Flørting, kjensler og sosiale kodar

Kva betyr det eigentleg å flørte? Er det når du sender ein snap med hjarteemoji, eller når du tør å seie «du er søt» på skuleplassen? Og korleis veit du om nokon verkeleg liker deg, eller om dei berre er hyggelege?

Illustrasjon av en tekstmelding med et hjerte
Illustrasjon av en tekstmelding med et hjerte

Kurtiseringa sine røter – eit historisk tilbakeblikk

Menneske har alltid hatt behov for å flørte med kvarandre, eller kurtisere, som ein sa før. Men korleis vi gjer det, har endra seg med tid og kultur.

 

I gamle dagar var det ofte strenge reglar for flørting. Då kunne ein ung mann vise interesse ved å sende eit handskrive dikt eller be om å få spasere med ei ung kvinne i hagen. Ein gut og ei jente var aldri åleine. Skulle ein treffast, måtte det alltid vere andre folk til stades.

Kvinna var ganske passiv. Ho svarte kanskje med eit diskret smil, eit nikk eller eit blikk, men ho flørta sjeldan sjølv.

I overklassen handla ikkje flørting berre om kjensler, men også om status og moglegheita til eit betre liv.

I nokre kulturar brukte kvinner vifter til å sende hemmelege signal som kunne bety «eg liker deg», eller «gå bort». I riddarkulturen song mannen ofte kjærleiksballadar til si utkåra. Kjærleik var noko høgtideleg og nesten uoppnåeleg, for dei fleste ekteskap var organiserte av foreldra.

Kurtisering handla altså ofte om å velje rett partnar for å få økonomisk tryggleik og høgare sosial status. Derfor var flørting ein viktig del av kulturen i mange samfunn.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Illustrasjon av en kvinne og en mann som holder hender i omgivelser fra gamledager
Illustrasjon av en kvinne og en mann som holder hender i omgivelser fra gamledager

Flørting i ulike kulturar og religionar

Flørting er ikkje likt overalt. Noko som er søtt og hyggeleg i éin kultur, kan verke rart i ein annan. I nokre land held ein augnekontakt lenge, i andre land blir det opplevd som truande eller påtrengande.

I Noreg flørtar ein ofte ganske forsiktig. Kanskje ein sender ein snap med eit hjarte, gir eit kompliment eller dultar tilfeldig borti nokon?

I USA flørtar ein ofte meir direkte. Ein seier rett ut at ein liker nokon, eller spør om dei vil gå på date. I Japan viser ein gjerne interesse gjennom å hjelpe nokon eller vere ekstra merksam. I Midtausten og nokre asiatiske land er det strenge reglar for kontakt mellom kjønn. Flørting kan vere forbode eller regulert av religiøse normer.

Religion og livssyn påverkar også korleis ein flørtar. Det viktigaste er å respektere   kulturen, grensene og verdiane til andre, og å vere klar over sine eigne. Det er heilt greit å vere nysgjerrig, men hugs at ikkje alle tolkar flørting på same måten.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Illustrasjon av et mangfold av mennesker rundt en jordklode som viser kjærlighet til hverandre
Illustrasjon av et mangfold av mennesker rundt en jordklode som viser kjærlighet til hverandre

Til og med dyr flørtar

Det er ikkje berre menneske som flørtar – dyr gjer også det. Til dømes spreier påfuglen ut dei fargerike halefjørene for å vise kor flott han er. Pingvinar gir små steinar i gåve til den dei liker, nesten som når vi gir kvarandre blomstrar!

Hos menneske er flørting meir kompleks, men det handlar framleis om å vise interesse og skape kontakt. Vi bruker språk, kroppsspråk, humor og blikk, og vi tolkar andre sine signal. Likevel har dei aller fleste vaksne menneske tolka signala til andre feil, mange gonger.

For deg som er ung i dag, kan flørting vere å sende ein snap med eit morosamt filter, eller skrive: «Du var skikkeleg god i presentasjonen i dag!» i ei melding. Eller du kan setje deg ved sida av nokon i kantina og spørje om dei vil vere med på kino.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Illustrasjon av to giraffer som klemmer hverandre med kjærlighet
Illustrasjon av to giraffer som klemmer hverandre med kjærlighet

Kva er flørting – og kvifor flørtar vi?

