell, i restaurant eller som politikar.

Bartender som presser på appelsinskall for å lage en drink
Bartender som presser på appelsinskall for å lage en drink

Dei fleste jobbar i tertiærnæringa

Dei aller fleste i Noreg jobbar i dag med sal og ulike serviceyrke. Kvifor det, trur du?

Lagerbygg fullt av reoler
Lagerbygg fullt av reoler

Kva er din draumejobb?

Sjå for deg nokre av yrka du kan tenkje deg å jobbe med. Høyrer yrka til primærnæring, sekundærnæring eller tertiærnæring?

Det finst eit hav av moglegheiter. Det er så mange ulike yrke at det kan vere vanskeleg å velje. Bruk tida du har på skulen til å gjere deg litt kjend med ulike yrke. Kvar har du interessene dine? Kva er du skikkeleg god på? Vil du jobbe med menneske, eller vil du dyrke korn? Lykke til med ditt val av yrke!

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Bord fullt av mat
Bord fullt av mat

Kjelder:

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Olav Børresen / Maihaugen
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. DEFA
    11. Rob Lambert / Unsplash
    12. Getty Images
    13. Pixabay
    14. Chino Rocha / Unsplash
    15. Pixabay
    16. Lily Banse / Pixabay