Flørting er å vise at ein liker nokon. Det kan vere eit smil, eit kompliment, ein spøk, ei berøring på armen eller ei hyggeleg melding.

Nokre flørtar fordi dei er forelska, andre flørtar berre for å ha det gøy. Det kan vere leikent og morosamt, men også alvorleg og sårbart. Når ein flørtar, opnar ein seg litt fordi ein er interessert. Då tek ein sjansen på å bli avvist, og det kan vere litt skummelt.

Hugs at flørting er eit kompliment. Dei aller fleste synest det er hyggeleg å vite at det er nokon som liker dei litt ekstra. Dersom den eine ikkje ønskjer kontakt, er det berre å trekkje seg unna. Flørting skal aldri kjennast ubehageleg eller pressande.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Kvifor kan flørting vere vanskeleg?

For mange er flørting vanskeleg og litt skummelt. Kanskje er ein usikker på kva ein skal seie, eller redd for å bli avvist. Slike tankar er heilt vanlege, og dei fleste har kjent på dei.

Nokre synest det er litt ekstra vanskeleg å tolke kroppsspråk eller vite korleis ein skal ta kontakt. Det kan vere vanskeleg å vite om eit smil betyr «eg liker deg» eller berre «eg er vennleg».

Då kan det vere nyttig å seie direkte kva ein tenkjer i staden for å hinte, slik at ein får litt ekstra hjelp til å forstå sosiale kodar.

Det er viktig å hugse at alle er ulike. For nokre er flørting heilt naturleg, andre treng tid og støtte for å lære seg korleis ein viser interesse og byggjer relasjonar. Begge delar er like normalt og like greit.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Illustrasjon av en jente og en gutt. Jenten smiler og vinker, gutten er nervøs, svett og har et spørsmålstegn over hode sitt
Illustrasjon av en jente og en gutt. Jenten smiler og vinker, gutten er nervøs, svett og har et spørsmålstegn over hode sitt

Korleis flørtar ein eigentleg?

Det finst inga oppskrift på korleis ein flørtar. Mange veit akkurat kva dei skal seie. Andre blir nervøse, får høg puls og er redde for å dumme seg ut.

Flørting kan vere så lett som å gi eit kompliment: «Du har alltid så kul stil», eller å smile til nokon og halde augnekontakt litt lenger enn vanleg.

I dag flørtar ungdom ofte digitalt. Ein kan sende snappar med morosame filter, eller kanskje ein skriv «haha» litt ekstra i ein chat, eller bruker emojiar som hjarte og flammar.

Andre flørtar meir direkte. Dei spør om å møtast, eller seier rett ut at dei liker nokon. Men hugs at flørting skal vere vennleg og respektfullt. Dersom den andre ikkje svarer, eller verkar ukomfortabel, må ein trekkje seg tilbake og respektere det.

Vis gjerne interesse, men ver merksam på korleis den andre reagerer.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Illustrasjon av en gutt og en jente som sitter på en benk, de ser på hverandre og smiler
Illustrasjon av en gutt og en jente som sitter på en benk, de ser på hverandre og smiler

Korleis forstår ein om nokon flørtar?

Det kan vere vanskeleg å vere sikker. Nokre smiler mykje og stiller spørsmål, men er eigentleg berre vennlege. Andre kan vere stille og nervøse, men eigentleg veldig interesserte. Likevel finst det teikn som kan tyde på at nokon flørtar: dei ser mykje på deg, smiler når du snakkar, spør kva du liker. Kanskje dei alltid set seg ved sida av deg i klassen eller sender meldingar utan nokon spesiell grunn?

Hugs at folk er ulike. Nokre flørtar med mange, andre berre flørtar med den dei verkeleg liker. Nokre flørtar aldri, sjølv om dei kanskje liker nokon litt ekstra. Dei kan vise interesse på andre måtar.

Spør gjerne om du er usikker: «Kva meinte du med det?» eller «Er du interessert i meg, eller?» Det kan kjennast skummelt, men det er betre enn å gjette og kanskje misforstå.

Om ein synest sosiale signal er vanskelege, kan flørting vere ekstra utfordrande. Då kan ein øve på å tolke situasjonar, bruke rollespel, eller snakke med ein trygg vaksen som kan hjelpe med å forstå kva som skjer.

Kva med denne vesle, humoristiske guiden til korleis ein flørtar?

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Korleis tolkar ein kroppsspråk?

Kroppsspråk er alt vi seier med kroppen, utan å bruke ord. Det kan vere ansiktsuttrykk, rørsler, kvar vi står i forhold til andre, og korleis stemma vår høyrest ut. Eit smil kan bety at ein er glad, men det kan også vere eit nervøst smil. Det er ikkje alltid lett å forstå kroppsspråk, spesielt ikkje om ein er usikker eller har lite erfaring med sosiale situasjonar.

For ungdom kan kroppsspråk vere ekstra vanskeleg. Kanskje enkelte ser ned i bakken og verkar uinteresserte, men eigentleg berre er veldig sjenerte?

Nokre har kanskje eit litt annleis kroppsspråk enn du er van med, og då kan dei bli misforstått. Ein som ikkje smiler så mykje, kan bli oppfatta som sur, sjølv om personen eigentleg berre er konsentrert, nervøs eller fordjupa i sine eigne tankar.

Det er heilt greit å synest at kroppsspråk er vanskeleg. Snakk med ein vaksen du stolar på, eller øv saman med ein lærar eller ein venn.

Og hugs: det er alltid lov å spørje om du er usikker på korleis nokon har det. Det viser at du bryr deg – og det er ein viktig del av god kommunikasjon.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Illustrasjon av to par med øyer som ser på hverandre.
Illustrasjon av to par med øyer som ser på hverandre.

Flørting og å få seg kjærast

Mange drøymer om å få seg kjærast. Kanskje du har kjent på sommarfuglar i magen når du ser nokon du liker?

Å få seg ein kjærast handlar om meir enn berre flørting. Det handlar om å byggje tillit, vise kjensler og å vere ærleg med kvarandre.

Men korleis skal ein vise at ein er interessert? Nokre blir veldig opptekne av éin bestemd person, tenkjer ofte på dei og snakkar mykje om dei. Andre blir redde for å ta kontakt og kan til og med trekkje seg unna. Det er normalt å bli usikker og redd for å gjere feil.

For enkelte kan det vere ekstra vanskeleg å forstå korleis ein skal bli kjæraste med nokon.

Då kan det vere nyttig å bruke rollespel, sjå på døme frå filmar eller bøker eller snakke med ein vaksen som kan hjelpe med å setje ord på det som er vanskeleg.

Å bli kjærastar handlar ikkje om å vere perfekt. Det handlar om å vere seg sjølv, vise respekt og vere open for å lære. Det er også heilt greit å ikkje vere klar for eit forhold, eller å ikkje vite kva ein vil.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Illustrasjon av to hender som skal ta hverandre i hånden med to hjerter over
Illustrasjon av to hender som skal ta hverandre i hånden med to hjerter over

Sosiale kodar kan vere vanskelege

Sosiale kodar er reglar for korleis vi skal oppføre oss saman med andre i ein viss kultur. Det er reglar ein gjerne lærer utan å tenkje over det.

Til dømes seier du sikkert «hei» når du møter nokon, og du forstår når nokon er lei seg, sjølv om dei ikkje seier det. Slike kodar gjer det lettare å vere saman med andre, fordi dei skaper føreseielegheit og tryggleik.

Men for enkelte er det vanskeleg å lære sosiale kodar, og i andre land kan dei ha heilt andre kodar enn oss. I Italia seier ein til dømes ikkje berre «Chao» når ein møter venner, ein kyssar dei også lett på begge kinna.

I skulekvardagen er det gjerne sosiale kodar overalt. Når ein samarbeider i grupper, når ein snakkar med ein lærar, eller når ein skal bli kjende med nye folk. Om du synest dette er vanskeleg, er du ikkje åleine.

Mange treng hjelp til å forstå korleis ein skal oppføre seg i ulike situasjonar. Å lære sosiale kodar er som å lære eit nytt språk, og det er heilt greit å bruke tid på det.

Berre sånn for gøy, kva med å lese “How to make a Norwegian friend?

 

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Illustrasjon av tre personer: En glad med et hjerte, en trist med en tåre på kinnet og en som har en snakkeboble
Illustrasjon av tre personer: En glad med et hjerte, en trist med en tåre på kinnet og en som har en snakkeboble

Flørting og tryggleik

Flørting skal aldri vere ubehageleg, skummelt eller ekkelt. Det skal vere koseleg, spennande og heilt frivillig – for begge partar. Om du kjenner deg usikker, pressa eller forvirra, bør du snakke med nokon du stolar på. Å setje grenser er ikkje å vere vanskeleg, det er å ta vare på seg sjølv.

Av og til kan flørting gå over streken. Kanskje nokon seier noko som kjennest for privat, eller kanskje du får melding frå nokon du ikkje vil ha slike meldingar frå? Du treng aldri å svare om du ikkje har lyst. Du treng heller ikkje å forklare deg, og du har alltid rett til å setje ei grense.

Tryggleik handlar også om å kjenne seg sjølv. Kva liker du? Kva er greit for deg? Sei frå om noko ikkje kjennest rett. Og hugs: det er aldri din feil viss nokre andre går over ei grense. Det er den andre sitt ansvar å respektere deg.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Flørting og identitet

Flørting handlar om kjensler og tiltrekking. Nokre flørtar med personar av same kjønn, andre med motsett kjønn, og enkelte med begge. Nokre veit akkurat kven dei liker, medan andre er usikre eller utforskande. Det er naturleg å vere både nysgjerrig og kanskje litt forvirra, og det er greit å skifte meining.

 

I ungdomstida skjer det mykje – både fysisk og kjenslemessig. Det kan vere fint, men også litt skummelt. Kanskje du kjenner deg annleis enn vennene dine? Då er det ekstra viktig å vite at du har rett til å vere deg sjølv, og at det finst vaksne og venner på din eigen alder som alltid vil støtte deg.

Flørting skal aldri handle om å skjule kven du er. Det er greit å vise interesse og skape kontakt på dine eigne premissar. Du har alltid rett til å seie nei, til å vere usikker, og til å ta ting i ditt eige tempo.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Bakgrunnsbilde fylt av hjerter
Bakgrunnsbilde fylt av hjerter

Det er alltid lov å seie nei – og å ombestemme seg

Sjølv om du har flørta, kyssa eller blitt med nokon heim, betyr ikkje det at du må gjere noko meir. Du har alltid rett til å seie nei, og du har rett til å ombestemme deg. Samtykke betyr at du tydeleg og frivillig seier ja. Om du er usikker, stressa, redd eller påverka av rus, er det ikkje samtykke.

Dette gjeld i alle situasjonar – også mellom kjærastar. Berre fordi ein har vore saman før, eller er det no, betyr det ikkje at ein alltid vil det same. Kjensler kan endre seg, og det er heilt greit. Snakk gjerne med ein vaksen du stolar på, og få hjelp til å setje grenser.

Å seie nei er ikkje å vere vanskeleg – det er å ta ansvar for seg sjølv. Og det er ein styrke.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Kjelder: 

Historienet.no Flørting gjennom historien Lasta ned frå: 

https://historienet.no/kultur/florting-gjennom-historien-ridderkvad-og-hemmelige-viftekoder

Speer, S. (2017). Flirting: A designedly ambiguous action? Research on Language and Social Interaction, 50(2), 128-150. https://doi.org/10.1080/08351813.2017.1301297

VanderMolen, Carolyn (2013) Flirting Style and Sexual Orientation, DePaul Discoveries: Volume 2, Article 14. Hentet fra: https://via.library.depaul.edu/depaul-disc/vol2/iss1/14

Wikipedia: Kurtisering Lasta ned frå: https://no.wikipedia.org/wiki/Kurtisering

Forrige avsnitt

1 / 1

Neste avsnitt
Close Icon

Loading...